Det armenske riksvåpenet
Det armenske riksvåpenet inneheld eit våpenskjold delt i fire kvadrantar med symbola til dei fire historiske armenske kongedøma og med eit mindre skjold i midten som syner fjellet Ararat. Ei ørn til venstre og ei løve til høgre vaktar skjoldet. Ved føtene deira ligg ulike armenske nasjonalsymbol.
Innhaldsliste |
[endre] Historie og symbolikk
Løva blei brukt som symbol i to av dei historiske armenske kongedøma, Artasjisian (190-12 f.Kr.) og Arsjakuni (53-423 e.Kr.), medan ørna var i bruk i dei to seinare, Bagraton (862-1045) og Rubinjan (1187-1375).
Ararat, som ifølgje Bibelen var staden Noahs ark stranda på ved enden av syndfloda, er eit viktig nasjonalsymbol for landet.
Symbola ved føtene til løva og ørna er:
- Eit kveiteknippe som står for den arbeidssame naturen til nasjonen
- Ein fjørpenn som står for Armenia si kulturelle og intellektuelle arv
- Ei broten kjede som står for fridoms- og sjølvstendetronga
- Eit sverd som bryta kjeda til minne om fridomskampen
- Eit band for det armenske trikolorflagget.
Armenia tok i bruk dette riksvåpenet då landet fekk sjølvstende som Den demokratiske republikken Armenia i 1918, men mista det då det i 1920 blei del av Sovjetunionen. Etter sjølvstendet i 1991 blei det teke i bruk att.
[endre] Tidlegare riksvåpen
-
Den demokratiske republikken Armenia i 1918-1922
-
Som del av Den transkaukasiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken 1922-1936
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Armenias riksvåpen» frå Wikipedia på bokmål, den 14. juli 2011.
|
|
|
|---|---|
| Afghanistan · Armenia · Aserbajdsjan · Aust-Timor · Bahrain · Bangladesh · Bhutan · Brunei · Burma · Dei sameinte arabiske emirata · Filippinane · Georgia · India · Indonesia · Irak · Iran · Israel (Palestina) · Japan · Jemen · Jordan · Kambodsja · Kasakhstan · Folkerepublikken Kina (Hongkong · Macao) · Republikken Kina (Taiwan) · Kirgisistan · Kuwait · Kypros · Laos · Libanon · Malaysia · Maldivane · Mongolia · Nepal · Nord-Korea · Oman · Pakistan · Qatar · Russland · Saudi-Arabia · Singapore · Sri Lanka · Syria · Sør-Korea · Tadsjikistan · Thailand · Turkmenistan · Tyrkia · Usbekistan · Vietnam |