Danmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Denmark)
Kongeriget Danmark

(norsk: Danmark, dansk)

Det danske flagget Det danske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Der er et yndigt land»
Motto
Kongen sitt valspråk: «Forbundne, forpligtet, for Kongeriget Danmark».
Geografisk plassering av Danmark
Offisielle språk Dansk
Hovudstad København
Styresett
Konstitusjonelt monarki
Frederik X
Mette Frederiksen
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
43 094 km² (131.)
1,6 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
5 605 948 (114.)
130,1 /km² (67.)
Nasjonaldag 5. juni
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
257 100 mill. USD (57.)
46 600 USD (25.)
Valuta Dansk krone
Tidssone UTC +1
Telefonkode +45
Toppnivådomene .dk


Danmark er eit land i Nord-Europa. Det er det sørlegaste av dei nordiske og skandinaviske landa, og ligg sørvest for Sverige og sør for Noreg. Danmark har landgrense til Tyskland, og grensar også til Nordsjøen og Austersjøen. Innbyggjartalet er på om lag 5,5 millionar, og hovudstaden er København.

Geografisk utgjer Danmark ei stor halvøy, Jylland, og ei rekkje øyar, der Sjælland, Fyn, Lolland, Falster og Bornholm er dei mest kjende. Kongeriket Danmark femner saman med sjølve Danmark bilanda Grønland og Færøyane.

Danmark er ein velferdsstat med blandingsøkonomi. Levestandarden i landet er høg, og samfunnet er prega av små økonomiske skilnader. Danmark er eit konstitusjonelt monarki med parlamentarisme. Landet vert delt inn i fem regionar og 98 kommunar. Danmark har vore medlem av FN og NATO sidan opprettinga og av EU sidan 1973, men er ikkje ein del av eurosona.

Nasjonalspråket dansk er i stor grad innbyrdes lettfatteleg med norsk og svensk, og har sterke historiske og kulturelle band til dei andre nordiske språka. Om lag 82 % av folkesetnaden, og 90 % av dei etniske danskane, er medlemmer i den lutherske Folkekirken. I 2009 hadde noko over ein halv million danskar utanlandsk opphav, derav om lag halvparten frå andre europeiske land.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Danskar eller daner som etnisk gruppe vart omtalt allereie i antikken. På 600-talet skreiv både den greske historieskrivaren Prokopios og den gotiske historikaren Jordanes om eit folk i nord ved namn «danoi» og «dani». På norrønt vart folket i genitiv fleirtal kalla «danir», som kan tyde noko i retning av «flatlandsfolk». «Dane» er truleg ei avleiing av det indoeuropeiske *dhen-, som tyder «flate, flatt brett».[1]

«Mark» vart i gamalhøgtysk og i gamalengelsk brukt i tydinga «grenseland». Ordet Danmark tydde altså «flatlandsfolkets grenseland» og var avgrensa til dagens Slesvig, altså danenes grenseland til tyskarane i sør.[2] I frankiske riksårbøker (Annales Regni Francorum) vert det foltalt at frankiske utsendingar i 825 møtte kongane deira «på deira land» (in marca eorum).[3] Det vert også fortalt at danene kom «til marken» (ad marcam) for å gå til åtak på saksarane ved elva Eider i den noverande tyske delstaten Schleswig-Holstein i 828.[4]

Av Jordanes får vi inntrykk av at danene høyrte til den gotiske stammen Suetidi og kom frå det noverande Sverige. Dei skal ha drive bort herulane frå landet. Danene vert ikkje nemnde av den romerske historikaren Tacitus i år 98, men han nemnde gotarane (gothones). Dersom danene ikkje eksisterte på 100-talet, og skildringa til Jordanes er riktig, kan danene ha oppstått som etnisk gruppe på 200- eller 300-talet.

Nokre eldre kjelder ymtar om at danene var identiske med «geatarane». Den galliske historikaren og biskopen Gregorius av Tours skildra på 600-talet korleis kongen over danane, Chochilaisus, vart drepen i året 515 under eit sjøslag langs den frankiske kysten.[5] Gregorius kallar kongen for ein dane (dani), men i Beowulf vert han omtalt som ein konge over geaterane under namnet Hygelac. I Liber Monstrorum er han kalla «rex Getarum»,[6] og i Liber historiae Francorum vert han kalla «rege Gotorum».[6] Problemet med denne identifiseringa er at andre kjelder som Prokopius og Jordanes skil mellom geaterane og danane. Lærde strir seg imellom om den etniske identiteten til geaterane, og det episke diktet Beowulf' kan ikkje ukritisk brukast som historisk kjelde.

Etterkvart som ordet «mark» gjekk over til å tyde heile landet, og ikkje berre det noverande Slesvig, vart dessutan namnet «Danmark» brukt om alle folka i området, uavhengig av etnisk tilhøyrsle.

Populært vert det sagt at ordet «Danmark» første gong vert nemnt på Jellingesteinen omkring år 985. Danmark (Denamearc) var likevel nemnt allereie rundt 890 av nordmannen Ottar i den gammalengelske krønika Orosius, i forteljinga om reisa hans frå Skiringssal i Vestfold til Hedeby.[7] I vidareforteljinga til Alfred av England frå om lag same tid – skildringa til Wulfstan frå Hedeby av skipsferda si frå Hedeby eller Slesvig og inn i Austersjøen, vert Langeland, Låland, Falster og Skåne omtalt som ein del av Danmark (Þas land call hyrað to Denemearcan, «alle desse landa høyrer til Danmark»). Like etter 908 skreiv den austfrankiske krønika Regino av Prüm om eit folk «frå Danmark» (ex Denimarca) som gjekk til åtak på det noverande Nederland frå nord.[8] Eit diplom frå 965 som tilhøyrde Otto I skildrar eit bispedømme som ligg in marca vel regno Danorum.[8][9][10]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Dansk geografi.
52,6 % av landarealet i Danmark utgjer dyrka mark, slik som her i Karlebo.[11]

Danmark er det minste og sørlegaste av dei nordiske landa, like nord for sitt einaste naboland, Tyskland, sørvest for Sverige og sør for Noreg. Danmark er rekna som eit skandinavisk land, sjølv om det ikkje høyrer til den skandinaviske halvøya. Vest for Danmark ligg Nordsjøen, mens Austersjøen ligg i søraust. Mellom Danmark og Sverige ligg Øresund og Kattegat, mens Skagerrak skil Danmark frå Noreg.

Danmark utgjer halvøya Jylland og 443 namngitte øyar. Per 2009 er 72 av desse busette,[12] og dei største er Sjælland, Vendsyssel-Thy og Fyn. Øya Bornholm ligg aust for resten av landet i Austersjøen.

Landskapstypar og geologi[endre | endre wikiteksten]

Møns Klint er den høgste kalkklippen i Danmark, og fell opp til 120 meter ned i havet.

Det danske landskapet er prega av flatt, mildt lågland, med bakkar, kalkklippar og sanddyner. Men det finst også mange område med bakkelandskap. På Jylland finst mellom anna Rebild bakker i Rold Skov og området rundt Skamlingsbanken i sønderjylland. Landskapet sør-aust for Silkeborg i retning Horsens og Skanderborg inneheld dei høgste bakkane i Danmark, som Ejer Bavnehøj, Møllehøj, Yding Skovhøj og Himmelbjerget. Også områda Svanninge Bakker og De Fynske AlperFyn er prega av markante bakkar. Møns Klint på øya Møn er den største naturattraksjonen i Danmark.

Geologisk utgjer mesteparten av Danmark unge avleiringar frå krit-, tertiær- og kvartærtida. Dei fleste bergartane er lause, og høgdedraga i landet er danna ved at isbrear under siste istid skauv dei lause bergartane saman i haugar og rygger. Over øyane, Jylland og utover i Nordsjøen går det ein grunnfjellrygg, Fyn–Ringkøbing-ryggen. Denne dannar vidare skilet mellom den nordlege og sørlege delen av Nordsjøen, og det er vidare i bassenget sør for denne ryggen eller i rifta midt i Nordsjøen at dei danske petroleumsførekomstane ligg.[13]

Vatn og vassdrag[endre | endre wikiteksten]

Danmark har om lag 65 000 opne vasslaup. Omtrent halvparten av desse er naturlege, mens resten er kunstig opparbeidde grøfter og kanalar.[14] Den lengste elva i Danmark er Gudenå, på omtrent 160 km. Andre større danske elvar er Odense Å, Vidå, Skjern Å og Suså.

Det er totalt 1 032 namngitte innsjøar i Danmark med eit samla areal på ca. 700 km². Djupast er Furesø med 36 m, mens Arresø er størst i areal med 39,5 km². Blant dei andre større danske innsjøane er Esrum sø, Stadil Fjord, Mossø, Saltbæk vig og Tissø.

Danmark har ei rekkje fjordar, sjølv om denne nemninga vert langt vidare brukt på dansk enn på norsk. Limfjorden er kanskje den mest kjende, og er eit 180 km langt sund som bind Nordsjøen (i Danmark ofte kalla Vesterhavet) saman med Kattegat. Andre kjende danske fjordar er Roskildefjorden og Ringkøbingfjorden.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Danmark har eit temperert klima. Sidan landet ligg ved Nordsjøen nyte det godt av nærleiken til Golfstraumen, og har relativt sett kjølige somrar med middeltemperaturar på omkring 16 °C og milde vintrar med middeltemperaturar på omkring 0,5 °C. Danmark har også ein del vind, spesielt om vinteren.[15] Haustmånadene september til november har mest regn med eit syttitals mm kvar, mens februar er månaden med minst nedbør med normalt 38 mm.[16]

Det er berre mindre regionale skilnader i klimaet innanlands i Danmark. Temperaturane endrar seg lite frå stad til stad, men ligg noko lågare i områda lengst vekk frå havet. Om sommaren har Sydsjælland og Lolland-Falster dei høgste middeltemperaturane. I kystnære strøk er skilnaden mellom sommar og vinter mindre på grunn av den utjamnande verknaden frå havet. Også nedbøren er relativt stabil frå stad til stad; mens områda ved Storebælt har minst med ca. 500 mm årleg har de sørlege delane av Midtjylland mest med noko over 900 mm.[15]

Flora og fauna[endre | endre wikiteksten]

Nyutsprungne bøketre i Grib Skov på Nordsjælland.
Foto: Malene Thyssen.

Geologisk sett har det gått kort tid sidan siste istid, noko som inneber at utviklinga av artar ikkje er avslutta. Dessutan sett topografien vilkåra innanfor små avstandar. Og endeleg er det jordsmonnet som sett føresetnadene for plantevekst på ein gitt stad. I tillegg til alt dette må ein sjå påverknaden frå tusenår med jordbruk og snart 150 års industrialisering med alt dette har meint for vilkåra til floraen.

Grunnleggjande høyrer likevel Danmark til i eit stort område som strekkjer seg frå Atlanterhavet og heilt inn til Ural, der den potensielle vegetasjonen er blanda lauvskog. Danmark har ikkje urskog, men Draved skov og Suserupskovene er naturskogar der den menneskelege påverknaden har vore minimal. Dersom ein vil oppleve korleis det danske landskapet har sett ut før landbrukstida, må ein reise til Białowieżaskogen i det austlege Polen.

