Den vestsibirske sletta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den vestsibirske sletta sett frå den transsibirske jernbanen utanfor Tatarskaja

Den vestsibirske sletta (russisk За́падно-Сиби́рская равни́на - Zapadno-Sibirskaja pavnina) er ei stor slette som dekkjer dei vestlege delane av Sibir og Russland, mellom Uralfjella i vest og Jenisej i aust, og av dei austlege Sajanfjella og Bajkalfjella i sør. Ho har vorte skildra som det største uavbrotne låglandet i verda, og meir enn 50 % av området ligg under 100 meter over havet.[1]. Sletta dekkjer eit område på om lag 2,6–2,7 millionar kvadratkilometer, som er ein tredjedel av Sibir,[2] og strekkjer seg 2400 km frå nord til sør, frå Nordishavet til foten av Altajfjella, og 1900 km frå vest til aust, frå Jenisej til Uralfjella.

Sletta er delt inn i åtte forskjellige vegetasjonssoner: tundra, skogstundra, nordlege taiga, mellomtaiga, sørleg taiga, subtaiga, skogssteppe og steppe. Talet på dyreartar varierer frå minst 107 i tundraen til 278 eller meir i skogssteppe-regionen.

Vintrane på Den vestsibirske sletta er harde og lange. Klimaet på det meste av slette er anten subarktisk eller kontinentalt. To av dei større byane på sletta er Surgut og Nizjnevartovsk.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Den vestsibirske sletta består hovudsakleg av avleiringar frå kenozoikum og er uvanleg flatt. Om havnivået hadde stige 50 meter ville heile området frå Nordishavet til Novosibirsk vorte lagt under vatn. Mykje av avleiringane på sletta kom som følgje av isdammar som gjorde at elvane Ob og Jenisej rann andre vegen og ut i Kaspihavet, og kanskej òg Aralsjøen. Slette er særs myrlendt og består hovudsakleg av histosoljord og i den trelause nordlege delen histeljord

Sletta er eit av dei største torvområda i verda. Den støre myra her er Vasjuganje, som dekkjer eit område på om lag 50 000 km².

Den sørlege delen av sletta, der det stort sett ikkje er permafrost, er dekt av ei frodig grasslette som er ei forlenging av Den kasakhstanske steppa.

Store regionar på sletta vert råka av flaum om våren og sumpland gjer store delar av området ueigna for jordbruk. Dei største elvane på Den vestsibirske sletta er Ob, Irtysj og Jenisej. Det er mange innsjøar og myrområde, samt store førekomstar av petroleum og naturgass. Mykje av olje- og gassproduksjonen i Russland vart henta frå dette området i 1970- og 1980-åra.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Russia. Vitja 4. november 2008.
  2. 2,0 2,1 Western Siberian Plain. Columbia Encyclopedia. Vitja 4. november 2008.