Den vetle ungarske sletta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den vesle ungarske sletta i Ungarn

Den vetle ungarske sletta eller Vetle Alföld (ungarsk: Kisalföld, slovakisk: Malá dunajská kotlina, tyrks: Kleine Ungarische Tiefebene) er ei slette på om lag 8 000 km² nordvest i Ungarn, sørvest i Slovakia (Podunajská nížinaDet donauske låglandet) og aust i Austerrike. Ho er ein del av Den pannoniske sletta som dekker det meste av Ungarn.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sletta grensar til Karpatane i nord, Bakony-Vértes-åsane (ved Balatonsjøen) i sør, og Wien-bekkenet og Alpane i vest. I Ungarn inkluderer ho det meste av fylka Győr-Moson-Sopron og Vas, og dei vestlege delane av Komárom-Esztergom og Veszprém.

Sletta er om lag delt i to av Donau, som deler seg i fleire greiner mellom Bratislava og Komárno og dannar store øyar. Dei største sideelvane i området er Váh, Rába, Rábca og Marcal.

Vesle Alföld er Hanság, Seewinkel, Neusiedlbekkenet, Rábaköz, Szigetköz, Marcalibekkenet, Mosonsletta, Komárom-Esztergom-sletta og Žitný ostrov.

Naboområda Kemeneshát, Sopron-Vas-sletta og Steirisches Hügelland vert stundom rekna som ein del av Vesle Alföld, men ungarske og austerrikske geografar nyttar uttrykket i ei smalare tyding.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sletta har vore eit viktig jordbruksområde sidan steinalderen. Den sørlege delen av ho høyrte til den romerske provinsen Pannonia mellom 1. hundreåret og 400-talet, og vart seinare busett av tyskarar og slavarar, og sidan om lag 900 av ungararar. Frå om lag år 1000 høyrte området til Kongedømet Ungarn. Etter den første verdskrigen vart Vesle Alföld delt mellom Ungarn, Tsjekkoslovakia og Austerrike. I 1990-åra bygde Slovakia store demningar og vasskraftverk ved Gabčíkovo.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Landegrensene følgjer ikkje dei språklege grensene, særleg gjeld dette nord på sletta der ungarar er ein majoritet i dei to sørlegaste distrikta Dunajská Streda og Komárno og ein minoritet i dei andre distrikta. Det finst òg ei mindre gruppe kroatar nær trestatsgrensa. Viktige byar i området er Győr (UN), Komárom (UN), Komárno (SK), Dunajská Streda (SK), Nové Zámky (SK) og Mosonmagyaróvár (UN).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]