Det armenske høglandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det armenske høglandet
fjellkjede
none  Det armenske høglandet nær den tyrkisk-iranske grensa
Det armenske høglandet nær den tyrkisk-iranske grensa
Land Flag of Armenia.svg Armenia, Flag of Azerbaijan.svg Aserbajdsjan Flag of Georgia.svg Georgia, Flag of Iran.svg Iran Flag of Turkey.svg Tyrkia
Høgaste punkt Ararat
 - høgd 5 137 moh
 - koordinatar 39°43′N 44°16′E
Areal 400 000 km²
Satellittbilete
Satellittbilete

Det armenske høglandet er ein del av Det transkaukasiske høglandet og utgjer forlenginga av fjellområdet Kaukasus, som òg vert kalla Aust-Armenia. Det meste av Det armenske høglandet ligg i Tyrkia, og ein liten del ligg i Iran. Så godt som heile Armenia ligg derimot innanfor Det armenske høglandet, og området strekkjer seg òg inn i vestlege område av Aserbajdsjan

Det totale arealet av området er om lag 400 000 km²[1]. Det høgaste punktet er fjellet Ararat på 5 165 meter. Området er ei blanding av lavaplatå, vulkankjegler og fjellkjeder med fjellstepper og halvvegs ørkenområde. Ein har fleire innsjøar i tektoniske fordjupningar (Sevansjøen, Vansjøen, Urmiasjøen). Sjølv om namnet ofte dukkar opp i internasjonale atlas, vert ikkje namnet brukt av Armenia sine naboland på grunn av politiske og historiske årsaker.

Aprikosen er ein naturleg del av Det armenske høglandet, og i antikken vart han kjend som den armenske frukta. Det botaniske namnet er Prunus armeniaca, som kjem frå det latinske namnet for aprikos, armeniacum, som enkelte vitskapsfolk har knytt til det akkadiske namnet armanu. [2]

Kjende fjelltoppar[endre | endre wikiteksten]

Nr. Fjell Primærfaktor Stad
1 Ararat 5,137 m Flagget til Tyrkia provinsen Iğdır
2 Aragats 4,095 m Flagget til Armenia provinsen Aragatsotn
3 Süphan 4,058 m Flagget til Tyrkia provinsen Bitlis
4 Kapudzhukh 3,906 m Flagget til Armenia Syunik, Mal:Landdata Azerbaijan Ordubad
5 Azhdahak 3,597 m Flagget til Armenia provinsen Gegharkunik
6 Kezelboghaz 3,594 m Flagget til Armenia provinsen Syunik
7 Artos 3,515 m Flagget til Tyrkia provinsen Van

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Encyclopædia Britannica. 2007. Encyclopædia
  2. Raphael A. Ishkhanian, On the Origin and Earliest History of the Armenian People, trans. N. Ouzounian, (Montreal, 1989) 48; Raphael A. Iskhanian, Bnik hayeren paer ew hnaguyn p’okhar’ut’yunner (Yerevani Hamalsarani Hrat. 1989) 56.

Koordinatar: 39°17′1″N 43°22′19″E