Det britiske austindiske kompaniet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flagget til selskapet 1600–1707
Flagget til selskapet 1707–1801
Flagget til selskapet 1801–1858

Det britiske austindiske kompaniet (engelsk (British) East India Company) var eit handelskompani skipa 31. desember 1600 ved kongeleg konsesjon av dronning Elisabeth I. I løpet av dei neste 250 åra vart selskapet eitt av dei mektigaste føretaka i verda.

Verksemda til selskapet var i hovudsak retta mot India, der det tileigna seg forvaltningsmessige og militære oppgåver.

Perioden som territorialmakt for selskapet på det indiske subkontinentet vert rekna frå slaget ved Plassey i 1757, der Sir Robert Clive tileigna seg retten til å skattleggje det rike Bengal. Sjølv om slaget i seg sjølv var av avgrensa storleik, vert det rekna som starten på ein 100-årsperiode der britane erobra store delar av dagens India, Pakistan og Bangladesh.

Kompaniet opererte som overhovud i India fram til 1858, då staten overtok det formelle ansvaret, etter å ha gradvis påført Kompaniet større grad av statleg kontroll.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen som har med India og Storbritannia å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.