Når ein ser bort frå sanddyner, innsjøar, elvar og havskrentar, er resten av naturen i Danmark i røynda eit samanhengande kulturlandskap der alt er resultatet av tilsikta og utilsikta menneskeleg påverknad. Det gjeld biotopar som mose, eng, hede, beite, åker og dyrka skog og elles naturlegvis parkar og hagar. Samansetjinga til floraen utgjer derfor eit sett moglegheiter som er skapt av naturvilkåra og nokre avgrensingar som vert sett av aktivitetane til menneska. I tillegg til det direkte presset frå dyrking og ureining råkar utbygginga av infrastrukturen floraen for ei stadig meir omfattande oppsplitting i område som vert haldne åtskilt og som vert gradvis mindre. Det medfører at spreiing og vedlikehald av genpuljar innanfor ein art vert gradvis meir ugjerleg. Dette er den eigentlege bakgrunnen for at mange artar er truga eller utdøydde i Danmark.[17]

Landmerke og geografiske ytterpunkt[endre | endre wikiteksten]

Inntil 1847 trudde ein at Himmelbjerget (147 moh.) var det høgste punktet i Danmarks. Staden er framleis ein populær utfartsstad.
Foto: Thomas Bredøl

Det nordlegaste punktet i Danmark er Skagens odde (Skagens nordstrand) på 57° 45' 7'' nordleg breidd, det sørlegaste er Gedser odde (Falsters sørspiss) på 54° 33' 35'' nordleg breidd, det vestlegaste Blåvandshuk på 8° 4' 22'' austleg lengd, og det austlegaste Christiansø (Østerskær) på 15° 11' 55'' austleg lengd.

Det lågaste punktet i Danmark er Lammefjord med –7,5 moh. Høgst ligg Møllehøj 170,86 moh, følgt av Yding Skovhøj (170,77 moh), dernest Ejer Bavnehøj (170,35 moh). Det kjende Himmelbjerget ligg 147 meter over havet.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Per 1. januar 2009 hadde Danmark ifølgje offisiell statistikk 5 427 459 innbyggjarar. Med eit areal på 43 094 km² gir det ein folketettleik på 127,9 innbyggjarar per kvadratkilometer. Folketalet har jamt over stige sidan 1970-talet, med unntak av ein periode på starten av 1980-talet.[18]

Folkegrupper[endre | endre wikiteksten]

91,6 % av folkesetnaden er av dansk opphav, mens 452 095 personar er innvandrarar og etterkomarane deira. Innvandrarane (inklusive etterkomarane) kjem først og fremst frå andre nordiske land (41 306), Storbritannia (12 000), Tyskland (25 444), Polen (13 509), Bosnia-Hercegovina (20 875), andre land i det tidlegare Jugoslavia (23 968), Tyrkia (54 859), Somalia (16 948), Irak (26 351), Iran (14 289), Libanon (22 232), Afghanistan (10 876) og Pakistan (19 301).

Språk[endre | endre wikiteksten]

Christian IIIs bibel danna grunnlaget for den danske rettskrivinga.

Danmark har eitt offisielt språk – dansk. Dansk er eit nordgermansk språk, som har felles opphav med islandsk, færøysk, norsk og svensk. Desse språka byrja å spalte seg på 800-talet, og frå kring år 1100 var gamaldansken vorte distinkt ulik frå andre nordiske språk. Frå kring 1550 snakkar ein om nydansk, då inntoget av boktrykkjarkunst gjorde at ortografien vart standardisert. Den standardiserte danske rettskrivinga tok utgangspunkt i språket i Christian IIIs bibel. Frå 1700-talet pratar ein om yngre nydansk. I det nittande og tjuande hundreåret har dansk ortografi vore relativt konservativ, med det resultat at talespråket har flytta seg eit godt stykke bort frå skriftspråket.[19]

Dansk utgjer mange dialektar. Desse var i grove trekk ferdig utvikla på 1300-talet, og dansken nådde si maksimale dialektspalting kring år 1700. Sidan den gongen har dialektane vore på stadig tilbaketog, og no pratar berre 5 % av danskane dialekt. Danske dialektar vert delt inn i tre hovudgrupper:

  1. Austdansk (gamle skånske dialektar, bornholmsk)
  2. Øydansk (sjællandsk, fynsk, dialektane på øyane i sør)
  3. Jysk

Desse hovudgruppene kan igjen delast inn i finare undergrupper. Til dømes vert jysk delt inn i austjysk, sørjysk og vestjysk, og eventuelt også nordjysk. Spesielt skil vestjysken seg frå øydansken, og har mellom anna ingen skilnad mellom grammatiske kjønn i tradisjonell tyding, her heiter det både ein hus og ein bil. Særskilt for sør- og vestjysk er også framstilte artiklar (æ hus i bestemt form).[20]

Den standarddanske skriftforma vert kalla rigsdansk eller rigsmål. Denne tek utgangspunkt i språket i København-området, og vert fastsett av Dansk Sprognævn. Riksdansken er totalt dominerande i det offentlege samfunnslivet, og det vil i dag vere utenkjeleg for til dømes toppolitikarar å prate brei dialekt slik vestjyden Knud Kristensen gjorde då han var statsminister så seint som på slutten av 1940-talet. Dialektdauden har mellom anna ført til at eldre verk skrivne på dialekt – mellom dei Steen Steensen Blichers jyske historier og songar – i dag er praktisk talt uleselege for yngre danskar.[21]

I Nordslesvig har Danmark ein tysktalande minoritet. Dei språklege rettene til det tyske mindretalet er verna gjennom København-Bonn-erklæringane frå 1955. Erklæringane vernar på tilsvarande måte det dansktalande mindretalet i Sydslesvig.[22] Det bor også nokre titusen færøysk- og grønlandsk-talande i Danmark, i tillegg til minoritetar som talar språk som urdu, arabisk og tyrkisk.

Danske skuleelevar vert introduserte for første framandspråk (engelsk) frå 4. klasse. På sjuande trinn startar andre framandspråk som valfag med eit timetal på alt 11 veketimar over tre år. Andre framandspråk er obligatorisk for opptak til danske gymnas og har vidaregåande laup der.[23]

Religion[endre | endre wikiteksten]

Roskilde domkyrkje har vore gravstad for danske kongelege sidan 1400-talet. I 1995 vart den ein del av Verdsarvlista til UNESCO.
Foto: Mariusz Paździora

Danmark gjekk over til kristendommen frå 960-åra då Harald Blåtann lét seg døype, og i laupet av 1200-talet var overgangen heilt fullført. Sidan reformasjonen i 1536 har evangelisk-luthersk kristendom vore statsreligion, og landet har hatt full religionsfridom sidan grunnloven kom i 1849.

Den danske kyrkja vert kalla Folkekirken, og har monarken som øvste leiar. I det daglege vert kyrkja likevel styrt av kyrkjedepartementet ved kyrkjeministeren, per februar 2010 Birthe Rønn Hornbech. Folkekyrkja er delt inn i 11 bispedøme (dansk: «stift»), derav eitt på Grønland. 1. januar 2023 hadde Folkekyrkja 4 276 271 medlemmer, noko som utgjer 72,1 % av den danske folkesetnaden.[24] Om lag tre prosent av dei nominelt kristne går regelmessig i kyrkja.[25][26]

Den nest største religiøse gruppa i Danmark er muslimane, som med 210 000 personar utgjer 3,7 % av folkesetnaden. Den muslimske folkesetnaden i Danmark er eit resultat av innvandring i nyare tid, og er konsentrert om dei største byane. Andre religiøse grupper i Danmark femner katolikkar (37 000 personar), Jehovas vitne (14 500), serbisk-ortodokse kristne (7 000), baptistar (5 100), pinsevener (5 100), buddhistar (4 400) og mormonarar (4 500).[25]

Historie[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Dansk historie.

Frå forhistorie til vikingtid[endre | endre wikiteksten]

Den største avJellingsteinane, som kong Harald Blåtann fekk utforma til minne om far sin, Gorm den Gamle, Danmarks første konge, og mora si, har vore kalla Danmarks dåpsattest grunna inskripsjonane som mellom anna fortel at Harald Blåtann kristna danane.
Foto: Sven Rosborn

Dansk forhistorie starta på framsida av innlandsisen som byrja å trekkje seg attende nordpå for ca. 15 000 år sidan i samband med ei klimaendring. På dette tidspunktet levde reinsdyrsjegerar her og dei vart avløyst av andre jegerfolk som ernærte seg av jakt og fiske i fleire tusenår. For ca. 6 000 år sidan vart steinalderen sakte avløyst av den yngre steinalderen. Rundt 1800 f.Kr. vart denne igjen avløyst av bronsealderen[27] og 500 f.Kr. byrja jernalderen.

Allereie på slutten av jernalderen, omtrent på i 700-talet, kan det ha eksistert ei sterk dansk sentralmakt, som det kolossale forsvarsverket Dannevirke i Sønderjylland og KanhavekanalenSamsø kan vere «prov» på. Likevel meiner dei fleste moderne historikarar nok at Danmark som geografisk område snarare er å sjå på som ein del av det frankiske riket i denne perioden. Forhistoria slutta med vikingtida, då danske og norske vikingar byrja å herje og handle i det meste av det kontinentale Europa og Dei britiske øyane. Dei danske vikingane tok til å krevje inn såkalla danegeld i England, som var ein skatt kongar i England måtte betale til danekongen for å unngå plyndringar. Danske og skandinaviske vikingar hadde ei stormaktsrolle i Europa i det meste av vikingtida på grunn av mellom anna den sterke flåten av snøggrodde vikingskip som kunne gå opp dei store elvane, og på grunn av den måten dei gjekk til åtak på.

Danmark i mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Den danske historia vert innleidd på 700-talet då dei første skriftlege kjeldene byrjar å omtale tilhøva i landet. Slik sett er vikingtida ein overgangsfase mellom forhistoria og den danske mellomalderen som vart ein periode, der kontakten med resten av Europa vart stadig viktigare. Tre tilhøve vog tungt; freistnadene til kongane på å auke makta si innanriks, freistnadene deira på å utvide maktområdet utanriks og striden med Hansaforbundet. Maktkampen innanriks stod først mellom stormennene på den eine sida og kongemakta på den andre. Seinare vart det til ein strid mellom kyrkja og kongemakta. Utanriks prøvde ein å skape og halde fast ved eit et Austersjørike, noko som kulminerte i Kalmarunionen av 1397. Samarbeidet med Hansaforbundet var naudsynt i høve handel, men også eit konstant økonomisk problem. Dette bysamskipnaden fekk stor innverknad på sambandet til Danmark og var i periodar den reelle makta i landet.

Reformasjon og einevelde[endre | endre wikiteksten]

Danmark-Noreg måtte avstå dei danske landsdelane i Skåneland og dei norske lena Trondheim og Bohus til Sverige. Med raudt: Halland var allereie avstått til Sverige for ein periode på 30 år. Med gult: Landsdelane Skåneland og Bohus len. Med fiolett: Landsdelar som gjorde opprør og vendte tilbake til dansk styre i 1660.

