Den tomme stolen
| Den tomme stolen
|
||
| Forfattar | J.K. Rowling | |
| Sjanger | Vaksen og svart humor/tragikomedie | |
| Utgjeve | 27. september 2012 | |
| Forlag | Little, Brown and Company | |
| Nasjonalitet | Storbritannia | |
| Omsetjar | John Erik Bøe Lindgren | |
| Sider | 512 | |
| ISBN 978140874202 | ||
Den tomme stolen (orig. The Casual Vacancy) er ein roman av J.K. Rowling, gjeven ut av forlaget Little, Brown and Company 27. september 2012 og er på 512 sider.[1][2][3][4] Romanen, som er den fyrste boka til forfattaren etter Harry Potter-serien, er skriven for vaksne lesarar.
Boka vil kome ut på norsk i november 2012 av forlaget Cappelen Damm, som òg har gjeve ut Harry Potter-bøkene.[5] Tom Hollander skal lese inn den engelske lydbokutgåva.[6]
Innhaldsliste |
Handling [endre]
Little, Brown and Company beskreiv handlinga på heimesida deira:
| « | Barry Fairbrother er i byrjinga av førtiåra sine når han heilt uventa døyr, noko som etterlèt den engelske landsbyen Pagford i sjokk. Staden verkar som eit engelsk idyll, med torg lagt med brustein og sitt historiske kloster. Men under den vakre fasaden er det ein by i krig. Det ledige setet Barry etterlèt seg i soknerådet blir snart kjelde til den største konflikten byen har opplevd. Kven vinn valet prega av lidenskap, dobbeltspel og uventa avsløringar?[7] | » |
Karakterar [endre]
The Telegraph publiserte ein guide til 34 av hovudpersonane i boka. [8]
Bakgrunn og utgiving [endre]
Rowling fekk ideen om boka under ei flyreise. Under arbeidet med boka tenkte ho å kalle henne Responsible (Ansvarleg).[9]
Rowlings byrå, The Blair Partnership, annonserte 23. februar 2012 på nettstaden sin at Rowling skulle publisere ei ny bok retta mot vaksne. I ein pressemelding sa Rowling forskjellane mellom sitt nye prosjekt og Potter-serien, og sa «sjølv om eg har hatt gleda av å skrive seriane like mykje, vil den neste romanen min vere svært forskjellig frå Harry Potter-serien.» 12. april 2012, kunngjorde Little, Brown and Company at boken ble kalla The Casual Vacancy (Den tomme stolen) og ville bli gjeven ut 27. september 2012.[10] Rowling var på London Southbank Centre [11] og Cheltenham litteraturfestival.[12]
Omslaget er designa av Jon Gray, som er kjend for å lage hand-skribla omslag for Jonathan Safran Foers Everything Is Illuminated.
Forventningane til var boka enorme, spesielt av Harry Potter-fans. Redaktøren av Harry Potter-nettstaden The Leaky Cauldron seier at «J.K. Rowling er ein meister i historiefortelling, og eg kjem til å lese alle historiene ho skriv.»[13] Til trass for den store mengda fans, meiner Kathryn Fabiani at bokutgivinga virkar «nesten usynleg».[14]
Rowling sa i eit interjuv at ho ikkje trur boka er ei som ikkje passar til å bli filmatisert. [15]
Mottaking [endre]
Kritikk [endre]
Lev Grossman skreiv for Time Magazine i ei positiv vurdering, «Den [boka] er ein stor, ambisiøs, strålande, profan, morsam, djupt opprørande og praktfull veltalande roman om det moderne England, rik med litterær intelligens og full mangel på tull.»[16] Mellom anna The Daily Mirror, The Wall street Journal [17] og lesarar av Associated Press og Daily Beast [18] [19] gav òg ein svært positiv vurdering. Emma Lee-Potter som skriv for Express.co.uk kalla boka «ei svært leseleg, moralsk forteljing for vår tid.» [20]
Fotnotar [endre]
- ↑ littlebrown.co.uk: The Casual Vacancy
- ↑ jkrowling.com: The new book
- ↑ Snitch Seeker: jk rowlings the casual vacancy cover art revealed updated summary
- ↑ Hachette bookgroup
- ↑ Forlagsliv.no: "Hva bør The casual vacancy hete på norsk?"
- ↑ Hachette bookgroup: The casual vacancy
- ↑ Memmott, Carol J. K. Rowling's next book: 'The Casual Vacancy' USA Today, 12. April 2012.}}
- ↑ The Telegraph (September 27, 2012) "JK Rowling: The Casual Vacancy - the cast of caricatures"
- ↑ Schuessler, Jennifer (4 July 2012). "Readers Judge New Rowling Book By Its Cover". New York Times.
- ↑ Little, Brown & Company (2012). "The Casual Vacancy".
- ↑ "J K Rowling launches new novel at Southbank Centre". The Londonist. Retrieved 2 August 2012.
- ↑ "J K Rowling to appear at Cheltenham Literature Festival". BBC News. Retrieved 2 August 2012. for å støtte utgivinga.
- ↑ "J.K. Rowling writes 'Casual Vacancy' for adults" USA TODAY.
- ↑ "J.K. Rowling writes 'Casual Vacancy' for adults" Deirdre Donahue and Craig Wilson, USA TODAY. 8/23/2012
- ↑ J.K. Rowling discusses 'The Casual Vacancy', its potential for film adaptation, and more with USA Today 25.9.2012, Mugglenet,
- ↑ Grossman, Lev. "After "Harry Potter". Time. 27. september 2012.
- ↑ Sutton, Henry. "The Casual Vacancy first review: Verdict on JK Rowling's very adult new novel". Daily Mirror. 28. september 2012.
- ↑ HAJELA, DEEPTI. "J.K. Rowling's debut novel for adults worth a read". Associated Press. 27. september 2012.
- ↑ Jones, Malcolm. "‘The Casual Vacancy’ Review: J.K. Rowling Cuts Loose From Harry Potter". Daily Beast. Retrieved 27 September 2012.
- ↑ Lee-Potter, Emma. "THE CASUAL VACANCY REVIEW: WHY JK ROWLING'S ADULT BOOK IS MAGIC". express.co.uk. Retrieved 28 September 2012.
- Denne artikkelen bygger på «The Casual Vacancy» frå Wikipedia på engelsk, den 28. september 2012.