Den yngre Edda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eddautgåve frå 1600-talet.

Den yngre Edda er ei lærebok i skaldskap og mytologi, og blei skrive av Snorre Sturlason kring år 1220. Boka startar med ein prolog, der skapinga av verda og røtene til den heidenske religionen og dei gamle gudane, æsene, vert skildra. Etter prologen blir boka så delt inn i tre delar.

Første del: Gylvaginning[endre | endre wikiteksten]

Det er meininga at «Gylvaginning» skal vera ein slags introduksjon for unge skaldar om dei gamle mytene. Det handlar om møtet den svenske kongen Gylve har med æsene. Svenskekongen Gylve omskapar seg til ein olding og kallar seg Ganglere, som betyr den «gangtrøytte», og vitjar Åsgard i håp om å finne ut alt om dei heidenske gudane og visdomen deira.

I Åsgard møter Gylve Odin, i skapnaden til dei tre gudane Høge (Hár), Jamnhøgde (Jafnhár) og Tredje (Þriði). Gjennom ein samtale får vi vita alt om den norrøne gudelæra. Dei tre gudane fortel oss heile historia si, heilt frå urtida via Ragnarok og inn i den nye tida, og om livet i Åsgard. Men dei tre gudane er berre eit bedrag, og Gylvaginning tyder da au «bedraget av Gylve.» Gylvaginning er i grove trekk basert på kvad frå Den eldre Edda, men nokre stader kan ein oppdaga at Snorre har dikta til litt sjølv.

Andre del: Skaldskaparmál[endre | endre wikiteksten]

I denne delen fortel Snorre oss om bruken og tydinga av skaldediktinga. Han gir ei grundig innføring i diktspråket, og vi høyrer om enkelte myter og eddasagn.

Tredje del: Háttatal[endre | endre wikiteksten]

Denne delen består av diktet «Háttatal» og ei rekke forklaringar. Det er ei videreføring av kvad Snorre dikta til ære for kong Håkon Håkonsson og hertug Skule Bårdsson fyrste gongen han var i Noreg. Ved hjelp av dette diktet demonstrerer au Snorre spennvidda i skaldediktinga; versemålet skiftar frå strofe til strofe. Dette går au fram av tittelen på diktet, «Háttatal» tyder «versemålsrekka».

Sjå au[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]