Renessansen innebar eit markant skilje i Danmarks historie særleg fordi reformasjonen vart ein del av endringa. Kongane inndrog kyrkjegodset og stod på den bakgrunnen sterkt overfor adelen, men ein stor del av rikdommen vart brukt til krigføring. Mest tydeleg er dette eksemplifisert i renessansekongen Kristian IV. Han fekk oppført mange vakre bygningar rundt i landet, men leid alvorlege nederlag ved å ta del i Trettiårskrigen i Tyskland. Den vidare kampen med Sverige medførte nederlag på nederlag med stadige tap av territorium, først øyane i Austersjøen, seinare også danske kjerneprovinsar som Skånelandene ved Freden i Roskilde i 1658.

Sviket til adelen under Karl Gustav-krigane gav von for eit statskupp der kong Fredrik III velta den gamle forfatninga og innførte eineveldet med stønad frå borgarskapen. Ein ny embetsadel voks fram med gunsten frå kongane og borgarane i byane fekk etter kvart auka innverknad. Landet var prega av den kulturelle påverknaden frå Frankrike og av den tyskprega forvaltninga til kongane. Med opphevinga av stavnsbandet og seinare med andre reformer innanfor landbruket fekk landet ein økonomisk framgang. Framgangen vart avbrote då engelskmennene tok den danske flåten. Dette og Københavns bombardement tvang Danmark i armane på Napoleon, mens Sverige allierte seg med England. Med freden i Wien i 1815 vart unionen mellom Danmark og Noreg oppløyst. Forut for dette kom statsbankerotten i 1813, men likevel vart perioden ei oppgangstid for t.d. dansk filosofi, dikt- og biletkunst (gullalderen).

Demokrati, industrialisering og verdskrigar[endre | endre wikiteksten]

Etter freden i Wien utgjorde det danske monarkiet kongeriket og hertugdøma Slesvig, Holstein og Lauenborg og dessutan koloniane. Slesvig har vore eit dansk len med både dansk- og tysktalande folkesetnad, mens Holstein og Lauenburg var tyske len og dermed medlemmer av det tyske forbundet. Tysksinna i stenderforsamlingane i Slesvig og Holstein ønskte eit sterkare samband til Tyskland. Den danske politikken derimot var splitta mellom den konservative Heilstatspolitikken og den nasjonalliberale Ejderpolitikk. Heilstatsfolka ville ivareta den dansk-tyske heilstaten med den danske kongen som hertug i Slesvig og Holstein. Ejderfolka ville sameine Slesvig med Danmark i ein dansk nasjonalstat. Tyske og danske nasjonalliberale stod kvarandre imot. Spørsmålet var om Slesvig skulle vere dansk eller tysk. Dette førte til eit opprør mot Danmark og den første slesvigske krig. Då Danmark fekk stønad frå England og då utviklinga til krigens fall ut til dansk føremon, vart status quo oppretta på nytt. I London-protokollen frå 1852 måtte Danmark love å ikkje knytte Slesvig eller Sønderjylland nærare til kongeriket enn Holstein. I samband med revolusjonane i Europa i (1848) fekk Danmark ei fri og demokratisk styreform i 1849.

Den grunnlovgivende forsamling den 23. oktober 1848. Måleri av Constantin Hansen.

Dei underliggjande skiljelinene var likevel ikkje fjerna og i 1864 braut den andre slesvigske krigen ut. No hadde ikkje landet engelsk stønad, skandinavismen førte heller ikkje til militær hjelp og den danske hæren leid ei rekkje audmjukande nederlag spesielt i kampane ved Dybbøl. Resultatet vart tapet av hertugdøma inkludert den dansktalande delen av Slesvig. Dermed var Danmark blitt ein fullstendig dansk småstat.

Kring 1870 kom industrialiseringa i gang i Danmark og vart sett i verk ved at ein la til eit tett nett av jernbane-, ferje- og fraktbåtsamband mellom landsdelane. Samtidig innebar oppsvinget i landbruket at kjøpekrafta auka hjå folkesetnaden på land. Og ettersom oppdelinga medførte eit overskot av menneske, fekk dei næringsdrivande i byane ein kjærkomen reserve av billeg arbeidskraft. Å huse alle desse nye innflyttarane skjedde svært tilfeldig og ei rekkje epidemiar herja København og dei større provinsbyane. Takka vere kloakksystem, skiping av skular og utbygging av helsevesenet fekk ein etter kvart kontroll over sjukdommane. På arbeidsmarknadsfronten lukkast det å dempe uroa ettersom det danske arbeidsmarknaden i samband med Storkonflikten i 1899 fekk avtalen sin der fagrørsla godtok retten til å leie og dele inn arbeidet og arbeidarane fekk rett til å organisere seg.[28]

Danmark heldt seg utanfor første verdskrig og levering av utstyr til dei krigførande landa gav arbeid og inntekt til mange. Etter kvart fekk kvinnene i 1915 også stemmerett.[29] Det tyske nederlaget i 1918 medførte ei folkeavrøysting slik at Nordslesvig ved Slien vart sameint med Danmark igjen, men vilkåra for avrøystinga innebar at det vart skipa eit tysk mindretal i Danmark og eit dansk i Tyskland. Den økonomiske krisa i 1930-åra førte med seg massearbeidsløyse, men også betring av «samfunnets støtter» til dårleg stilte. Med atterreisinga av dei europeiske stormaktene kom det igjen fart i produksjonen i Danmark og ved krigsutbrotet i 1939 var dei fleste optimistiske. Sjølv om Danmark vart okkupert i 1940 vidareførte landet si eiga regjering inntil 1943, men det oppstod etter kvart ei så sterk motstandsrørsle at landet kunne teljast med av dei allierte landa som oppretta SN i 1945.[30] Den 17. juni 1944 erklærte Island seg som sjølvstendig nasjon og dette vart godteke av den danske regjeringa i 1945.

Etterkrigstida[endre | endre wikiteksten]

Margrethe II vart dronning i 1972. Ho vart med det den første regjerande dronninga av Danmark, då kvinner først fekk arverett til trona i 1953.
Foto: Trine Jacobsen

I åra etter var Europa delt, både ideologisk og etter landegrenser. Frykta for Sovjetunionen førte til at Noreg og Danmark valde å melde seg inn i NATO i 1949. Det gav samtidig landet tilgang til Marshallplanen som var meint som ein stønad til atterreising av dei europeiske landa. Det skapte gode tider i landet og kommunismen mista etter kvart taket på dei breie lag av folkesetnaden. Storpolitisk var situasjonen fastlåst og det gav svært få moglegheiter for manøvrering i dansk utanrikspolitikk, men på det økonomiske området var det rom for endringar. I laupet av 1960-åra kom ein i gang med drøftingane om dansk deltaking i EF (seinare EU) og i 1972 stadfesta ei folkeavrøysting opptakinga av Danmark til fellesskapen.[31] Ved fleire seinare høve vart samarbeidet utvida trinnvis.[32]

Etter den kalde krigen[endre | endre wikiteksten]

jernteppet fall i 1989, Tyskland vart samanført i 1990 og Sovjetunionen vart oppløyst vart det i dei følgjande åra skapt heilt nye vilkår for dansk utanrikspolitikk som vart langt meir aktiv:[33] Dette inneber støtte til dei baltiske landa, utvidinga av NATO, auka integrering i EU og militær deltaking i aksjonar på Balkan, i Afghanistan og Irak.[34][35] I fleire bølgjer fekk landet ei sterk straum av utlendingar som kom dels som flyktningar og dels som innvandrarar.[36] I starten vart det sett på som eit reint praktisk problem å huse og integrere menneska frå framande kulturar, men etter kvart viste det seg at innvandringa skapte enkelte problem. Diskusjonen om kva politisk line ein skulle leggje i innvandringsspørsmålet prega særleg folketingsvalet i 2001, men er stadig vekk eit aktuelt debattema med høg temperatur i dansk politikk.

Politikk og administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Danmark er eit konstitusjonelt monarki, og det politiske systemet i landet tek utgangspunkt i grunnlova i landet av 1849, seinare revidert tre gonger. Sidan revisjonen i 1953 har Danmark hatt eit parlamentarisk eittkammersystem. Som i andre parlamentariske demokrati vert maktfordelingsprinsippet følgt, og §3 i grunnlova sett rammene for dei tre statsmaktene: den utøvande makta, som ligg hjå monarken; den lovgjevande makta, som ligg hjå monarken og Folketinget i sameining; og den dømmande makta, som ligg hos domstolane. Sjølv om den lovgjevande makta formelt sett vert delt mellom parlament og monark er likevel rolla til monarken i praksis å underteikne dei lovene som Folketinget vedtek. Den utøvande makta er også berre formelt hjå monarken, og etter det såkalla «systemskiftet» i 1901 har monarken utpeikt ministrar med basis i den politiske samansetjinga til Folketinget.

Statsoverhovud og regjering[endre | endre wikiteksten]

Som eit konstitusjonelt monarki har Danmark ein monark som statsoverhovud. Monarken er formelt leiar for den praktiserande makta, noko som i praksis vert gjort gjennom at monarken, tronfølgjaren og regjeringa møtest til statsråd ein gong i månaden. Sidan Påskekrisa i 1920 har desse måtane berre hatt ein seremoniell funksjon, og monarken blandar seg ikkje inn i dei politiske avgjerslene. Sidan 1972 har dronning Margrethe II vore dansk monark.

På vegner av monarken vert den utøvande makta leidd av ein statsminister, som også er regjeringssjef. Regjeringa treng inkje aktivt fleirtal i Folketinget, men må gå ved mistillitsforslag. Tradisjonelt har Danmark hatt mindretalsregjeringar som har fått støtte frå parti utanfor regjeringa. Den noverande regjeringa blei danna 3. oktober 2011 gjennom ein koalisjon av Socialdemokraterne, Det Radikale Venstre og Sosialistisk Folkeparti støtta av Enhedslisten med Helle Thorning-Schmidt som statsminister.

Folketinget[endre | endre wikiteksten]

Folketingssalen på Christiansborg slott.

Den reelle lovgjevande makta i Danmark ligg hjå parlamentet, som sidan 1953 har hatt eitt kammer – Folketinget. Før denne tida hadde landet også eit overhus, Landstinget. Folketinget har 179 medlemmer, der 175 kjem frå sjølve Danmark. Dei siste fire plassane vert delt mellom representantar valde frå Færøyane og Grønland. 135 av Folketingsmedlemene vert valde i høvestalval i 10 valområde, og inndelinga følgjer D'Hondt-metoden. Desse vert kalla kretsmandat. Dei resterande 40 mandata er såkalla tilleggsmandat, som ver delt inn etter Sainte-Laguë-metoden mellom parti som har anten 1) fått minst eitt kretsmandat, 2) har fått minst like mange stemmer som den gjennomsnittlege mengda gyldige stemmer i minst to av tre landsdelar, eller 3) fått minst to prosent av stemmene på landsbasis.[37]

Folketinget vert leidd av eit presidium på ein leiar og fire nestleiarar. Sidan valet i 2007 har Thor Pedersen (V) vore leiar av Folketinget.

Folketinget held til på Christiansborg slott i det sentrale København, saman med Højesteret og Statsministeriet.

Politiske parti[endre | endre wikiteksten]

Danmark har eit fleirpartisystem, og ved valet i 2007 vart åtte parti representerte i Folketinget (i tillegg til to grønlandske og to færøyske parti). Dei fire mest tradisjonsrike partia i Danmark er Venstre, Socialdemokraterne, Det Konservative Folkeparti og Radikale Venstre.

