Dennis Wilson
| Dennis Wilson | |
| Verkeleg namn | Dennis Carl Wilson |
| Fødd | 4. desember 1944 Inglewood i California |
| Død | 28. desember 1983 (39 år) Marina del Rey i California |
| Instrument | Vokal trommeslagar tangentinstrument |
| Sjanger | Pop, barokkpop, rock |
| Aktive år | 1961 - 1983 |
| Yrke | Musikar låtskrivar produsent |
| Plateselskap | Caribou/Sony Music Capitol Brother Reprise |
Dennis Carl Wilson (4. desember 1944–28. desember 1983) var ein amerikansk rockemusikar som var best kjend som eit av medlemmene og trommeslagaren i The Beach Boys. Han var medlem av gruppa frå det vart danna til han døydde i 1983 i lag med dei to brørne Brian og Carl. I 60-åra var det derimot ofte studiomusikarar som spelte på albuma deira. Dennis vart trommis mest fordi Brian alt spelte bass og Carl spelte gitar.
Dennis song stort sett berre korvokal og sjeldan solovokal som brørne og syskenbarnet Mike Love. På scenen song han derimot sjeldan i det heile. Han vart ofte sett på som den flottaste i bandet og fekk utover 70-talet vart han gradvis viktigare og song stundom solo, samt skreiv nokre songar. Dennis var òg den einaste i bandet som faktisk dreiv med surfing.
I 1971 spelte han hovudrolla i filmen Two-Lane Blacktop i lag med songaren James Taylor.
I 1975 byrja han eit samarbeid med Gregg Jakobson som resulterte i soloalbumet Pacific Ocean Blue i 1977, og vart med det den første i bandet som gav ut eit soloalbum. Albumet nådde berre 96. plass på Billboard-lista, men dette var høgare enn dei to neste Beach Boys-albuma. Mot slutten av 1970-åra auka narkotika- og alkoholmisbruket til Wilson, noko som førte til at oppfølgjaralbumet Bamboo ikkje vart gjeven ut. Albumet kom først ut i 2008 som ei dobbeltalbum i lag med Pacific Ocean Blue.
[endre] Diskografi
- Pacific Ocean Blue (1977)
- Bambu (1978-79, uferdig, kom ut som bonusspor i 2008 på Pacific Ocean Blue)
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Dennis Wilson» frå Wikipedia på engelsk, og «Dennis Wilson» frå Wikipedia på svensk den 15. juli 2009.