Det Norske Studentersamfund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Det Norske Studentersamfund vart stifta 2. oktober 1813 i Christiania og er den eldste studentorganisasjonen i Noreg.

[endre] Historie

Opphavleg var Det Norske Studentersamfund ein lukka litterær klubb. I 1820 vart det opna for alle akademikarar som ville melde seg inn, og det vart dermed også ein organisasjon for å representere desse. I dei følgjande åra var Samfundet ein viktig arena i samfunnslivet, blant anna bidrog det vesentleg til å etablere 17. mai som nasjonal høgtidsdag.

Sidan vart den politiske aktiviteten tona ned, men han tok seg opp att då Bjørnstjerne Bjørnson vart leiar i 1870. På 1970-talet var styrevala i studentsamfunnet ein arena for kamp mellom kommunistiske og konservative studentpolitikarar.

Studentersamfundets orden, «Hans Majestet Den Gyldne Gris Orden», vart stifta 1859 for å utmerke personar som har gjort seg fortente. Opptak til ordenen skjer kvart fjerde år.

I 1861 fekk samfunnet sin første eigne bygning, oppført ved hjelp av frivillige bidrag. Sidan 1971 har samfunnet drive kulturhuset Chateau Neuf.

Studentersamfunnet er idag ein organisasjon som rettar seg både mot studentane ved Universitetet i Oslo og mot studentar ved andre lærerstader i Oslo.

[endre] Leiarar


[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk