Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Det Norske Akademi for Språk og Litteratur (stava slik sidan 2013) vert ofte berre kalla Det Norske Akademi og er eit norsk akademi, organisert som allmennyttig organisasjon. Akademiet vart skipa 7. mai 1953 etter initiativ frå mellom andre Arnulf Øverland, Sigurd Hoel, A.H. Winsnes, C. J. Hambro, Cora Sandel og Francis Bull, for å «skape en stabiliserende faktor i sprogutviklingen og gjenreise respekten for skriftsproget» og «til vern om det norske riksmål og dets litteratur og til fremme av et fritt og allsidig åndsliv i Norge», med dei nasjonale akademia i mellom andre Frankrike (Académie française) og Sverige (Svenska Akademien) som forbilde.

Akademiet står for normeringa av riksmålet. Det gjev ut Norsk Riksmålsordbok, den mest omfattande og einaste litterære ordboka på norsk. Ordboka er planlagt i ny utgåve i 2014 under tittelen Det Norske Akademis store ordbok. Akademiet stør òg utgjevinga av litteratur på riksmål og delar ut fleire språk- og litteraturprisar. Riksmålsordlisten vert godkjend av Det Norske Akademi.

Akademiet er sjølvsupplerande og medlemmane vert valt på livstid etter deira akademiske eller kulturelle merittar.

I 2015 er medlemmane: John Ole Askedal, Bodil Aurstad, Kjetil Bang-Hansen, Trond Berg Eriksen, Liv Bliksrud, Tor Bomann-Larsen, Sjur Brækhus, Fredrik Bull-Hansen, Bentein Baardson, Lars Saabye Christensen, Arnold Eidslott, Thor Falkanger, Ivo de Figueiredo, Lise Fjeldstad, Dagfinn Føllesdal, Karin Gundersen, Tor Guttu, Erik Fosnes Hansen, Håkon Harket, Per Egil Hegge, Nils Heyerdahl, Christian Janss Anine Kierulf, Geir Kjetsaa, Knut Kleve, Egil Kraggerud, Sissel Lange-Nielsen, Lars Roar Langslet, Mari Lending, Jørn Lund, Helge Nordahl, William Nygaard, Kjell Arild Pollestad, Arthur O. Sandved, Francis Sejersted, Hilde Sejersted, Ole Michael Selberg, Rune Slagstad, Henrik Syse, Jan Jakob Tønseth, Helene Uri, Trond Vernegg, Finn-Erik Vinje, Gunnar Christie Wasberg, Egil A. Wyller, Peter Normann Waage og Vigdis Ystad.

Jørn Lund (Danmark) er korresponderande medlem.

Presidiet består av: Nils Heyerdahl (preses), Tor Guttu, Karin Gundersen, Helene Uri og Per Qvale,

I 2004 markerte Akademiet 50-årsjubileet med utgjevinga av diktsamlinga 50 år – 50 dikt, og ved 60-årsjubileet kom "Norsk grammatikk. Riksmål og moderat bokmål."

Det Norske Akademi var frå 1972 til 2005 representert med to representantar i Norsk språkråd.

Preses[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!