Det Liberale Folkepartiet (1972-1988)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Det Liberale Folkepartiet (1992-) og Liberale Folkeparti (1957)
Det Liberale Folkepartiet (1972-1988)

LandNoreg
Grunnlagt1972
Nedlagt1988
IdeologiSosialliberalisme Sjå dette på Wikidata

Det Liberale Folkepartiet (DLF) var eit sosialliberalt politisk parti i Noreg mellom 1972 og 1988. Frå 1972 til 1980 var partinamnet Det Nye Folkepartiet. Partiet oppstod som fylgje av splittinga av Venstre i 1972. I 1988 vart partiet slått saman igjen med Venstre. Eit anna parti med same namnet vart starta opp i 1992 (sjå Det Liberale Folkepartiet (1992-)).

Ungdomsorganisasjonen til Det liberale folkepartiet heitte Det Liberale Folkepartiets Ungdom (DLFU).


Historie[endre | endre wikiteksten]

Det Liberale Folkepartiet vart oppretta etter splittinga på Venstre sitt ekstraordinære landsmøte på Røros i 1972. Bakgrunnen for splittinga var ein langvarig konflikt mellom ulike fløyar i Venstre. Enkelte grupper i Venstre, mellom anna store delar av Unge Venstre, hadde vore misnøgde med at Venstre var med i den borgarlege koalisjonsregjeringa til Per Borten. Ein kan på denne tida snakka om ein venstre- og ein høgre-fløy i Venstre. Då EF-striden kom forsterka denne motsetningane, og Venstre vart delt om lag på midten i EF-spørsmålet. Etter EF-avstemninga i 1972 vart EF-motstandarane i Venstre, med Gunnar Garbo og Hallvard Eika i spissen, med i regjeringa Korvald, ei rein nei-regjering med Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti. Ja-fløyen, som òg kan kallast høgre-fløyen, i partiet reagerte sterkt på dette. Resultatet vart det ekstraordinære landsmøtet på Røros. Etter at det vart klart at dei var i mindretal i Venstre forlet ja-folka landsmøtesalen, den 11. november 1972.

Utbrytarane kalla seg i byrjinga Folkepartiet Nye Venstre, men måtte snart endre namn til Det Nye Folkepartiet (DNF) etterat regjeringa Korvald, ikkje ville godkjenna dette partinamnet. 8 av Venstre sine 13 stortingsrepresentantar vart med i Det Nye Folkepartiet, deriblant nestleiaren i Venstre Helge Seip og den tidlegare leiaren Bent Røiseland. Ved stortingsvalet 1973 fekk DNF valt inn ein representant, Ole Myrvoll frå Hordaland. I 1977 fall partiet ut av Stortinget og kom aldri inn att. I 1980 endra det namn til Det Liberale Folkepartiet.

Partiet hadde sterke likskapstrekk med Venstre, men var meir klart sosialliberalistisk og delte ikkje Venstre sin klare miljøprofil. Medan Venstre på 1970-talet prøvde å ta avstand frå den borgarlege sida og på 1980-talet søkte samarbeid med Arbeidarpartiet var DLF alltid eit klart borgarleg parti. Utover 1980-talet gjekk oppslutninga stadig nedover. Ved kommune- og fylkestingsvalet i 1987 stilte Venstre og DLF felleslister i mange fylke og kommunar. På ein samlingskongress 4. - 5. juni 1988 vart partiet slått saman att med Venstre. Den siste DLF-leiaren, Marit Bjorvatn, vart nestleiar i Venstre og DLF-medlemer vart kvoterte inn i styre på alle plan i Venstre.

Tabellar[endre | endre wikiteksten]

Partileiarar i DLF[endre | endre wikiteksten]

Parlamentariske leiarar[endre | endre wikiteksten]

Valresultat[endre | endre wikiteksten]

Stortingval 1973-1985
Årstal Prosent av stemmene Stortingsrepresentantar
1973 3,4% 1
1977 1,4% ¹ 0
1981 0,5% 0
1985 0,5% 0


      Fylkestingval 1975-1987
Årstal Prosent av stemmene
1975 2,9%
1979 1,3%
1983 0,7%
1987 0,4%

¹ Partiet stilte felleslister med eit eller fleire av partia Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet eller Venstre i nokre fylke. Dette talet er eit overslag med røystene til felleslistene fordelt på dei einskilde partia.