Erasmus frå Rotterdam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Desiderius Erasmus)
Gå til: navigering, søk
Desiderius Erasmus av Hans Holbein

Desiderius Erasmus Roterodamus, eller Erasmus frå Rotterdam (27. oktober 146912. juli 1536), var ein kjend humanist frå Nederlanda. Han er truleg den førande representanten for den nordlege humanismen i renessansen. Han vart kalla «den førande humanisten» i samtida, og «den mest heiderskrynde kristne humanisten».

Erasmus skreiv for det meste på latin, og sytte for at nye omsetjingar av Bibelen og Det nye testamentet vart redigerte og utgjevne. Såleis påpeika han ein rekkje manglar i den bibelutgåva som hadde vore nytta til då (Biblia Vulgata), og rydde vegen for ei nytenking om bibel om kristen tolkingslære som kulminerte i reformasjonen. Erasmus var oppteken av å reformere kyrkja frå «innsida», og heldt seg kritisk til fastgrodde dogmar livet ut. Med tida kunne han og stille spørsmål ved tankane til Martin Luther. Han valde soleis ein mellomposisjon som ergra meir radikale protestantar, til dømes Martin Luther, men og konservative katolikkar. Han konverterte likevel til den reformerte kyrkja i Sveits, og døydde i Basel i 1536.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Erasmus vart fødd i Rotterdam, truleg den 28. oktober 1469, på dagen til den helgenen han vart kalla opp etter. Sjølv om han hadde tilnamnet «Roterodamus» heile livet, budde han der berre dei fire første åra. Faren, Roger Gerard, vart seinare prest i Gouda, og vart aldri gift med mora, ei Margrete, dotter av ein lækjar. Lite er elles kjend om henne. Båe foreldra døydde av pest i 1483, og Erasmus fekk utdanning i ei rekkje klosterskolar i nærleiken. Han utvikla ein personleg nærleik til Gud, men valde å stille seg kritisk til den strenge tukten munkane levde under i klostra.

Studietid[endre | endre wikiteksten]

Av di han var fattig, laut Erasmus gå i kloster. Han vart augustinarmunk i 1486 og prestevigd i 1492.[1] Eramsu tente ikkje som prest lenge, men fekk dispensasjon frå klostertvangen i 1493 og vart sekretær hjå biskopen i Cambrai.[1] No byrja eit live med intens skriving og forsking. Han var alt kjend som ein skrivefør mann, og bad paven om løyve til å drive med humanistisk forsking. Han vart verande ein slag «sekulær prest» resten av livet. Dispensasjonen vart gjeven av pave Leo X, som og sytte for at han vart livsvarug. Denne dispensasjonen var særmerkt i denne tida.

I 1495 reiste Erasmus til Paris for å studere vidare. Universitetet i Paris hadde vore eit senter for mellomalderleg skolastikk, men no vann humanismen innpass hjå nye studentkull. Erasmus vart kjend i heile Europa for verka sine Adagia (1500) og Enchiridion militis christiani (1502).[1] Han budde i England frå 1509 til 1514 etter invitasjon frå Henrik VIII, og verka mellom anna som gresk-professor ved Universitetet i Cambridge. I åra som følgde heldt han til i Brussel, Leuven, Basel og Freiburg,[1] og bygde opp eit nettverk av vener han heldt kontakt med.

Frå 1535 til han døydde budde Erasmus i Basel.[1]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Vitskapleg arbeid[endre | endre wikiteksten]

I England vart Erasmus teken av bibeltolkinga til John Colet, og sette seg føre å gå ned i grunntekstene på nytt. Han lærde seg gresk, og tok til å arbeide med Det nye testamentet. Dette tok mykje av tida hans dei neste ti åra. Samstundes var han støtt på reisefot som lærd frilansar, på kryss og tvers i Europa.

Med tida såg Erasmus føre seg at han var sett til å reinske opp i dei gamle doktrinane i den katolske kyrkja. Han ville fri ut forskinga for dei gamle skolastiske tvangstrøyene han såg var meir til hinder enn til gagn for humanvitskapane. Soleis tok han til orde for rasjonalisme i større mon enn før, og eit nytt vitskapssyn. Sidan han rekna seg som trufast mot grunnsetningane i kyrkja, meinte han at han kunne kritisere utan fare. Han var og sett på med stor vørdnad, og det han meinte vart teke på alvor.

Bibelutgåva hans vart endeleg ferdig kring 1522, etter mange års arbeid. Her gjorde han mykje for å pusse på latinen, som han meinte ikkje var bra nok. Verket var dedisert til pave Leo X, som hadde stødd opp under arbeidet hans. NT-utgåva vart ferdigstilt og kom for seg alt i 1516, og året etter vart Erasmus tvinga inn i debatt med Martin Luther og reformantane. Alle ønskte at Erasmus skulle ha eit ord om saka, og vinne han over til si side. Erasmus lika ikkje fraksjonisme, og heldt seg frå eit standpunkt i denne eller hine leia. Han meinte kyrkja skulle reformerast innanfrå,[1] og at institusjonen ikkje skulle rokkast.Situasjonen i tida tydde heller på at heile kyrkja var mogen for reformasjon.

Erasmus gav også ut tekstkritiske utgåver av tekstane til fleire kyrkjefedrar, som Hieronymus, Irenaeus, Ambrosius, Augustin, Epifanios, Khrysostomos og Origenes.[1]

Usemje med Martin Luther[endre | endre wikiteksten]

Erasmus stødde tankane til Luther i ei viss mon, og hadde stor vørdnad for han. Luther på si side åtte likeeins vørdnad for verket og vitet til Erasmus, og naudba han om å slutte seg til den kyrkjepolitiske striden. Erasmus på si side heldt att, og vegra seg. Han heldt seg difor nøytral i åndskampen som følgde. Seinare, i 1533, tok han avstand frå Luther og meinte han no hadde gått for langt. Dette førde han på kant med dei mest radikale kreftene i reformasjonsrørsla. Luther la heller ikkje fingrane imellom i ordskiftet som følgde.

Erasmus gjekk mellom anna ut mot Luthers syn på fri vilje, og meinte menneska hadde større val enn det Luther meinte. Luther svara med eit skrift om «den bundnde viljen», som var eit beint åtak på Erasmus sjølv. Erasmus heldt fast på at manneviljen var fri til eigne val, medan Luther heldt på tanken om predestinasjon. Ettersom tida vart meir og meir valdeleg, og reformasjonen førde til krig og oppstand fleire stader, tok Erasmus heilt avstand frå stridane.

Erasmus frå Rotterdam har tydd mykje for den nordlege humanismen, og for utviklinga av ei ny humanistisk vitskapsfilosofi. Han er mykje heidra for innsatsen sin, og det europeiske Erasmus-programmet er kalla opp etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Molland, Einar. «Desiderius Erasmus» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 25. mai 2014.
  • Engelsk Wikipedia
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!