Den tyske revolusjonen i 1848

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Berlin, 19. mars 1848

Den tyske revolusjonen i 1848 var ein etterverknad av den franske Februarrevolusjonen som fann stad den 22. februar 1848. Nett som under den franske Julirevolusjonen i 1830 spreidde også denne seg fort til Tyskland.

Førehistorie[endre | endre wikiteksten]

I byrjinga av mars gjekk det ei bølgje av protestar over Tyskland, og folk frå alle delstatar kravde politiske endringar. Dei første byane med oppstand var Mannheim og Heidelberg. I Baden tvinga dei revolusjonære kongen til å endre det politiske systemet etter store demonstrasjonar i hovudstaden Karlsruhe.

I Austerrike måtte Clemens von Metternich gå av 13. mars og flykte til England. Den austerrikske keisaren måtte setje inn soldatar for å stoppe ein stor demonstrasjon og innføre pressefridom. Samstundes måtte han love å innkalle ei grunnlovsforsamling.

Oppstandar i Preussen[endre | endre wikiteksten]

Den folkelege suksessen i Wien oppmuntra til uro i Preussen òg. I Köln vart opprøret leidd av Andreas Gottschalck, som kravde pressefridom òg i Preussen. Opprøret i Köln vart slått ned, men bystyret i byen vart så engstelege for nye opptøyar at dei bad sentralregjeringa om å setje i verk reformer.

Kong Fredrik Vilhelm IV av Preussen gjekk etter ei tids nøling med på dette. 18. mars proklamerte kongen at det ville bli innført pressefridom i Preussen. Uheldigvis gjekk den prøyssiske øvstkommanderande i Berlin, von Prittwitz, samstundes hardt til verks mot demonstrantane og opna eld mot folkemengda utanfor palasset. Dette gjorde at reformlovnadane frå kongen mista alt truverde, og det utvikla seg etterkvart eit opprør mot kongen. Kongen måtte snart gje opp og sende von Prittwitz og hæren ut av byen.

Frankfurtparlamentet møtest i 1848
Deputasjonen som tilbaud Friedrich Wilhelm keisarkrona, Berlin den 3. april 1849

Kongen gav tilslutning til ny grunnlov for Tyskland, og 18. mai møttest Tysklands første fritt valde parlament i Frankfurt. Dette vart likevel mislukka, då dei prøvde å gjere kongen i Preussen, Friedrich Wilhelm, til keisar i eit sameint Tyskland. Friedrich Wilhelm nekta å ta imot dette. Dette førde til at dei austerrikske og prøyssiske mandata forlét parlamentet, og dette gjekk då i oppløysing.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]