Desta Marie Beeder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Desta Marie Beeder
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. september 1988 (35 år)
Bergen Sjå dette på Wikidata
Yrke vêrmeldar, programleiar

Desta Marie Beeder (fødd 11. september 1988) er ein norsk vêrmeldar og programleiar.

Beeder har etiopisk far og norsk mor.[1] Ho har bachelorgrad i medievitskap frå Universitetet i Bergen.[1]

Før ho fekk jobben som vêrmeldar, jobba ho eitt år i TV 2, fyrst i kommunikasjonsavdelinga og så i plan- og avviklingsavdelinga.[1] Ho vart den 20. vêrpresentatøren på TV 2 og meldte vêret for fyrste gong den 23. mars 2011.

Beeder gifta seg med Boris Klyve i mai 2016.[2]

30. november 2016 slutta Beeder som vêranker på TV2, og byrja i systerselskapet Vimond. Selskapet har kontor i New York, og utviklar teknologien bak TV 2 Sumo, men Beeder vart buande i Bergen.[3]

Våren 2018 byrja ho som programleiar i God morgen Norge. Sommaren same året var ho medprogramleiar i God sommer Norge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Ronald Toppe (2. februar 2011). «Desta Marie Beeder skal gi deg været». TV 2. Henta 1. september 2012. 
  2. Atle Jørstad (3. juni 2016). «Værmelder Desta Marie Beeder giftet seg i hemmelighet». VG. Henta 4. juni 2016. 
  3. Jørgen Grønner (7. september 2016). «Slutter som værdame». Bergensavisen. Henta 8. september 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]