Desimaltal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om kommatal. For det desimale talsystemet, sjå titalsystemet.

Desimaltal er tal som er sett saman av ein heiltalsdel og ein fraksjonsdel. Desse to delane er skilt med eit desimalskiljeteikn. Eit døme kan vere talet «49,90» der heiltalsdelen er «49» og fraksjondelen er «90».

Sifra i fraksjondelen vert kalla desimalar. Desimalar er altså det som i daglegtale kallast «tala bak komma» eller «tala til høgre for komma», i dette tilfellet 9 og 0.

Desimalskiljeteikn[endre | endre wikiteksten]

Desimalskiljeteiknet er det teiknet som blir brukt for å skilje heiltalsdelen og fraksjonsdelen av eit desimaltal. I Skandinavia (inkludert Noreg) og ei mengd andre land nyttast «,» (komma), medan i USA, Storbritannia og andre engelskspråklege land nyttast «.» (punktum). Desimaltalet som blir skrive «49,90» i Skandinavia blir altså skrive «49.90» i engelskspråklege land. (I desse landa blir komma brukt til å skilje tusengrupper i tal, der vi brukar punktum eller mellomrom i Skandinavia.)

Nøyaktigheit[endre | endre wikiteksten]

Desimaltal kan ikkje brukast til å skildre alle reelle tal, men brukast likevel ofte som ei tilnærming eller avrunding fordi dei er enkle å forstå. Nøyaktigheita ved slik avrunding blir avgjort av mengda desimalar i det avrunda desimaltalet. Det kan vere så mange desimalar du vil i eit tal.

Til dømes kan ikkje 1/3 skrivast som eit desimaltal, men det kan avrundes til eit desimaltal med ein viss nøyaktigheit. For å oppnå ein nøyaktigheit på 0,01 trengst 2 desimalar bak desimalskiljeteiknet, og tilnærminga blir 0,33. Generelt trengst N desimalar for å oppnå ei nøyaktigheit på 10-N.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]