Venstre er det største partiet i Danmark, og har sidan 2001 hatt regjeringsmakta i samarbeid med Det Konservative Folkeparti. Førstnemnde er eit sentrum-høgre-parti, og er det klart leiande partiet på ikkje-sosialistisk side. Det vert leidd av statsminister Lars Løkke Rasmussen. Det Konservative Folkeparti er som namnet ymtar basert på konservatisme, og vert leidd av Lene Espersen.

Det største partiet på venstresida er Socialdemokratiet, leidd av Helle Thorning-Schmidt. I perioden 1924-2001 var sosialdemokratane det største partiet i Danmark, og hadde også dei fleste regjeringane. Partiet har sterke historiske band til Landsorganisasjonen i Danmark, sjølv om desse ikkje lenger formelt har samband.

Til venstre i Folketinget står Socialistisk Folkeparti, leidd av Villy Søvndal. Desse svarar til omtrent det norske SV. Enda lenger til venstre i Folketinget er Enhedslisten, eit valsamarbeid mellom Danmarks Kommunistiske Parti, Venstresocialisterne og Socialistisk Arbejderparti.

Dei to sentrumspartia representert i Folketinget er Liberal Alliance og Det Radikale Venstre. På den høgreradikale sida står Dansk Folkeparti, leidd av Pia Kjærsgaard. Sistnemnde spring ut av Fremskridtspartiet, som tidlegare hadde tilsvarande rolle i dansk politikk.

Folketingsmandat, 2007-
Parti Partileiar Mandat
Venstre, Danmarks Liberale Parti (V) Lars Løkke Rasmussen 34
Socialdemokraterne (A) Mette Frederiksen 47
Dansk Folkeparti (O) Kristian Thulesen Dahl 37
Socialistisk Folkeparti (F) Pia Olsen Dyhr 7
Det Konservative Folkeparti (C) Søren Pape Poulsen 6
Det Radikale Venstre (B) Morten Østergaard 8
Enhedslisten, de rød-grønne (Ø) Kollektiv ledelse 14
Liberal Alliance (tidlegare Ny Alliance) (Y) Anders Samuelsen 13
Tjóðveldi Høgni Hoydal 1
Sambandsflokkurin Kaj Leo Johannesen 1
Siumut Hans Enoksen 1
Inuit Ataqatigiit Juliane Henningsen 1

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Regionar i Danmark og Kommunar i Danmark.

Danmark er delt inn i fem regionar og 98 kommunar. Regionane vart danna i 2007, og erstatta 13 fylke (dansk: «amt»). Til same tid gjekk det føre seg ei omfattande kommunesamanslåing der 270 kommunar vart slegne saman til 98 større einingar.

Kvar region vert styrt av eit 41 medlemmer stort regionsråd, dersom politiske leiar har tittelen regionsrådsformand. Den klart viktigaste oppgåva til regionane er å organisere helse- og sosialvesenet. Regionane driv ikkje inn skatt på eigenhand, men er finansierte via staten og kommunane.

Kommunane i Danmark fekk tildelt fleire ansvarsområde i reforma i 2007, og dei aller fleste kommunane har over 20 000 innbyggjarar. Kvar kommune vert leidd av eit kommunestyre (dansk: «kommunalbestyrelse»), som vert valt kvart fjerde år. Kommunestyra vert leidd av ein ordførar (dansk: «borgmester»), som anten vert vald direkte av veljarane eller av kommunestyret. Kommuneadministrasjonane vert leidd av ein kommunaldirektør.

I tillegg er Færøyane og Grønland ein del av kongeriket Danmark. Desse har begge utstrekt sjølvstyre i Det danske Riksfellesskap, men har ikkje ein sjølvstendig utanrikspolitikk.

Regionar[endre | endre wikiteksten]

Kart-
farge
Region Adm.senter Areal (km²) Folketal
Kart over regionar i Danmark
Kart over regionar i Danmark
██  Region Nordjylland Aalborg 3&503&7933.32&7 933,32 3&505&580515&580 515
██  Region Midtjylland Viborg 3&504&13124.34&13 124,34 3&506&1247732&1 247 732
██  Region Syddanmark Vejle 3&504&12206.17&12 206,17 3&506&1199667&1 199 667
██  Region Hovedstaden Hillerød 3&503&2561.27&2 561,27 3&506&1662285&1 662 285
██  Region Sjælland Sorø 3&503&7273.21&7 273,21 3&505&821252&821 252

Kjelde: Danmarks Statistik, Statistisk Årbog 2009[18]

Riksfellesskapet[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til det Danmark som ligg i Skandinavia høyrer også dei to sjølvstyrte områda Grønland og Færøyane til gjennom Riksfellesskapet. Områda høyrer ifølge §1 i grunnlova til Kongeriket Danmark og deler derfor grunnlov og statsoverhovud med Danmark. Dei to områda har likevel begge si eiga regjering leidd av høvesvis ein Landsstyreføremann (Grønland) og ein Lagmann (Færøyane). Færøyane fekk indre sjølvstyre i 1948 og Grønland i 1979. Dei to områda er likevel ikkje fullt ut uavhengige, t.d. skal folkeskulane i tillegg til det lokale språket undervise i dansk, begge område mottek subsidiar (blokktilskot) frå Danmark og utanriksforhold vert som hovudregel handsama av regjeringa i København.

Forsvars- og utanrikspolitikk[endre | endre wikiteksten]

Danske MP-soldatar. Danmark er ein nær alliert av USA, og deltok mellom anna i Invasjonen av Irak og Krigen i Afghanistan.

Det danske forsvarsbudsjettet for 2010 hadde ei total ramme på ca. 23 milliardar danske kroner,[38] og forsvarsutgiftene utgjer dermed 1,06 prosent av BNP.[39] Det danske forsvaret utgjer de fire våpengreinene Hæren, Hjemmeværnet, Søværnet og Flyvevåbnet. Danmark har verneplikt for menn, men langt frå alle må avtene plikten – kven som må inn vert avgjort via loddtrekning på sesjon. Kvinner (og mennene som «vann» loddtrekkinga) kan velje å avtene frivillig militærteneste.[40] Årleg avtener om lag 6 500 unge danske kvinner og menn militærteneste. Tenestetida er på fire månader.[41]

Danmark vart med i NATO ved opprettinga i 1949. Etter slutten på den kalde krigen har landet spelt ei aktiv rolle i internasjonale operasjonar, mellom anna i invasjonen av Irak, krigen i Afghanistan, Kosovo (KFOR) og Libanon (UNIFIL).

I 1973 vart Danmark med i det dåverande EF (føregangaren til EU), men danskane har sidan vist seg å vere noko lunkne til den europeiske integrasjonen. I 1992 stemte det danske folk nei til Maastricht-traktaten. Danskane har heller ikkje slutta seg til Eurosystemet, etter at 53,2 % stemte imot i ei folkerøysting i 2000.

Danmark er mellom dei 51 landa som har vore med i SN allereie frå skipinga av SN-pakta i 1945. Danskane er også aktive i det nordiske samarbeidet i Nordisk Råd, og NATO, EU, FN og Norden utgjer dei fire hovudpilarane i dansk utanrikspolitikk. Danmark er i tillegg med i ei rekkje andre internasjonale organisasjonar, slik som Verdsbanken, Det internasjonale pengefondet, Verdshandelsorganisasjonen, Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa, Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling og Europarådet.

Flagg, symbol og ordenar[endre | endre wikiteksten]

Det danske Dannebrog er eit av dei eldste flagga i verda, og er vorte brukt sidan slutten av 1300-talet.

Flagget til Danmark kallast Dannebrog, og skal etter legenda ha falle ned frå himmelen under eit av slaga til Valdemar Sejr i Estland. Det vert rekna som det eldste flagget i Europa i ubroten bruk. Dannebrog er eit tradisjonelt nordisk krossflagg, og tente mellom anna som inspirasjon til det norske flagget.

Det danske riksvåpenet er samansett av tre gåande, blå løver med raude tunger og er krona med gylne kroner. Det eldste dokumenterte bruket av riksvåpenet er frå regjeringstid under Knut VI i 1190. Den siste større endringa av riksvåpenet kom i 1819, då den norske løva vart teken ut.

Elefantordenen er den høgste utmerkinga i Danmark. Ho vert til vanleg berre delt ut til kongelege og statsoverhovud. Deretter kjem Dannebrogordenen. Av dei militære danske medaljane er Forsvarets Medalje, Forsvarets medalje for Tapperhed, Medaljen for udmærket lufttjeneste og Forsvarets Hæderstegn for god tjeneste.

Sambandet til Noreg[endre | endre wikiteksten]

Danmark og Noreg har alltid hatt tette politiske og kulturelle band. Allereie i norrøn tid var danskekongane reelle herskarar over Noreg i lange periodar, og spesielt Oslofjordområdet var lenge under dansk overherredømme.[42] Med Kalmarunionen, som var innstifta av dronning Margrethe i 1397, kom heile Noreg under utanlandsk overherredømme, og etter unionsoppløysinga i 1536 vart Noreg i praksis ein dansk provins. Frå innføringa av eineveldet i 1660 vart heile Danmark-Noreg gjort til ein einstaka stat, samtidig som riket i større grad vart sentralstyrt frå København. Unionen mellom Danmark og Noreg varte heilt fram til 1814, då kong Fredrik VI som ein tapande part i Napoleonskrigane måtte avstå Noreg til Sverige igjennom Kielfreden.

På 1800-talet stod skandinavismen sterkt i Norden, og i 1848 deltok norske friviljuge på dansk side under den første slesvigske krig. Under den andre slesvigske krig femten år seinare vart danskane likevel overlatne til seg sjølv av svenskane og nordmennene, til store protestar frå norsk åndsliv med Bjørnson og Ibsen i spissen. I 1876 gjekk Noreg med i den skandinaviske myntunionen, noko som gjorde at dei tre nordiske landa hadde felles omløp av setlar og mynt fram til kring første verdskrig. Norsk litteratur var på denne tida også prega av strøymingar frå Danmark, mellom anna med Georg Brandes som ei stor inspirasjonskjelde for Ibsen, Kielland og Lie. Riksmålsrørsla til Bjørnson, som vart oppretta i 1907 som ein reaksjon på stiftinga av Noregs Mållag året før, gjorde ein energisk innsats for å halde norsk skriftspråk så nært dansk som mogleg. Riksmålet og den dansk-norsk språk, såkalla «dannet dagligtale» har klare røter i dansk.

Danmark og Noreg vart begge okkuperte av Tyskland under andre verdskrig. I etterkrigstida har landa hatt eit nært og godt samband, og samarbeider mellom anna forsvarspolitisk gjennom NATO. Danmark og Noreg er også viktige handelspartnarar, og i 2007 var den samla verdien av Noregs totale vareeksport til Danmark på kring 19 milliardar norske kroner. Dette gjorde Danmark til Noregs sjette største eksportmarknad. Viktige varer Noreg eksporterer over Skagerrak er råolje, elektrisitet, fisk, halvfabrikat og verkstadprodukt. Danske turistar er på si side viktige for norsk turistnæring, og danskane utgjorde i 2006 nesten 14 % av alle utanlandske ferie- og fritidbesøkjande til Noreg.[43]

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Vindmølleindustrien har stadig vorte ein viktigare del av dansk økonomi. Med ein eksport i 2009 på 41,7 milliardar danske kroner stod vindkrafta for 8,5 % av den samla danske eksporten.[44]
Danmark er ein petroleumsnasjon, og produserte i 2008 16,7 millionar kubikkmeter olje og 8,9 milliardar normalkubikkmeter naturgass.
Fiskebåt i Løkken. Danske fiskarar fanga i 2008 knappe 700 000 tonn fisk, men overfiske og dertil lågare kvoter har gjort at totalfangsten er meir enn halvert sidan år 2000.

