Det Norske Institutt i Athen for klassiske studier, arkeologi og kulturhistorie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det Norske Institutt i Athen for klassiske studier, arkeologi og kulturhistorie
Skipa1989
Nettstadhttps://norwinst.w.uib.no/ Sjå dette på Wikidata

Det Norske Institutt i Athen for klassiske studier, arkeologi og kulturhistorie i Aten i Hellas er skipa 8. mai 1989 av Norges Universitetsråd, og vert finansiert og drive i fellesskap av Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim og UiT Noregs arktiske universitet i Tromsø. Instituttet har som føremål å drive forsking, publisering og formidling for dei norske universitetsmiljøa i den antikke greske kulturen, soga, arkeologien og det greske språket, men har òg som oppgåve å forske i det moderne kulturlivet i Hellas. I samarbeid med den norske ambassaden i Aten skal instituttet arbeide for auka kulturell kontakt mellom Noreg og Hellas.

Instituttet skal leggje tilhøva til rette for vitskapleg diskusjon, utdanning og utveksling, og står òg for arkeologiske granskingar og utgravingar i Hellas etter løyve frå dei lokale styresmaktene.

Andre tilsvarande institusjonar i Aten[endre | endre wikiteksten]

American School of Classical Studies at Athens, Australian Archaeological Institute at Athens, Belgische School te Athene, British School at Athens, Canadian Institute in Greece, Det Danske Institut i Athen, Deutsches Archäologisches Institut Athen, École française d’Athènes, Georgisches Institut in Athen, Irish Institute of Hellenic Studies at Athens, Nederlands Instituut in Athene, Österreichisches Archäologisches Institut Athen, Schweizerische Archäologische Schule in Griechenland, Scuola Archeologica Italiana di Atene, Suomen Ateenan-instituutti, Svenska institutet i Athen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]