Det svenske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det svenske flagget.

Det svenske flagget er Sverige sitt nasjonalflagg. Det syner ein gul kross på blå botn. Som dei andre landa i Norden nyttar Sverige den nordiske krossen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det svenske flagget har opphavet sitt i krossfararane frå mellomalderen. Det er ukjent når det svenske flagget tok til å nyttast og når det fekk si noverande form. Ifylgje ei legende om det svenske flagget såg Erik den heilage den gule krossen på den blå himmelen då han gjekk i land i Finland under det fyrste svenske krosstoget i år 1157. Dette såg han som eit teikn frå Gud og gjorde det så til si fane. Problemet med legenda er at ein ikkje har historisk prov for dette krosstoget, og at dei eldste bileta og skildringane av det svenske flagget er frå midten av 1500-talet, altså 400 år seinare. Dei blå-gule fargane hadde derimot vorte nytta som svenske fargar lenge, mellom anna i folkunge-ætta sitt våpen som vart Magnus Ladulås sitt kongsvåpen i 1275, og i tre kronersvåpenet.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Det svenske flagget frå 1844-1905 med «sildesalaten».

I seinare tid har flagget utvikla seg. På 1600-talet utvikla ein eit svensk orlogsflagg med tre tunger. Den 7. mars 1815 tilsette ein eit unionssymbol i det øvre venstre hjørnet av dette orlogsflagget i høve unionen mellom Noreg og Sverige. Symbolet var raudt med ein diagonal kvit kross.

I 1844, då kong Oscar I kom på trona, innførte han den såkalla «sildesalaten» i både det norske og det svenske flagget for å syna likestillinga åt dei to landa. «Sildesalaten» var ein kombinasjon av det norske og det svenske flagget.

Etter unionsoppløysinga i 1905 gjekk Sverige tilbake til det opphavlege svenske flagget med gul kross på blå botn. Flaggdagen vert feira 6. juni, og vert kalla Svenska flaggans dag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Det svenske flagget