Den thrakiske sletta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Den trakiske sletta)
Utsyn over byen Sliven og austlege delar av Den thrakiske sletta frå sørlege delar av Balkanfjella

Den thrakiske sletta (bulgarsk Горнотракийска низина, Gornotrakijska nizina) utgjer den nordlege delen av det historiske området Thrakia. Det ligg i dag i sørlege område av Bulgaria mellom fjellområda Sredna Gora i nord og vest; Rodopifjella, Sakar og Strandzja i sør; og Svartehavet i aust. Sletta er eit rikt jordbruksområde med eit areal på 6 032 km² og ei gjennomsnittleg høgd på 168 meter.

Sletta er ein del av Nordlege Thrakia (Северна Тракия, Severna Trakija) (i motsetnad til Vest-Thrakia og Aust-Thrakia i sør), og ligg sør for Balkanfjella, aust for elva Mesta og Sredna Gora. Sletta er derimot ikkje heilt flat og inneheld fleire åsar og lågare fjell.

Klimaet er kontinentalt. Varmerekorden for Bulgaria vart sett her. I 1916 målte Sadovo 45,2 °C. Den normale årsnedbøren er om lag 550 mm. Viktige elvar som renn over sletta er Maritsa, og sideelvane hennar Tundzja, Strjama, Topolnitsa, og Vatsja.

Av store byar finn ein Plovdiv, Burgas, Stara Zagora, Pazardzjik, Asenovgrad, Khaskovo, Jambol og Sliven.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Collective (2002). Balgarska entsiklopediya A-YA. Sofia: IK Trud.