Det belgiske riksvåpenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det litle belgiske riksvåpenet
Det store belgiske riksvåpenet

Det belgiske riksvåpenet har ei opprett gull løve på eit svart skjold med daud tunge og raude klør. Våpenet finst i to variantar; eit stort riksvåpen, som stort sett berre vert brukt til å stadfeste lovar og internasjonale traktatar, og eit mindre statvåpen som vert brukt i dei fleste offisielle samanhengane. Det minste våpenet er eit skjold er eit skjold med Brabants gylne løve på svart botn, lagt over to krosslagte septer. Skjoldet er omkransa av storkrosskjedet til Leopoldordenen og krona med ei kongekrone. Under skjoldet er det in banderole med innskrift på fransk, L'union fait la force, eller nederlandsk, Eendracht maakt macht (Eining gjev styrke).

I det store riksvåpenet er kongekrona over skjoldet erstatta av ein hjelm med ope visir og ei kongekrone som hjelmteikn og to lanseberande løver som held skjoldet, det heile plassert på ei krona, purpurfarga og hermelinsfora våpenkappe med gull bordar og duskar, derfrå stig lanser med faner som ber våpna til dei opphavlege ni provinsane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]