Dennis Tito

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dennis Tito

Dennis Anthony Tito (fødd 8. august 1940) er ein amerikansk entreprenør og multimillionær. Han fekk kjendisstatus då han som den første romturisten nokonsinne, betalte for å komme med i eit romfartøy opp til verdsrommet.

Sjølv mislikar Tito å bli kalla for «turist», og føretrekk å bli kalla «uavhengig forskar», ettersom han gjennomførde fleire vitskaplege eksperiment i verdsrommet.

Tito har ein Bachelor of Science in Astronautics and Aeronautics frå New York University, og ein Master of Science in Engineering Science frå Rensselaer Polytechnic Institute. Han er medlem av Psi Upsilon og mottok eit æresdoktorat i ingeniørvitskap frå Rensselaer Polytechnic Institute 18. mai 2002. Han er og ein tidlegare vitskapsmann frå Jet Propulsion Laboratory hjå NASA. I 1972 starta han Wilshire Associates, eit føretak som syter for bistand og rådgjeving ifm økonomiske investeringar.

Mannskapet på Sojuz TM-32.

Gjennom en avtale med romturist-føretaket Space Adventures, Ltd., vart Tito med på romferda med den russiske Sojuz TM-32, og var heile 7 dagar, 22 timar og 4 minutt i verdsrommet etter 128 omløp rundt Jorda. Tito skal ha betalt $20 millionar for ferda, sjølv om nære vener har hevda at summen var mindre, $12 millionar.

Frå leiinga i NASA vart Tito motteken med stor skepsis før oppskytinga, spesielt Daniel S. Goldin, som rekna han som «u-amerikansk» for å bruke Sojuz til romferda. Når Tito kom til Johnson Space Center for å byrje treninga på den amerikanske delen av den internasjonale romstasjonen, vart dei sendt heim. Robert Cabana frå NASA uttalte seinare at dei ikkje ville trena saman med Tito: ...We will not be able to begin training, because we are not willing to train with Dennis Tito. Sjølv om angrepa mot romferda til Tito vart leda av leiiande personar innan NASA, vart romferda hans støtta av astronautar, kosmonautar, sivile og media, både i USA og Russland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]