Dengfeng
| Dengfeng | |
|---|---|
| Taoisttempel i Dengfeng. | |
| Styresmakter | |
| Land Provins |
Folkerepublikken Kina Henan |
| Geografi | |
| Flatevidd - By |
1220 km² |
| InnbyggjararEngelsk Wikipedia. - By - folketettleik |
630,000 516,4/km² |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Tidssone | UTC + 8 (UTC+8) |
| Diverse anna | |
| Heimeside: http://dengfeng.gov.cn | |
Dengfeng er eit byfylke i provinsen Henan i det sentrale Kina med om lag 630 000 ibuarar (2005 (overslag)). Eit stort aluminiumssmelteverk ligg i byen.
Byen ligg ved Song Shan, eit av dei fem heilage fjella i Kina. Dette er eit historisk viktig område ved den nedre delen av Huang He-elva, mellom storbyane og dei historiske hovudstadene Luoyang og Zhengzhou.
Det zen-buddhistiske klosteret Shaolin [endre]
Dengfeng er vidkjend for si historiske rolle i utviklinga av den kinesiske kampsporten wushu (betre kjend som kung fu), ettersom det buddhistiske Shaolin-tempelet ligg i dette distriktet (berre 13 km nordvest for byen). Munkeklosteret Shaolin er òg kjent som fødestaden for zen-buddhismen. Zen-buddhismen er i dag særleg utbreidd i Japan.
Det astronomiske observatoriet Guanxing Tai [endre]
Om lag 15 km sørvest for Dengfeng ligg det astronomiske observatoriet Guanxing Tai på tempelanlegget Zhougong Miao. Dette er det eldste observatoriet av sitt slag i heile Kina. Det noverande observatoriet går attende til 1276, men det var observatorium her heilt attende til dagane åt Zhou-dynastiet.
Astronomen Guo Shoujing (1231–1314) konstruerte observatoriet i 1276, i byrjinga av Yuan-perioden. Observasjonene herifrå bidrog til å setja Guo Shoujing i stand til å utvikle ein kalender som samsvarar godt med dagens gregorianske kalender. Berekninga hans av den tida det tek jorda å gå kring sola bomma med berre 26 sekund.