Depresjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om den psykiske lidinga. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Depresjon (fleirtyding).
'På terskelen til æva' (1890). Måleri av Vincent van Gogh, som sjølv leid av depresjon og til slutt tok livet sitt.

Depresjon er ei psykisk liding som gjer ein nedstemt og makteslaus i ei så stor grad at det går ut over evna til å fungera normalt. Ein deprimert person kan kjenna seg trist, irritabel, trøytt, umotivert og apatisk — vanlege skildringar av sjukdommen er at ein «ikkje har motivasjon for å gjera noko som helst» eller «føler seg trist utan grunn». Klinisk depresjon kan føra til uavbrotne negative tankar og i nokre tilfelle misbruk av alkohol eller andre stoff, sjølvskading eller sjølvmord.

I daglegtale er det vanleg å snakka om at ein er «deprimert» om ein er særs trist eller skuffa, utan at ein har denne psykiske lidinga. Samstundes kan folk som lir av depresjon ha vanskar med å bli sett på som sjuke — dei kan i staden bli sett på som late, bedd om å ta seg saman og liknande.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Depresjonar blir delte inn i reaktive eller endogene typar.

Ein reaktiv depresjon oppstår etter særskilde belastande hendingar eller endringar i livssituasjonen. Éi form for reaktiv depresjon er den sesongavhengige depresjonen (vinterdepresjon), som kjem av mangel på lys i den mørke årstida.

Ein endogen depresjon oppstår utan at det er mogleg å finna noka tydeleg utløsande hending, og pasienten og terapeuten føler at tilstanden har oppstått utan tydeleg årsak. Dette kan ha samanheng med arv, sosiale tilhøve, psykologiske mekanismar og biokjemiske tilhøve i hjernen.

Ei anna form for depresjon, som er klassifisert som eigen diagnose, er bipolar liding (manisk-depressivitet).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]