Deplasement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Deplasement (frå fransk déplacer som tyder flytte) er eit mål for massen av det væskevolumet som ein lekam trengjer bort når det flyt i ei væske. Omgrepet vert nytta som eit av fleire mål for skipstonnasje og etter Arkimedes sitt prinsipp svarar det til totalvekta av skip med last. Måleeiningane som vert nytta er metriske tonn eller engelske tonn (long tons). Når deplasement vert gjeve som daudvekt meiner ein lastevekt eller deplasement minus vekta av sjølve skipet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]