Denali

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denali/Mount McKinley

Denali eller Mount McKinley er den høgste fjelltoppen i Nord-Amerika, 6 194 meter over havet. Fjellet ligg sentralt i Denali nasjonalpark i fylket Denali Borough i delstaten Alaska i USA. Denali er del av fjellkjeda Alaska Range, ei fjellkjede som strekker seg aust/vest i det sørlege Alaska og inn i Canada.

Toppen av Denali vart nådd fyrste gongen 7. juni 1913 av ei klatregruppe leia av Hudson Stuck. Den fyrste kvinna på toppen av fjellet var Barbara Washburn i 1947.

Delstaten Alaska nyttar namnet Denali på fjellet, medan dei statlege styresmaktene sidan 1897 har nytta Mount McKinley, etter namnet USAs 25. president, William McKinley.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]