Denali nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Denali nasjonalpark ligg i det indre Alaska i området rundt Denali (Mount McKinley), det høgaste fjellet i Nord-Amerika. Nasjonalparken dekker 24 585 km².

Fauna[endre | endre wikiteksten]

Denali er heim til mange av fugleartane og pattedyra i Alaska, inkludert ein solid bestand grizzlybjørn og svartbjørn. Flokkar med reinsdyr vandrar gjennom parken. Tynnhorna sau (Ovis dalli) blir ofte sett i fjellsidene og det er elg i skogane. Det finst også ulv, gråhåret murmeldyr (Marmota caligata), arktisk jordekorn (spermophilus parryii), bever, pipeharer, snøskohare, rev, mår, kanadisk gaupe og jerv i parken.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Denali nasjonalpark