Den svarte handa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Ritual korset til Den svarte handa.

Den svarte handa var ein terrororganisasjon skipa i Serbia i 1911.[1] Organisasjonen kjempa for at Bosnia-Hercegovina skulle bli ein del av Serbia, istadenfor Austerrike-Ungarn.[2]

Dei som ville bli medlem av Den svarte handa måtte sverje denne eiden:

« Eg sver ved sola som varmar meg, og ved jorda som gir meg mat, ved Gud, ved blodet til forfedrane mine, på mi ære og på mitt liv, at eg frå denne augnevliknen og heilt til min død vil vere trufast mot lovene til denne organisasjonen, og at eg alltid er villig til eit kva som helst offer. Eg sver ved Gud, ved mi ære og ved mitt liv at eg vil ta alle løyndommane til organisasjon med meg i grava.[3] »

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Black Hand: The Secret Serbian Terrorist Society
  2. Undervegs Historie 9 av Harald Skjønsberg. Gyldendal. ISBN 978-82-05-36062-4 Side 14.
  3. Undervegs Historie 9 av Harald Skjønsberg. Gyldendal. ISBN 978-82-05-36062-4 Side 16.
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.