Det absolutte nullpunktet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Det absolutte nullpunktet for temperatur er 0 K eller -273,15 °C. Sjølve nullpunktet er umogleg å nå, men det er ei viktig teoretisk og eksperimentell grensa. Ved denne temperaturen sluttar alle kjemiske prosessar på molekylær-/atomnivå å fungere ettersom dei ikkje kan ha nokon energi. Liv kan dermed ikkje eksistera ved denne temperaturen.

Det absolutte nullpunktet er nullpunkt for temperaturmåleininga kelvin. Temperatur oppgjeven i Kelvin vert difor òg kalla absolutt temperatur.

Teorien om eit absolutt nullpunkt vart først omtalt av Guillaume Amontond i 1702. Han la merke til at gassar trekte seg saman når ein kjølte dei ned. Han lurte difor på om det fanst ein temperatur der volumet av gassen vart null. I dag veit me at alle gassar vil endra fase før dei når nullpunktet, og at dei ikkje trekker seg saman så mykje, men at teorien hans om eit nullpunkt var rett.

Klassisk termodynamikk fastslår at all termisk rørsla stoppar opp ved det absolutte nullpunktet og entropien til eit system går mot null (Nernsts lov). Denne førestillinga vert noko modifisert av kvantemekanikken, som seier at det vil vera nokre kvantefluktuasjonar ved det absolutte nullpunktet og at entropien går mot ein konstant som ikkje nødvendigvis treng vera null.

Det nærmaste ein har kome til nullpunktet, var 500 pikoKelvin (0.5×10−9 K), ved MIT i 2003.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnoter[endre | endre wikiteksten]