Den transmongolske jernbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tog på den transmongolske jernbanen gjennom Gobi-ørkenen.
Ulan-Ude jernbanestasjon.
Ulan Bator jernbanestasjon.

Den transmongolske jernbane bind saman den transsibirske jernbanen frå Ulan-Ude i Russland med Jining i Kina, via Ulan Bator i Mongolia. Linja blei bygd mellom 1949 og 1961. Ho er stort sett enkeltspora i Mongolia og dobbeltspora i Kina. Sporvidda i Russland og Mongolia er 1520 mm, medan han er 1435 mm i Kina.

Andre viktige stoppestader i Mongolia er Sükhbaatar, Darkhan, Choir, Sainshand og Zamyn-Üüd, medan kinesiske Erenhot er grensestopp der ein endrar sporvidde. Viktige bilinjer går til Erdenet og Baganuur.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Utbygginga av jernbanen i Mongolia tok til seint. Ein tok til å bygga den transmongolske linja i 1947, nådde Ulan Bator i 1950 og den kinesiske grensa i 1955. Før dette hadde dei einaste jernbanelinjene vore korte godslinjer.

Operasjon[endre | endre wikiteksten]

Hjulendring frå mongolsk til kinesisk sporvidde.

Det mongolske jernbaneselskapet Mongolyn Tömör Zam frakter 80 % av alt gods og 30 % av alle reisande i Mongolia. Dei fleste toga har to lokomotiv for å minska sjansen for forseinkingar i det store, sparsamt folkesette landet.

Mongolske og russiske tog bruker sporvidda 1520 mm, medan Kina bruker normalspor med breidda 1435 mm. Kvar gong toga kryssar grensa må dei derfor bytta hjul. Kvar vogn blir løfta og boggiane endra. Dette, saman med toll- og passkontroll, gjer at grensepasseringa kan ta fleire timar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]