Dennistounbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 71°11′S 168°0′E
Dennistounbreen
isbre
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Victoria Land
 - koordinatar 71°11′S 168°0′E
Lengd 80 km
Administrert under Antarktistraktaten
Dennistounbreen is located in Antarktis
Dennistounbreen (Antarktis)

Dennistounbreen er ein isbre som er kring 80 km og som drenerer nordsida av Mount Black Prince, Royalist og Adam i Admiralty Mountains i Victoria Land i Antarktis. Han flyt nordvest mellom Lyttelton Range og Dunedin Range, og svingar aust rundt sistnemnte og ut i sjøen sør for Cape Scott. Enden av isbreen i sjøen vart kartlagt i 1911–12 av den nordlege gruppa, leia av Victor Campbell, under Terra Nova-ekspedisjonen.[1]

Isbreen er kalla opp etter James R. Dennistoun, ein alpinist frå New Zealand som hadde ansvaret for muldyra ombord på «Terra Nova» på reisa til Antarktis. Heile omfanget av isbre vart kartlagt av U.S. Geological Survey frå landmålingar og flyfoto tekne av US Navy, 1960–63. Namnet Fowliebreen, som er ein sidebre, har stundom feilaktig vorte nytta om denne breen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Dennistounbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).