Dent de Crolles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dent de Crolles
Dent de Crolles, sett frå Saint-Pancrasse (sør)
Dent de Crolles, sett frå Saint-Pancrasse (sør)
Høgd over havet 2 062 m
Ligg i/på Frankrike Frankrike
Fjellkjede Chartreuse-fjella
Koordinatar 45°18′30″N 5°51′19″EKoordinatar: 45°18′30″N 5°51′19″E

Dent de Crolles er eit karst-fjell (2062 m) i Chartreuse-fjella, 20 km nordaust for Grenoble og Isère i Frankrike. Fjellet har ein karakteristisk «tann-profil», og er eit lett gjenkjenneleg syn frå Isère-dalen (Grésivaudan) og frå områda kring Grenoble. Det har namn etter tannforma (dent er fransk for tann) og byen Crolles, som ligg ved foten av fjellet.

Grottene[endre | endre wikiteksten]

Under Dent de Crolles finst eit av dei mest omfattande og innvikla grottesystem i Europa. Grotteklatrarar reknar området som ei av sportens vogger . Den fyrste grundige utforskinga av grottene vart føreteken under 2. verdskrigen. Ei gruppe franske grotteklatrarar utforska grottesystemet. Pierre Chevalier og Fernand Petzl var mellom dei som deltok i grotteforskinga. Dei kom heilt ned til –658 m, som på den tid var den djupast oppdaga grotta i verda. I dag er grottene her rekna som dei sjette djupaste i Frankrike.

Mangelen på tilgjengeleg, eigna utstyr under krigen tvinga Chevalier og resten av gruppa til å utvikle sitt eige utstyr, noko som førte til tekniske nyvinningar. Teknikken med bruk av enkelttau med prusik og mekaniske taukastarar (Henri Brenot sine «aper», fyrste gong brukt av Brenot og Chevalier i ei grotte i 1934) kan knytast direkte til utforskinga av grottegangane under Dent de Crolles.

Etter 1946 har grottene vore under stadig utforsking. Ni ulike inngangar er avdekt. Tre av desse inngangane er jettegryter på toppen av karst-platået, fem er horisontale grottegangar og ein er i bergsida. Grottene er mykje godt ein labyrint, og består av minst 58 km grottegangar der det er råd å ta seg fram. Dei to hovudinngangane går gjennom grottene Trou-du-Glaz og Guiers-Mort. Grottesystemet er i dag særleg kjent for den store variasjonen i grotteruter som dei mange inngangane opnar for.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]