Denton Hills

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 78°5′S 163°55′E
Denton Hills
ås
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Victoria Land
 - koordinatar 78°5′S 163°55′E
Administrert under Antarktistraktaten
Denton Hills is located in Antarktis
Denton Hills (Antarktis)

Denton Hillser ei gruppe kuperte åsar som strekkjer seg over 44 km frå sørvest til nordaust og som er 17 km breie. Dei ligg aust for Royal Society Range ved Scott Coast i Victoria Land. Åsane består av ryggar og dalar som strekkjer seg austover kring Howchinbreen, Armitage Saddle, Bluebreen, kysten og Walcott Bay. Dei høgaste toppane er Mount Kowalczyk (1703 moh) og Goat Mountain (1634 moh) som stig opp frå Hobbs Ridge nord i forfjella. Høgdene fell sørover mot Kahiwi Maihao Ridge (1045 moh) nær midten av gruppa og Xanadu Hills (820 moh) heilt sør. Dei største breane (Hobbs-, Blackwelder-, Salmon-, Garwood-, Joyce-, Rivard-, Miers-, Adams- og Wardbreen) flyt austover, men har trekt seg attende og har etterlate fleire tørre dalar.[1]

Denton Hills vart oppdaga og grovt kartlagd av Discovery-ekspedisjonen, under R.F. Scott. Åsane vart kartlagde i detalj av US Antarctic Research Program og New Zealand Antarctic Research Programme i åra etter Det internasjonale geofysiske året, 1957–58. Åsane vart namngjevne av Advisory Committee on Antarctic Names (1999) etter professor George H. Denton i geologiavdelinga ved University of Maine, som utførte geologiske undersøkingar i Dei transantarktiske fjella og Victoria Land 1958–99, med meir enn 25 reiser til Antarktis. Dentonbreen er òg kalla opp etter han.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Denton Hills» (innhald frå Geographic Names Information System).