Dessau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dessau
Cavalierstraße i Dessau rundt 1900
Cavalierstraße i Dessau rundt 1900
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Dessau
Dessau is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Sachsen-Anhalt
Ingen
Kreisfri by
Først nemnd i 1213
Geografi
Flatevidd
 - By

182,81 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

77 394
  423/km²
Koordinatar 51°50′0″N 12°15′0″EKoordinatar: 51°50′0″N 12°15′0″E
Høgd over havet 61 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 06811-06849
Telefon-retningsnummer 0340
Bilnummer DE
Heimeside: www.dessau.de

Dessau er ein by i Tyskland og hovudstad i delstaten Sachsen-Anhalt med om lag 75 000 innbyggjarar. Byen ligg der elvane Mulde og Elbe renn saman.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Mulde nær Dessau

Dessau ligg på ei stor elveslette der elvane Mulde og Elbe renn saman. Den verste flaumen i området fann stad i 2002, då bydelen Waldersee nesten vart heilt overfløymd. Sørlege delar av Dessau grensar til eit skogkledd område kalla Mosigkauer Heide. Det høgaste punktet er 110 meter og er ein tidlegare søppelhaug kalla Scherbelberg sørvest for Dessau. Dessau er omringa av mange parkar og palass som gjer Dessau til ein av dei grønaste i Tyskland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dessau vart først nemnd i 1213. Han vart eit viktig senter i 1570 då fyrstedømet Anhalt vart grunnlagt. Dessau vart hovudstad i denne staten innanfor Det tysk-romerske riket. Anhalt vart oppløyst i 1603, men Dessau vart verande ein velståande by og vart hovudstad i miniputtstaten Anhalt-Dessau. Då Anhalt gjenforeint i 1863 vart Dessau igjen hovudstad fram til 1918. Dessau er kjend for arkitekturskulen Bauhaus. Han vart flytta her i 1925 etter at han måtte legga ned i Weimar. Mange kjende kunstnarar underviste i Dessau dei neste åra, som Walter Gropius, Paul Klee og Vasilij Kandinskij. Nazistane stengde Bauhaus i 1931 og han vart ikkje opna att før i 1986.

Ein fabrikk i byen lagde utrusting til Luftwaffe, og av den grunn utførte dei allierte kraftige bombeåtak under den andre verdskrigen, som nesten jamna byen med jorda. Etter krigen vart byen bygd opp at med typiske DDR-bygningar av betongklossar, og han vart eit stort industrisenter i Aust-Tyskland. Etter gjenforeininga av Tyskland vart mange historiske bygningar bygd opp att.

Komponisten Kurt Weill vart fødd i Dessau, og sidan 1993 har byen halde ein årleg Kurt Weill-festival. Dessau var òg fødestad for filosofen Moses Mendelssohn (i 1729) og Leopold I av Anhalt-Dessau (der alte Dessauer), ein lovprisa feltmarskalk for Preussen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dessau

Kjelde[endre | endre wikiteksten]