Arameisk skrift

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Det arameiske alfabetet)
Trespråkleg vegskilt ved Eradina i Irak med tekst på arameisk, kurdisk og arabisk (dei to sistnemnde med arabisk skrift).

Arameisk skrift er eit alfabet utvilka frå det fønikiske, kjennbart som ei eiga skrift frå rundt 700-talet f.Kr. Arameisk er eit historisk særs viktig alfabet, ettersom det er utgangspunkt for nesten alle moderne skriftsystem frå Midtausten og mange frå Sentral- og Aust-Asia. Alfabetet er bygd opp av konsonantar, men nokre av desse kan også stå for lange vokalar (mater lectionis).

Arameisk skrift blei utbreidd både fordi arameisk var utbreidd som lingua franca i store delar av Midtausten og fordi det var offisielt språk i Det nyassyriske riket og det påfølgjande Akamenideriket. Av moderne skriftsystem er det hebraiske alfabetet likast den offisielle arameiske skrifta frå 400-talet f.Kr. Både utvalet av bokstavar og utforminga deira er svært like.

Det arameiske alfabetet[endre | endre wikiteksten]

Etter A Grammar of Biblical Aramaic, Franz Rosenthal. Formene er slik dei blei brukte i Egypt på 400-talet f.Kr. Namna er på bibelsk arameisk.

Bokstavnamn Utforming Bokstav Tilsvarande bokstav på Lyd
Hebraisk Arabisk Gammalsyrisk Brahmi Nabataeansk Kharosthi
Ālaph 𐡀 א ا ܐ /ʔ/; /aː/, /eː/
Bēth 𐡁 ב ﺑـ ܒ /b/, /v/
Gāmal 𐡂 ג ܓ /ɡ/, /ɣ/
Dālath 𐡃 ד د,ذ ܕ /d/, /ð/
𐡄 ה ܗ ? ? /h/
Waw 𐡅 ו و ܘ /w/; /oː/, /uː/
Zain 𐡆 ז ز ܙ ? ? /z/
Ḥēth 𐡇 ח ﺧ,ﺣ ܚ ? ? /ħ/
Ṭēth 𐡈 ט ط ܛ empatisk /tˤ/
Yudh 𐡉 י ﻳـ ܝ /j/; /iː/, /eː/
Kāph 𐡊 כ ך ك ܟܟ /k/, /x/
Lāmadh 𐡋 ל ﻟـ ܠ /l/
Mim 𐡌 מ ם ܡܡ /m/
Nun 𐡍 נ ן ن ܢܢ ܢ /n/
Semkath 𐡎 ס ܣ /s/
ʿĒ 𐡏 ע ﻏ,ﻋ ܥ ? ? /ʕ/
𐡐 פ ף ﻓـ ܦ /p/, /f/
Ṣādhē , 𐡑 צ ץ ﺻـ ܨ empatisk /sˤ/
Qoph 𐡒 ק ﻗـ ܩ /q/
Rēsh 𐡓 ר ر ܪ /r/
Shin 𐡔 ש ﺷ,ﺳ ܫ /ʃ/
Tau 𐡕 ת ﺗـ,ﺛـ ܬ /t/, /θ/

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Aramaic alphabet» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2013.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Byrne, Ryan. «Middle Aramaic Scripts», Encyclopaedia of Language and Linguistics. Elsevier. (2006)
      • Daniels, Peter T., et al. eds. The World's Writing Systems. Oxford. (1996)
      • Coulmas, Florian. The Writing Systems of the World. Blackwell Publishers Ltd, Oxford. (1989)
      • Shaked, Saul (1987). "Aramaic". Encyclopedia Iranica. 2. New York: Routledge & Kegan Paul. pp. 250–261. p. 251
      • Geiger, Wilhelm; Kuhn, Ernst (2002). Grundriss der iranischen Philologie: Band I. Abteilung 1. Boston: Adamant. pp. 249ff.
      • Naveh, Joseph; Shaked, Shaul (2006). Ancient Aramaic Documents from Bactria. Studies in the Khalili Collection. Oxford: Khalili Collections. ISBN 1-874780-74-9.
      • Ancient Hebrew and Aramaic on Coins, reading and transliterating Proto-Hebrew, online edition Arkivert 2011-05-11 ved Wayback Machine.. (Judaea Coin Archive)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Arameisk skrift