Danmark har ein blandingsøkonomi med stor grad av frihandel, og levestandarden er over gjennomsnittet i Europa. Landet hadde i 2007 eit BNP på 311,6 milliardar amerikanske dollar (197,3 milliardar USD justert for kjøpekraftsparitet).[45]

Ifølgje Verdsbanken har Danmark den mest fleksible arbeidsmarknaden i Europa, og det er enkelt både å tilsetje ny arbeidskraft og å nedbemanne. Denne politikken vert kalla «flexicurity». Den danske arbeidsstokken tel omtrent 2,9 millionar mann, og pr. desember 2009 var arbeidsløysa på 7,4 % – om lag 2,5 prosentpoeng under EU som heile.[46] Målt i part av folkesetnaden som har høgare utdanning har danskane den best utdanna arbeidsstyrken i verda.[47]

Danmark har det høgste skattenivået i verda, og for personar i dei høgste inntektsgruppene kan skatteprosenten kome opp i 62,3 (inkludert 8 % trygdeavgift). Toppskatten slår inn ved inntekter over 347 200 danske kroner. Det er også skatt på finansinntekter slik som aksjeutbytte, her varierer skatteprosenten mellom 28 og 45.[48]

Dansk krone (valutakode: DKK, vert igjen delt inn i 100 øre) har vore valuta i Danmark sidan 1874. Gjennom Den europeiske vekslingsmekanismen er den danske krona tett knytt mot euroen, og vekslingskursen ligg alltid på omtrent 7,45 kroner per euro. Dette oppnår ein ved å leggje pengepolitikken svært tett opp imot politikken til den Den europeiske sentralbanken.[49] Danmark møter krava som skal til å ta del i eurosamarbeidet, men i ei folkerøysting i september 2000 valde folket med knapp margin å behalde krona.

Økonomiske nøkkeltal Verdi % av BNP År, kjelde
BNP (Verdsbanken) 275,2 mrd US$ 2006, Verdsbanken
BNP (vekst) 0,6% Q3 2007, The Economist nov 2007
Industriproduksjon –1,4% Q3 2007, The Economist nov 2007
Konsumprisar 2006 1,9 % 2006, Eurostat (europa.eu)
Konsumprisar 2007 1,2% Q3 2007, The Economist nov 2007
Renter 3 mnd 2006 3,18 % 2006, Eurostat (europa.eu)
Renter 3 mnd 2007 4,80% Q3 2007, The Economist nov 2007
Børsindeks 1.jan-7.mai 2008 –8,3% The Economist mai 2008
Arbeidsløyse 3,1% Q3 2007, The Economist nov 2007
Handelsbalanse 12 mnd 4,2 mrd $ Q3 2007, The Economist nov 2007
Betalingsbalanse 12 mnd 4,3 mrd $ 1,5% Q3 2007, The Economist nov 2007
Utviklingshjelp –2,04 mrd US$ 2005, UNDP Database
Budsjettbalanse 3,8% 2007, The Economist nov 2007
BNP per innb 47,641 US$ 2005, UNDP Database

Naturressursar[endre | endre wikiteksten]

Danmark hadde i 2008 ei samla innvinning av mineralske råstoff på ca. 40 millionar kubikkmeter. Hovuddelen av desse er sand, stein og grus, som vert brukt i bygg- og anleggssektoren. Danmark er også ein petroleumsnasjon, med ein produksjon i Nordsjøen som i 2008 var på 16,7 millionar kubikkmeter olje og 8,9 milliardar normalkubikkmeter naturgass. Tempoet på oljeutvinninga er likevel søkkande, og med kjende reservar av olje- og naturgass på høvesvis 200 millionar m3 og 7,1 milliardar Nm3 vil Danmark ikkje lenger vere sjølvforsynt kring 2020.[50]

I det danske jordbruket dominerer kornartane kveite og bygg. Det årlege utbyttet av desse har lege på om lag 9 millionar tonn sidan 1990-talet. Av rotfruktene har likevel den årlege hausten gått ned frå kring 12 millionar tonn i 1990 til 4 millionar tonn i 2008. Av fisk – hovudsakleg tobis, brisling, sild, blåskjel, kolmule og atlanterhavstorsk – fanga danske fiskarar i 2008 knappe 700 000 tonn; overfiske og dertil lågare kvotar har gjort at totalfangsten er vorte meir enn halvert sidan år 2000. I skogbruksnæringa i Danmark vart det i 2008 avverka ca. 2,37 millionar m3. Kring 80 % av dette var barskog.[50]

Bankvesen[endre | endre wikiteksten]

Danmarks Nationalbank held til i eit bygg i København oppført 1965-1971 ved Arne Jacobsen.

Den danske sentralbanken kallast for Danmarks Nationalbank, og vart grunnlagt i 1818 for å bringe orden i økonomien etter Statsbankerotten i 1813. Sentralbanken vart fullt ut uavhengig i 1936, og utviklar pengepolitikken uavhengig av regjeringa og Folketinget. Hovudoppgåva til banken er å oppretthalde ein stabil valuta og dessutan å regulere pengesirkulasjonen og kredittmarknaden.[51]

Dei første danske bankane oppstod på 1700-talet, men det var først på midten av 1800-talet det vart fart i det private bankvesenet. På denne tida oppstod Privatbanken, Den Danske Landmandsbank og Kjøbenhavns Handelsbank; tre forretningsbankar som kom til å dominere dansk bankvesen fram til 1990. På sida av forretningsbankane oppstod det også ei mengd spare- og andelskassar. Desse retta seg mot private hushald, handverkarar og landbrukssektoren, og hadde opphavleg ein langt meir moderat og konservativ profil enn dei store bankane. I laupet av 1960-talet minska skiljet på bankar og sparekassar, og frå 1975 forsvann dei juridiske avgrensingane på verksemda til sparekassane.[52]

Dei største bankane i Danmark er Danske Bank, FIH Erhvervsbank, Jyske Bank, Nordea Bank Danmark, Nykredit og Sydbank.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Storebæltsbroen bind saman øyane Fyn og Sjælland, og har ein ÅDT på kring 24 000.
MS «Crown of Scandinavia» er ein av «danskebåtane» som går i fast trafikk mellom Noreg og Danmark.

Det danske vegnettet vert delt inn i statsvegar og kommunevegar. Lengda på førstnemnde var pr. 1. januar 2008 på 3 817 km, og de høyrer administrativt innunder det danske Vejdirektoratet. 45% av vegtrafikken i landet vert avvikla på statsvegane, sjølv om desse berre utgjer 5 % av det samla vegnettet i landet. Dei danske kommunevegane høyrer til dei 98 kommunane i landet, og har ei total lengd på knappe 70 000 km. Danmark har også grovt rekna 24 000 km med privateigde fellesvegar. Av statsvegane har 1062 km status som motorveg, og halvparten av desse har minst fire køyrefelt.[53]

Fem europavegar går gjennom Danmark: E20 (EsbjergØresundbrua), E39 (HirtshalsAalborg), E45 (FrederikshavnPadborg), E47 (HelsingørRødby) og E55 (Helsingør–Gedser).[53]

Danmark fekk si første jernbanestrekning i 1847 då Vestbanen opna mellom København og Korsør. Seinare har det danske jernbanenettet vakse til å ha ei total sporlengd på 3 240 km, med om lag 2 700 daglege tog og 38 000 daglege tilkomstar og avgangar. Meir enn 170 millionar passasjerar vert årleg transportert på det danske jernbanenettet.[54]

Det danske jernbanenettet vert styrt og heldt ved like av Banedanmark. Nettet er berre delvis elektrifisert, og dette fører til at hovudparten av intercity-toga framleis vert drivne av diesel, også på elektrifiserte strekningar. DSB (tidlegare Danske Statsbaner) er det statlege danske jernbaneselskapet, og desse har det operative ansvaret for offentleg passasjertrafikk i landet. Verksemda til DSB femner også om S-toga, som er lokaltognettverket i København og omlandet. Øresundsbanen, mellom København og Malmö i Sverige, vert operert av dotterselskapet DSBFirst. Med Københavns metro, opna 2002, har også Danmark fått tunnelbane.

Dansk sivil flytrafikk er underlagt Statens Luftfartsvæsen (SLV). Landet har åtte flyplassar med rutetrafikk, der Københavns lufthamn (Kastrup) og Billund lufthamn er dei største. Staten driv også Bornholms lufthamn, og det er dessutan tre flyplassar på Grønland og på Færøyane med internasjonal trafikk. Den danske staten eig 14,3 % av det fellesnordiske flyselskapet Scandinavian Airlines System.[55]

Sjøfart har alltid vore ein viktig del av den danske økonomien. Den danske handelsflåten femner 500 skip på til saman 10 millionar dwt, og har ein gjennomsnittleg alder på ca. sju år.[56] Som ein øynasjon har Danmark også eit omfattande ferjenettverk, både innanriks og utanriks. Mellom Noreg og Danmark er det ferjesamband på strekningane FrederikshavnOslo (Stena Line), HirtshalsKristiansand, Hirtshals–Larvik og København–Oslo.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Turistar i Danmark omsette i 2006 varer og tenester for 72,6 milliardar danske kroner, omtrent likt fordelt mellom danske og utanlandske turistar. Feriereisande stod for omtrent 23 av denne omsettinga. Turismen i Danmark skaper direkte og indirekte omtrent 127 000 arbeidsplassar og står for omtrent 3,9 % av den samla verditilveksten i landet. Ferierande frå nabolanda Tyskland, Noreg og Sverige står til saman for 23 av omsettinga i den danske turistnæringa.[57]

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Kalender og heilagdagar[endre | endre wikiteksten]

Danmark har sidan 1. mars 1700 brukt den gregorianske kalenderen.

Danske offisielle heilagdagar følgjer av heilagdagane til Folkekyrkja. Desse er i hovudsak samanfallande med heilagdagar i Noreg, med det unntak at Danmark også har Bededag fjerde fredag etter påske. Grunnlovsdagen den 5. juni er ikkje lenger offentleg fridag, mens 1. mai berre er fridag for nokre grupper. Som i Noreg er det eigentleg halv dag før heilagdagar (julaftan og nyårsaftan), men dei fleste danskane har likevel fri desse dagane.

Forsking[endre | endre wikiteksten]

Niels Bohr fann mellom anna opp skalmodellen for atomet. Han er den mest kjende naturvitskapsmannen frå Danmark, og vann Nobelprisen i fysikk i 1922.

Den offentlege finansierte forskinga i Danmark står for ca. 11 000 årsverk, og mesteparten vert finansiert direkte over statsbudsjettet. I 2008 var denne potten på omtrent 15 milliardar danske kroner, derav 55 % gjekk direkte til universiteta. Dette gjer at offentlege tildelingar til forsking og utvikling ligg på kring 0,9 % av BNP. Utgiftene frå næringslivet til forsking og utvikling var i 2007 tilsvarande 1,9 % av BNP, og omfatta nærare 20 000 årsverk. Dei viktigaste forskingsområda, målt i delar vitskapelege stillingar, var til same tid medisin og naturvitskap.[58]

Danske vinnarar av Nobelprisen i medisin er Niels Ryberg Finsen (1903), August Krogh (1920), Johannes Fibiger (1926), Henrik Dam (1943) og Niels K. Jerne (1984). I fysikk har Niels Bohr (1922) og Aage Niels Bohr og Ben Roy Mottelson (1975) vunne prisen, mens Jens Christian Skou vann i kjemi i 1997.

