Den tredje engelsk-nederlandske krigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaget ved Texel, 11–21. august 1673 av Willem van de Velde, d.y., måla 1683 og syner eit slag i den tredje engelsk-nederlandske krige'.
Engelsk-nederlandske krigar
Første · Andre · Tredje · Fjerde

Den tredje engelsk-nederlandske krigen (engelsk Third Dutch War, «Den tredje nederlandsk krigen»; nederlandsk Derde Engelse Oorlog («Tredje engelske krig») eller Derde Engelse Zeeoorlog («Tredje engelske sjøkrig»)) var ein krig mellom England og Dei sameinte Nederlanda frå 1672 til 1674. Han var ein del av den større fransk-nederlandske krigen. Den engelske Royal Navy gjekk inn på fransk side i striden deira mot Dei sameinte Nederlanda, men klarte ikkje å blokkere den nederlandske kysten på grunn av fire strategiske sigrar for admiralløyntnant Michiel de Ruyter. Engelskmennene hadde òg eit mislukka forsøk på å gjere provinsen Holland til ein engelsk vasallstat. Parlamentet frykta at alliansen med Frankrike var ein del av plan om å gjere England romersk-katolsk, og kongen vart derfor tvungen til å gje opp den dyre krigen utan resultat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.