Det Norske Nobelinstitutt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det Norske Nobelinstitutt er ein institusjon som blei oppretta i 1904 for å støtte Nobelkomiteen i arbeidet med å avgjere kven som skal tildelast Nobels fredspris. Instituttet består av ei forskingsavdeling og eit bibliotek med 180 000 bind, hovudsakleg med litteratur om fredsarbeid, folkerett, internasjonal økonomi og moderne politisk historie, i tillegg til publikasjonar utgitt av internasjonale organisasjonar. Biblioteket er ope for publikum.
Instituttet blir leia av ein direktør, i 2009 Geir Lundestad, som også fungerer som Nobelkomiteen sin sekretær.