Eldre notable danske forskarar av er mellom anna fysikaren Hans Christian Ørsted og astronomane Tycho Brahe og Ole Rømer.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Aarhus Universitet er den nest største høgare utdanningsinstitusjonen i Danmark. Universitetet er kjent for sin unike arkitektur, med eit funksjonalistisk campus påbyrja i 1931 leidd av arkitektane Kay Fisker, C.F. Møller, Poul Stegmann og C.Th. Sørensen.

Den danske folkeskolen utgjer ein eittårig barnehageklasse, ein niårig grunnskole og ein eittårig friviljug 10. klasse. Frå skuleåret 2009/10 har barnehageklassen vore obligatorisk, slik at Danmark har ti års obligatorisk skolegang. Undervisningsplikta i Danmark byrjar det året barnet fyller seks. Den offentlege skulen vert supplert av såkalla frie grundskoler og efterskoler, som vert finansiert delvis av det offentlege og delvis gjennom brukarbetaling.[59]

På vidaregåande skule-nivå (dansk: gymnasiale uddannelser) finst det fire liner. Tre av desse (stx, hhx og htx) er treårige, mens det fjerde (hf) er toårig og tenkt for dei som har det ekstra, friviljuge året i grunnskulen. Alle dei fire linene fokuserer på førebuingar til høgare utdanning, men med noko ulikt fagleg fokus. Kvar skole tilbyr også ei rekkje studieretning- og valfag innanfor kvar line.[60] Attmed vanleg vidaregåande skule finst det også yrkesfagleg utdanning (dansk: erhvervsuddannelse), som er svært praktisk retta og individuelt tilpassa interessene og ferdigheitene til den einskilde eleven.[61]

Høgare utdanning i Danmark vert kalla for videregående uddannelse. Med Københavns Universitet, Aarhus Universitet, Syddansk Universitet, Aalborg Universitet, Roskilde Universitetscenter, IT-Universitetet og Danmarks Tekniske Universitet har landet sju universitet, i tillegg til ei rekkje høgskular. Høgskulane som tilbyr fleire utdanningar vert omtalt som CVU, Center for Videregående Uddannelse. All offentleg utdanning i Danmark er gratis.[62]

Videregående uddannelse kan delast inn i tre hovudretningar: korte, mellomlange og lange utdanningar. De korte utdanningane varer stort sett i to år, og er ofte innanfor fag som økonomi, helsefag, IT, design og teknologi. Dei mellomlange er ofte yrkesretta, og går over tre til tre og eit halvt år. Dei fleste mellomlange utdanningane har praksis under delar av studieløpet, og fører som oftast fram til ein professionsbachelor. Døme på mellomlange utdanningar er sjukepleie, ingeniør, lærar og journalist. Dei lange utdanningsløpa går over fem til seks år og er av teoretisk karakter. Desse vert som regel undervist ved universiteta, og utgjer ei treårig bachelorgrad og ei toårig kandidatutdanning (sistnemnde svarar tilmastergrad i Noreg). Døme på dei lange utdanningane er lege, tannlege, sivilingeniør og høgare grader i humaniora og naturvitskap.[62]

Massemedia[endre | endre wikiteksten]

Danmarks Radio (DR) er allmennkringkastar i Danmark. Dei har hovudkvarter i DR Byen i København.

Danmark har grunnlovsfesta presse- og ytringsfridom, og i 2009 hamna Danmark på førsteplass på organisasjonen pressefridomsindeksen til Reporterar utan grenser.[63]

Danske dagsaviser femner Morgenavisen Jyllands-Posten, Berlingske Tidende, Politiken, Ekstra Bladet, Dagbladet Information og B.T.. Av vekeavisene kan nemnast Weekendavisen og den engelskspråklege The Copenhagen Post. Gratisavisa metroXpress har sidan lanseringa i 2001 teke den danske mediamarknaden med storm, og er pr. 2009 den mest lesne avisa i landet på kvardagar.[64]

Danmarks Radio (DR) er allmennkringkastar i Danmark. DR er lisensfinansiert, og står bak TV-kanalar som DR1, DR2 og DR Update. DR har også fire landsdekkjande radiokanalar: P1 som den «seriøse» nyhende- og debattkanalen; P2 som ein kanal for smal kultur som klassisk musikk og jazz; P3 som ein kanal for underhalding og populærmusikk; og P4 som ein paraply for lokalradioen til DR.

DR-konkurrenten TV 2 vart skipa i 1988, og er den mest populære TV-kanalen i landet. TV 2 er reklamefinansiert, og er som DR statseid. Den danske TV-marknaden vert dominert stort av DR og TV 2, og andre kanalar (som TV3 og SBS' Kanal 4, Kanal 5 og 6'aren) er små jamførte.

Danmark har eitt nasjonalt nyhendebyrå i Ritzaus Bureau.

Helse[endre | endre wikiteksten]

Rigshospitalet er det mest kjende sjukehuset i Danmark. Det er ein etterfølgjar av Det kongelege Frederiks Hospital, oppretta 1759.

Alle som bur i Danmark har rett til offentleg finansierte helsetenester. Dette spenner frå gratis behandling hos allmennlegar til tilskot til ting som medisinar, tannlegehjelp og fysioterapi. Danmark har også ei offentleg reisesjukeforsikring. Danmark har fritt sjukehusval, og pasientane kan også på nokre vilkår få dekt behandling på private eller utanlandske sjukehus.[65] De danske regionane har ansvaret for drifta av sjukehusa og for praktiserande legar, psykologar, kiropraktorar o.l., mens kommunane har ansvaret for heimesjukepleie, behandling av rusmisbrukarar, haldningsskapande tiltak og enkelte administrative oppgåver.[66]

Gjennomsnittleg levealder for danske menn er 76,3 år, mens det for kvinner er 80,7 år. Levealderen i Danmark har gjennomgått til dels kraftige variasjonar i etterkrigstida. Mens levealderen i 1960 var blant de høgste i verda, fall talet til eit av dei lågaste i Vest-Europa i følgjande tiår. Seinare har levealderen likevel auka igjen, og i perioden 1999-2009 har gjennomsnittleg levealder auka med 2,6 år for menn og 3,0 år for kvinner.[18]

Kreftsjukdommar står for ein fjerdedel av alle dødsfall i Danmark, og til saman 55 % av alle dødsfall skuldast anten kreft eller hjarte- og karsjukdommar. Mengda dødsfall som følgje av hjartesjukdommar har gått ned dei seinare åra, mens mengda døde av kreft har hatt motsett utvikling.[18]

Mengda registrerte danskar som lever med HIV/AIDS var i 2006 på 4746 personar. Talet på HIV-positive har vore relativt stabilt sidan midten av 1990-talet, mens mengda som er vorte diagnostisert med AIDS har gått ned i same periode.[67]

Sivile organisasjonar[endre | endre wikiteksten]

Den friviljuge sektoren er stor i Danmark, og omtrent ein tredjedel av folkesetnaden utfører friviljug arbeid. Den største parten av desse er sysselsette i idrettslag (11 % av folkesetnaden), mens nest størst er friviljuge lag i lokalsamfunnet og organisasjonar innanfor helse og sosial (begge på ca. 6 % av folkesetnaden). Dei fleste som deltek i friviljug arbeid bruker mellom 10 og 15 timar i månaden på dette arbeidet.[68]

På grunn av eit manglande sentralt register over friviljuge organisasjonar er det noko usikkert kor mange slike organisasjonar det er i Danmark. I ei omfattande registrering av sivile organisasjonar i Fyns amt i 2004 vart det likevel registrert 5764 lokale og regionale samskipnader, 600 sjølveigde institusjonar og 582 allmennyttige fond, og om desse tala er representative for Danmark som heile har landet kring 65 500 samskipnader, 6800 sjølveigde institusjonar og 6600 allmennyttige fond. I tillegg kjem knapt 3000 landsorganisasjonar.[69]

Dansken Fredrik Bajer vann i 1908 Nobels fredspris. Han leidde ei rekkje sosiale reformrørsler og -organisasjonar, og var mellom anna ein av initiativtakarane for Det internasjonale fredsbyrået.

Urbanitet[endre | endre wikiteksten]

København den største byen i landet, og femner med nærområdet over 1,1 millionar innbyggjarar.

Ein stadig større del danskar bur i byar. 4,8 millionar, eller 87 % av folkesetnaden, bur pr. 2009 på stader med meir enn 200 innbyggjarar. Over halvparten av folkesetnaden – 56 % – bor i ein av dei 63 byane i Danmark med meir enn 10 000 innbyggjarar, mens 30 % bor i småbyar med mindre enn 10 000 innbyggjarar. Delen danskar som bur i landdistrikt har gått noko ned den siste tiårsperioden, frå 15 % i 1999 til 13 % i 2009.[70]

Danmarks heilt klart mest urbaniserte område er det såkalla Hovedstadsområdet, som inkluderer hovudstaden København og nabokommunane Frederiksberg, Albertslund, Brøndby, Gentofte, Gladsaxe, Glostrup, Herlev, Hvidovre, Lyngby-Taarbæk, Rødovre, Tårnby og Vallensbæk, i tillegg til byane Ishøj og Greve Strand og delar av Ballerup, Søllerød og Værløse. Dette området har nesten 1,2 millionar innbyggjarar, noko som svarar til 21 % av den samla folkesetnaden i Danmark.[70]

Danmarks største byområde
# Namn Region Innbyggjartal 2009
1 Hovudstadsområdet (København og nære distrikt) Region Hovedstaden 3&506&1167569&1 167 569
2 Århus Region Midtjylland 3&505&239865&239 865
3 Odense Region Syddanmark 3&505&158678&158 678
4 Aalborg Region Nordjylland 3&505&122461&122 461
5 Esbjerg Region Syddanmark 3&504&71025&71 025
6 Randers Region Midtjylland 3&504&59842&59 842
7 Kolding Region Syddanmark 3&504&56249&56 249

Kjelde: Nyt fra Danmarks Statistik 6. april 2009[70]

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Design[endre | endre wikiteksten]

Arne Jacobsens «Ægget»
Den verdskjende danske diktaren Hans Christian Andersen

Designaren Georg Jensen (1866-1935) laga både smykke og anna kunsthandverk.

Særleg i etterkrigstida hadde dansk design ei høg stjerne internasjonalt. Scandinavian design var eit kvalitetskjenneteikn, og Lunningprisen var av dei høgste utmerkingane innan stilretninga. Arkitekten Jørn Utzon (1918-2008) er mest kjend for Operahuset i Sydney, mens arkitekten og møbeldesignaren Arne Jacobsen (1902-1971) laga både stolar, lamper og hus.

