Denver

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
City and County of Denver
Flag of Denver, Colorado.svg
Fakta
Delstat Colorado
County (fylke) Denver
Ordførar Michael Hancock (D)
Flatevidd 401.2 km²
Folketal 566 974 (2006)
Folketettleik 1 406,2 innb./km²
Vevside http://www.denvergov.org
Tidssone MST (UTC-7)
Geografi
City and County of Denver si plassering i USA


Denver er hovudstaden og største byen i delstaten Colorado i USA. Byen har 554 636 innbyggarar, med forstader har Denver-Aurora området omtrent 2,83 millionar innbyggarar. Denver blei grunnlagt i 1854 og oppkalla etter guvernøren i Kansas-territoriet, som heitte James W. Denver.

Denver ligg ved foten av fjellkjeda Rocky Mountains. 15. steg på Colorados Kapitol ligg 1 609 m. over havet, noko som har gjeve Denver namnet «Mile High City».

Sida Denver er den største byen i ein omkrins av 600 km er han eit viktig transportsentrum. Den nye flyplassen som blei opna i 1995 var, målt i passasjertal, den femte største i USA og den tiande største i verda i 2004.

Denver County[endre | endre wikiteksten]

Denver er òg eit fylke,og dei grensene mot Adams County i nordaust, Arapahoe County i aust og mot Jefferson County i vest. Det har eit totalt areal på 401 km² fire km² av dette er vatn. Fylket blei grunnlagt i 1902 av land som blei skilt ut frå Arapahoe County.