Dentelles de Montmirail

Koordinatar: 44°10′46″N 05°03′38″E / 44.17944°N 5.06056°E / 44.17944; 5.06056
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dentelles de Montmirail
fjell
Dentelles de Montmirail i Provence i Frankrike
Land  Frankrike
Høgd 734 moh.
Koordinatar 44°10′46″N 05°03′38″E / 44.17944°N 5.06056°E / 44.17944; 5.06056
Kart
Dentelles de Montmirail
44°10′46″N 5°03′38″E / 44.179444444444°N 5.0605555555556°E / 44.179444444444; 5.0605555555556
Wikimedia Commons: Dentelles de Montmirail

Dentelles de Montmirail er ei lita fjellkjede i Provence i Frankrike. Ho ligg i departementet Vaucluse, like sør for Vaison-la-Romaine.

Fjellkjeda ligg ved foten av den høgaste fjelltoppen i Provence, Mont Ventoux, som ligg mot aust. Namnet deira (dentelles tyder «knipling») referer til den svært taggete forma på toppane. Fjella vart danna av horisontale sedimentærlag av kalkstein, som vart pressa opp vertikalt i juratida, og så eroderte til kvasse ryggar og tindar. Den høgaste toppen i Dentelles er St-Amand, på 734 m. Fjellkjeda, som berre er 8 km brei, er kjend for fotturar og fjellklatring.