Litteratur og skriftkultur[endre | endre wikiteksten]

Det første litteraturen i Danmark stammar frå nedskrivingar av segn og folkeeventyr ein kjenner frå 1100-og 1200-talet. Ein del av den første danske litteraturen er derfor også dei islandske sagaene og Snorre Sturlasson, fordi den nordiske kulturarven og forteljarkunst var lik på dette tidspunktet. Absalons krønikeskriver frå 1100-talet, Saxo Grammaticus, er den første store danske forfattaren, sjølv om han skreiv på latin. Noko dansk litteratur er kjent frå mellomalderen elles, men først i laupet av den gryande opplysningstida byrja den danske litteraturen for alvor med komediane til Ludvig Holberg, som er like aktuelle i dag. Som forløpar for romantikken kan nemnast Johannes Ewald og Jens Baggesen. Den internasjonalt best kjende dansken er nok forfattaren H.C. Andersen, som byrja å skrive i romantikken og som er kjend for sine eventyr som Den lille Havfrue og Den stygge andungen. I samband med litteraturkritikken frå Georg Brandes og «det moderne gjennombrudd» vart forfattarane Henrik Pontoppidan og J.P. Jacobsen dei som bestemte moten. Henrik Pontoppidan vann elles saman med Karl Adolph Gjellerup Nobelprisen i litteratur i 1917, den same æra skulle etter andre verdskrig gå til ein av dei viktigaste danske forfattarane i det 20. hundreåret, Johannes V. Jensen.

Andre kjende danske forfattarar er Søren Kierkegaard, Gustav Wied, Martin Andersen Nexø, Tom Kristensen, Karen Blixen og Peter Høeg.

Folklore[endre | endre wikiteksten]

It Hundrede I Vduaalde Danske Viser av Anders Sørensen Vedel (1591, populært kalla «Hundreviseboka») er det eldste tilfellet av systematisk innsamling av danske folkeminne, og var også første gong mellomalderballadar kom på trykk i Europa. Det var likevel først på 1800-talet, etter modell av Grimm-brørne sitt tyske Kinder- und Hausmärchen 1812-15, at den den danske innsamlinga av folkeminne sette i gang for fullt. Danske folkeeventyr kom ut for første gong i bokform i samlinga av Mathias Winther på 1820-talet, og tråden vart teke opp av Svend Grundtvig frå 1840-talet og utover hundreåret. Likevel er det nok Evald Tang Kristensen som er den viktigaste danske samlaren av folkeminne, kjend for over åtti bøker med innsamla viser, eventyr og segn frå Jylland.[71]

Andre kjende danske folkeminnesamlarar femner Axel Olrik, Peder Syv, Henning Frederik Feilberg og H.P. Hansen. Dansk Folkemindesamling vart grunnlagt i 1904 som eit statleg arkiv over folkeliv og -kultur, og ivaretek livssogene, minne, tradisjonar og musikk til alminnelege danskar for ettertida.

Musikk, dans og drama[endre | endre wikiteksten]

Lars Ulrich i Metallica er kanskje den mest kjende danske rockemusikaren.

Dei første kjende komponistane frå Danmark var faktisk tyskarar, C.E.F. Weyse og Friedrich Kuhlau frå slutten av 1700-talet og framover. Saman med B.S. Ingemann og J.P.E. Hartmann vart Niels W. Gade tonegivande i dansk musikk på 1800-talet. Carl Nielsen frå starten av 1900-talet er den einaste internasjonalt kjende danske, klassiske komponisten.

I midten av 1900-talet gjorde Bent Fabricius-Bjerre og Jørgen Ingmann seg merka internasjonalt. Av nyare dansk musikk kjent i Danmark eller internasjonalt kan nemnast: Alphabeat, Anne Linnet, Aqua, D-A-D, Infernal, Junior Senior, Nik & Jay, Kashmir, Mew, Michael Learns To Rock, Nephew, Outlandish, Safri Duo, Saybia, Shu-bi-dua, S.O.A.P., Trentemøller, The Raveonettes, tv•2, VETO, Volbeat og nasjonalskalden Kim Larsen.

Landets største og mest prestisjefylte teaterscene er Det Kongelige Teater, grunnlagt 1748. Det held til på Kongens Nytorv i København og organiserer både drama og andre former for scenekunst og musikk. Andre kjende teaterscener i Danmark femner mellom anna Det ny Teater, Aarhus Teater og Aalborg Teater.

Danmark har gjennom Den Kongelige Ballet eit av dei leiande ballettkompania i verda. Det vart danna allereie i 1771 som ein del av Det Kongelige Teater, og har sidan 2008 hatt Nikolaj Hübbe som kunstnerisk leiar.

Operaen på Holmen, innvigd 2005, er operabygningen ved Det Kongelige Teaters. Han har plass til mellom 1 492 og 1 703 tilskodarar, noko avhengig av storleiken på orkestergrava. Kunstnerisk leiar for operaen er Kasper Holten.

Film[endre | endre wikiteksten]

Lars von Trier og dogmefilmen har gjort dansk film verdskjent.

Dansk film har vore med sidan den aller første stumfilmen. Asta Nielsen var den første store danske skodespelaren i dagane stumfilmen var vanleg. Nordisk Film vart skipa i 1906. Mellomkrigstida var prega av dei store talenta innan skodespel Liva Weel, Ib Schønberg og Poul Reichhardt. Frå denne perioden kjem det også film av Carl Th. Dreyer, der filmane hans særleg dreier seg om religiøse spørsmål og den menneskelege psyken. Etter krigen vart spesielt Morten Korch-genren og Far til Fire-filmane populære. Erik Balling kom til å prege 1970-åra med Olsen Banden-filmane og Lise Nørgaards Matador.

I 90-åra vart Lars von Trier for alvor kjend med ei rekkje filmar og rundt hundreårsskiftet skulle Dogme-skolen kome til å gjere dansk film verdskjent og innleie ein periode med stort fokus på dansk film.

Store nolevande filmpersonar i Danmark femner Mads Mikkelsen, Iben Hjejle, Connie Nielsen, Jesper Christensen, Brigitte Nielsen, Sven-Ole Thorsen og Viggo Mortensen. Av nolevande instruktørar kan nemnast: Lars von Trier, Bille August, Thomas Vinterberg, Lone Scherfig, Susanne Bier og Ole Bornedal.

Mat og drikke[endre | endre wikiteksten]

Danske mattradisjonar har mykje til felles med norske, men det finst også klare skilnader. Av dei unike, danske rettene er mellom anna raud pølse.

Ein dansk spesialitet er kaldtbordet. Eit dansk kaldtbord utgjer gjerne kjøtpålegg, røykt fisk, ostar, grønsaker, brød, salatar og eit par varme retter. Sild i ymse variantar er ei sjølvfølgje; sild med rå lauk er også mykje brukt som forrett, spesielt til frukost (tilsvarande lunsj i Noreg – det som kallast frukost i Noreg heiter morgenmad på dansk). Ein ekte dansk frukost skal også innehalde øl og snaps.

Danskane er eit øldrikkande folkeslag, og i 2008 gjekk det med kring 520 millionar liter øl i Danmark. Trenden går likevel i retning av mindre øldrikking, og ølforbruket i Danmark har gått ned med 13 % sidan 2003. Danskane drikk også til saman 25 millionar brennevin i året, og kvar danske over 14 år forbruker årleg øl, vin og brennevin tilsvarande 11,7 liter rein sprit.[72] Kjende danske bryggeri femner Carlsberg, Tuborg og Faxe.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Den organiserte idretten i Danmark byrja allereie i 1861. Den første tida var det vanleg med både skytte-, gymnastikk-, og idrettslag, og det var ofte ei tett kopling mellom idrett og politikk til langt inn på 1900-talet. No vert den danske idretten organisert i dei tre landsdekkjande organisasjonane Danmarks Idræts-Forbund (DIF), Danske Gymnastik- og Idrætsforeninger (DGI) og Dansk Firmaidrætsforbund (DFIF). Desse samarbeider igjen i Idrættens Fællesråd, og har som hovudinntektskjelde spelemiddel, då 39 % av overskotet i det offentlege spelmonopolet Danske Spil går til idretten.[73]

Fotball er den mest populære idretten i Danmark, og det danske herrelandslaget har hatt gode internasjonale resultat, med ein kvartfinale mot Brasil i VM i 1998 som høgdepunktet. Landet har til tider også eksportert toppspelarar, slik som mellom anna brørne Brian og Michael Laudrup og keeperkjempen Peter Schmeichel. Ein annan folkefavoritt er sykkelsport, med sigeren til Bjarne Riis i Tour de France 1996 som eit soleklart høgdepunkt. Segling er også populært, der Paul Elvstrøm med sine gull i fire OL på rad vart ein folkehelt på 1960-talet. På kvinnesida er kanskje handball den mest populære idretten i landet, og det danske kvinnelandslaget har sidan midten av 1990-talet vunne tre OL-, eitt VM- og tre EM-gull, og dessutan fleire sølv- og bronsemedaljar.[73]

Verdsarvobjekt[endre | endre wikiteksten]

Kronborg slott, sett frå vest

Tre danske objekt er oppførte på Lista til UNESCOs over verdas kultur- og naturarvstader:

Biletkunst[endre | endre wikiteksten]

Dei eldste funna i Danmark av dyrefigurar rissa i horn og bein frå eldre steinalder viser at menneska hadde kunnskapar og skaparevne til å lage både bilete og skulpturar. Langt seinare voks Nydamstilen fram. Den er kjenneteikna ved spiralornamentikk og ei særeigen form for dyrefigurar. Påverknaden frå det sentrale Europa viste seg tidleg med tyske og nederlandske målarar som kom til landet under Christian IV og Fredrik III. Kunstnarane arbeidde i hovudsak med portrett, men også med andre uttrykksformer. Då Kunstakademiet i København vart oppretta i 1754 vart franskmannen Nicolas-Henri Jardin utnemnd som professor saman med J.F.J. Saly og med dette gjorde klassisismen inntog i landet. C.W. Eckersberg stod som den mest markante av dei danske målarane i perioden og fekk stor innverknad på samtida og sine mange elevar. På same tid vart Bertel Thorvaldsen kjend for skulpturane sine. I førsten av 1900-talet var andre kunstnarar med på å setje preg på kunsten, mellom anna Anne Marie Carl Nielsen med sine dyreskulpturar, Anders Bundgaard med Gefionspringvatnet og Edvard Eriksen med Den lille havfrue. Av andre kunstnarar i dette hundreåret kan nemnast Jens Ferdinand Willumsen og Joakim Skovgaard.

Museum[endre | endre wikiteksten]

Danmark har museum og utstillingar i alle variantar, både ute og inne. Fleire stader i landet finst kunstmuseum med verk av utanlandske og innanlandske kunstnarar av verdsformat, lokalhistoriske museum og naturhistoriske museum. Det finst museum som viser moselik og andre som viser vikingskip. Andre museum omhandlar sjøfart, fiskeri og jernbanar samt leiketøy og motorkøyretøy. Ein del utradisjonelle museum kan ein finne i slott, vasstårn og møller spreidd over heile landet.

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Dansk arkitektur har røter attende til vikingtida, men vart meir utprega i mellomalderen då dei første kyrkjene i romansk og gotisk stil vart reist fleire stader i landet. Frederik III og Christian IV inviterte hollandske og flamske byggmeistrar og arkitektar til Danmark for å byggje slott i renessansestil. På slutten av regjeringstida si kunne Christian IV også innføre barokkstilen. I nyare tid viste danske arkitektar den framgansrike funksjonalismen sin. Dette har utvikla seg til arkitekturen i dag med mellom anna Storebæltsbroen og Operaen på Holmen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Indo-European Lexicon, Pokorny Master PIE Etyma Arkivert 2016-04-20 ved Wayback Machine., side 249, Linguistics Research Center, College of Liberal Arts, The University of Texas at Austin, henta frå Julius Pokorny: Indogermanisches etymologisches Wörterbuch, Bern: Francke, 1959, 1989.
  2. Nielsen, Niels Åge (1969). «Daner», i Dansk etymologisk ordbog. Gyldendal, København.
  3. Scriptores rerum Germaniaarum in usum scholarum, bind I, side 213 1.45
  4. Scriptores rerum Germaniaarum in usum scholarum, bind I, side 217 1.25
  5. Carver, 1992, side 292-293
  6. 6,0 6,1 Chambers 1921, side 23
  7. Paulus Orosius (editor Henry Sweet, M.A.): Extracts from Alfred's Orosius, Oxford Clarendon Press, London, september 1885, bind 2, side 16
  8. 8,0 8,1 Christiansen, side 119
  9. Niels Refskou,: In marca vel regno Danorum. En diplomatarisk analyse af forholdet mellem Danmark og Tyskland under Harald Blåtand, Kirkehistoriske Samlinger, 1985, side 19-33
  10. Niels Refskou: Det retlige indhold af de ottonske diplomer til de danske bispedømmer, Scandia 52, 1986, side 173
  11. «Denmark». The World Factbook. CIA. Henta 9. februar 2010. 
  12. «BEF4: Folketal pr. 1. januar fordelt på øer». Danmarks Statistik. 2009. Arkivert frå originalen 21. februar 2010. Henta 21. februar 2010. 
  13. Spjeldnæs, Nils (11. juni 2009). «Danmark – geologi». Store norske leksikon. Henta 20. februar 2010. 
  14. «Vandløb». Den Store Danske. Henta 16. februar 2010. 
  15. 15,0 15,1 «Danmark - klima». Den Store Danske. Henta 27. april 2010. 
  16. «Klimanormaler for Danmark». Danmarks Meteorologiske Institut. Henta 27. april 2010. 
  17. «RØDLISTE 1997 over planter og dyr i Danmark» (PDF). Miljø- og Energiministeriet. 1998. Henta 20. februar 2010. 
  18. 18,0 18,1 18,2 18,3 «Statistisk Årbog 2009». Danmarks Statistik. 11. juni 2009. Henta 9. februar 2010. 
  19. Cramer, side 13-27
  20. Cramer, side 29-37
  21. Cramer, side 39-44
  22. «Språk». norden.org. Henta 10. februar 2010. 
  23. «NOU 2003: 16. I første rekke : Forsterket kvalitet i en grunnopplæring for alle». Kunnskapsdepartementet. Henta 10. februar 2010. 
  24. Folkekirkens medlemmer Folkekirken
  25. 25,0 25,1 «2009 Report on International Religious Freedom - Denmark». United States Department of State. 26. oktober 2009. Henta 9. februar 2010. 
  26. «Folkekirkens medlemstal». Kirkeministeriet. Henta 9. februar 2010. 
  27. «Kulturmiljøer : Bronzealder, 1700-500 f.Kr.». Søhøjlandets Økomuseum. Henta 20. februar 2010. 
  28. Christensen, Lars K. (25. april 1999). «Fagbevægelsen og fleksibiliteten». Henta 20. februar 2010. 
  29. «Danske kvinders adresse til regering og rigsdag den 5. juni 1915». danmarkshistorien.dk. Henta 20. februar 2010. 
  30. «Hartvig Frisch (S) om FN-medlemskab i Rigsdagen 6. september 1945». danmarkshistorien.dk. Henta 20. februar 2010. 
  31. «Hvordan kom Danmark med i EF?». Folketingets EU-Oplysning. 11. august 2005. Henta 20. februar 2010. 
  32. «Folkeafstemning i Irland: Ja til Lissabontraktaten». Folketingets EU-Oplysning. 10. oktober 2009. Henta 20. februar 2010. 
  33. «Udenrigspolitik i 1990'erne». danskhistorie.dk. Henta 20. februar 2010. 
  34. Møller, Bjørn (2000). «Dansk udenrigspolitik efter Kosovo». Politica 32 (2): 172-184. 
  35. «Afghanistan og Irak har gavnet Foghs kandidatur». Dagbladet Information. 3. april 2009. Henta 20. februar 2010. 
  36. Berger, Ågot (2001). «Indvandringens danmarkshistorie». Henta 20. februar 2010. 
  37. «Det danske valgsystem : Valg til Folketinget» (pdf). Indenriks- og socialministeriet. Henta 9. februar 2010. 
  38. «Finanslov for finansåret 2010». Økonomistyrelsen. Henta 17. februar 2010. 
  39. «Danske soldater er billigst i drift». Dagbladet Information. 2. februar 2009. Henta 17. februar 2010. 
  40. «Forsvarets Dag og værnepligt». Forsvarets Rekruttering. Henta 17. februar 2010. 
  41. «Værnepligten er en dårlig forretning». Dagbladet Information. 22. mars 2009. Henta 17. februar 2010. 
  42. «Kongemakt og skandinavisk storpolitikk i sen vikingtid og tidlig middelalder». Kulturhistorisk museum. Henta 27. april 2010. 
  43. «Eksport til Danmark». Innovasjon Norge. Henta 27. april 2010. 
  44. «Branchestatistik 2010» (pdf). Vindmølleindustrien. Henta 27. april 2010. 
  45. «Human Development Report 2009». United Nations Development Programme. 2009. Henta 20. februar 2010. 
  46. «Harmonised unemployment rate by gender». Eurostat. Henta 20. februar 2010. 
  47. «Global Education Digest 2009 : Comparing Education Statistics Across the World» (pdf). UNESCO Institute for Statistics. 2009. Henta 20. februar 2010. 
  48. «KPMG’s Individual Income Tax and Social Security Rate Survey 2009». KPMG. Henta 20. februar 2010. 
  49. Jones, Erik (27. februar 2009). «A couple of euro-myths debunked». Eurointelligence. Henta 20. februar 2010. 
  50. 50,0 50,1 «Naturressourcer» (pdf). Danmarks Miljøundersøgelser, Aarhus Universitet. 2008. Henta 23. mars 2010. 
  51. «Om Nationalbanken». Danmarks Nationalbank. 4. november 2009. Henta 20. februar 2010. 
  52. «Bankvæsen (Dansk bankvæsen)». Den Store Danske. Henta 20. februar 2010. 
  53. 53,0 53,1 «Statsvejnettet». Vejdirektoratet. 2008. Henta 16. februar 2010. 
  54. «Jernbanen i tal». Jernbanen i tal. Henta 16. februar 2010. 
  55. «Luftfart». Transportministeriet. Henta 16. februar 2010. 
  56. «Shipping and Operation». Det danske utenriksdepartementet. 3. september 2009. Henta 16. februar 2010. 
  57. «Turismens økonomiske betydning i Danmark 2006» (pdf). VisitDenmark. Desember 2009. Henta 20. februar 2010. 
  58. «Tal om forskning, 2008. Forskning: Analyse og Evaluering 5/2009» (-pdf). Forsknings- og Innovationsstyrelsen : Ministeriet for Videnskap, Teknologi og Udvikling. 2009. Henta 26. mars 2010. 
  59. «Om folkeskolen». Undervisningsministeriet. 14. mars 2010. Henta 26. mars 2010. 
  60. «Om gymnasiale uddannelser». Undervisningsministeriet. 14. mars 2010. Henta 26. mars 2010. 
  61. «Om erhvervsuddannelserne». Undervisningsministeriet. 14. mars 2010. Henta 26. mars 2010. 
  62. 62,0 62,1 «Danmark» (.pdf). ANSAs informasjonssenter for utdanning i utlandet. 2009. Henta 26. mars 2010. 
  63. «Press Freedom Index 2009». Reportere uten grenser. Henta 16. februar 2010. 
  64. «Læsertal, 2. og 3. kvartal 2009». TNS Gallup. Henta 16. februar 2010. 
  65. «Hvad siger loven?». Ministeriet for Sundhed og Forebyggelse. 1. februar 2010. Henta 16. februar 2010. 
  66. «Sundhedsvæsenets organisering». Ministeriet for Sundhed og Forebyggelse. 1. februar 2010. Henta 16. februar 2010. 
  67. «Denmark - HIV/AIDS Country profile». Verdens helseorganisasjon. juni 2008. Henta 10. februar 2010. 
  68. Boje, side 10
  69. Boje, side 72-76
  70. 70,0 70,1 70,2 «Nyt fra Danmarks Statistik Nr. 160» (.pdf). Danmarks Statistik. 6. april 2009. Henta 26. mars 2010. 
  71. Haase, Donald (2008). The Greenwood Encyclopedia of Folktales and Fairy Tales. Greenwood Publishing Group. s. 833. ISBN 9780313334412. 
  72. «Nyt fra Danmarks Statistik, Forbrug af alkohol og tobak 2008» (PDF). Danmarks Statistik. 8. juli 2009. Henta 20. februar 2010. 
  73. 73,0 73,1 «Danmark - idræt og sport». Den Store Danske. Henta 26. mars 2010. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Boje, Thomas P.; Fridberg, Torben; og Ibsen, Bjarne (2006). Den frivillige sektor i Danmark – Omfang og betydning. København: Socialforskningsinstituttet. ISBN 87-7487-822-0. 
  • Brinckmann, Henning og Poulsen, Jens Aage (1999) Da Danmark blev mindre og verden større – Gyldendal. ISBN 87-00-32578-3.
  • Cramer, Jens og Kirkegaard, Peter (1993). Dansk sproglære for nordmænd. Gyldendal. ISBN 82-417-0675-8. 
  • Carver, Martin: The Age of Sutton Hoo: The Seventh Century in North-Western Europe, Boydell Press, Woodbridge, 1. utgave 1992, 2. utgave 1999, 3. utgave 2002, 4. utgave 2006, ISBN 0-85115-330-5
  • Christiansen, Erik: The Norsemen in the Viking Age (The Peoples of Europe), WileyBlackwell, 15. november 2001, ISBN 0631216774, ISBN 978-0631216773
  • Chambers, R. W.: Beowulf an Introduction to the Study of the Poem With a Discussion of the Stories Of Offa and Finn, Cambride, University Press, 1921
  • Kjerdsgaard, Erik (1993) Danmarks historie – Aschehoug. ISBN 87-1112-195-5.
  • Christensen, Poul Bo (1996) Danmarks historie. ISBN 87-7476-252-4.
  • Monumenta Germaniae Historica: Scriptores rerum Germaniaarum in usum scholarum, 1825
  • Steele, Philip (1998) Træd ind i - vikingetiden – Flachs. ISBN 87-7826-404-9.
  • Simonsen, Kjartan (2000) Danske regenter og deres tid – Alinea. ISBN 87-23-00641-2.
  • Ingvorsen, Leif (1981) Danmarks i syv århundrede 1100-1800 – GAD. ISBN 87-12-52460-3.
  • Scocozza, Benito (1997) Politikens bog om danske monarker – Politikens Forlag, København. ISBN 87-567-5772-7.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Danmark