Det britiske riksvåpenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Riksvåpenet nytta av den britiske regjeringa.
Riksvåpenet som blir nytta av Skottland-departementet og i Skottland.

Det britiske riksvåpenet finst i fleire liknande utgåver til bruk av regjeringa eller monarken i Skottland eller resten av landet. Dagens utforming stammar frå 1801 og er ei kombinasjon av fleire våpen knytt til dei ulike landa som utgjer det sameinte kongeriket Storbritannia, og fyrstehusa som har styrt det. Det kongelege våpenet blir berre brukt av den britiske monarken og domstolar, som er representantar for monarken. Andre statlege institusjonar nyttar det vanlege riksvåpenet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Våpenet som blir nytta i England, Wales og Nord-Irland har denne skildringa: Våpenskjoldet har i første og fjerde felt det engelske kongevåpenet (tre gåande leopardar, det vil seia løve med ansiktet vend mot tilskodaren, i gull på raud bakgrunn); i andre feltet det skotske kongevåpenet (ei opprett raud løve på gullbakgrunn innanfor ei ramme av liljer og omvendte liljer); og i tredje felt det irske kongevåpenet (ei harpe i gull på blå bakgrunn). Nå for tida skal det irske våpenet stå for Nord-Irland.

Øvst på skjoldet står den stiliserte engelske kongekrona, og på kvar side av skjoldet er det eit dyr som skjoldhalder: Ein leopard (løve) frå det engelske kongevåpenet, og einhyrningen som er frå det skotske kongevåpenet. Skjoldhaldarane står på ein stilisert grasbakke med roser, som er den engelske nasjonalblomen. Skjoldet er omgjeve av den engelske Hosebandordenen og eit band med mottoet «Dieu et mon droit», fransk for 'Gud og min rett'.

I Skottland bruker styresmakta ein variant av riksvåpenet, etter unionsakta av 1707 som la grunnen for unionen mellom Skottland og England. Det skotske våpenet står der i første og fjerde feltet av skjoldet, med dei tre engelske løvene i det andre. På øvste kant av skjoldet er det ei stilisert skotsk kongekrone. Skjoldhaldarane har bytta plass etter rangorden med den skotske einhyrningen først, og på grasbakken er det tistlar, som er den skotske nasjonalplanten. Skjoldet er omgjeve av den skotske Tistelordenen (Order of the Thistle) og mottoet «Nemo me impune lacessit», latin for 'Ingen skader meg ustraffa'.

Kongevåpen[endre | endre wikiteksten]

Monarken sitt personlege våpen, the Royal Arms, liknar riksvåpenet, men har fleire heraldiske element: ein hjelm med engelsk kongekrone, hjelmteikn (ein ståande leopard) og hjelmklede. I eigenskap av monark i Skottland bruker monarken eit våpen som er noko forskjellig.

Historisk utvikling[endre | endre wikiteksten]

Under napoleonstida gav Storbritannia slepp på kravet på den franske trona, og i samband med unionen med Irland i 1801 blei dei franske liljene i tredje felt bytta ut med den irske harpa. Det finst ein irsk variant av krona over skjoldet, men denne blei nytta svært sjeldan ettersom unionen mellom Irland og Storbritannia, Act of Union 1800, ikkje blei konsekvent praktisert og alle dei irske symbola ikkje blei oppretthaldne.

Ei tid hadde riksvåpenet ei såkalla hjarteskjold midt på som inneheldt våpenet til det regjerande kongehuset. Hjarteskjoldet blei teke ut i 1917 i samband med at den britiske greina av huset Sachsen-Coburg-Gotha bytta namn til Windsor på grunn av anti-tysk stemning under første verdskrigen.

Det noverande kongevåpenet er sett saman av våpena til dei kongerika som utgjer Storbritannia. Våpna har utviklingslinjer tilbake til dei første våpna til kongane av England og Skottland. Det britiske kongevåpenet har variert opp gjennom hundreåra, etter kvart som det fekk tillegg av våpenmotiv fr andre område som kongane la under seg eller som dei påropte seg rett til. Nedanfor er det sett opp korleis kongevåpenet utvikla seg frå våpna til Henrik II av England og William I av Skottland.

Kongedømet England
Våpen Periode Kommentar
Royal Arms of England (1154-1189).svg
1154-1189 Det eldste kjente våpenet til kongen av England, ei opprett løve i gull på raud botn. Først brukt av Henrik II.
Royal Arms of England (1189-1198).svg
1189-1198 Rikard Løvehjerte sitt første våpen, to opprette løver i gull på raud botn.
Royal Arms of England (1198-1340).svg
1198-1340 Rikard Løvehjerte sitt seinare våpen, tre gåande leopardar i raudt.
Royal Arms of England (1340-1367).svg
1340-1367 Edvard III tilføyde det franske kongevåpenet, blå botn strødd med liljer i gull, for å markera sitt krav på den franske trona.
Royal Arms of England (1395-1399).svg
1367-1399 Rikard II tilføyde ein kross omgjeven av små fuglar frå seglet til Edvard Vedkjennaren segl.
Royal Arms of England (1399-1603).svg
1399-1422
1461-1470
1471-1554
1558-1603
Henrik IV oppdaterte det franske kongevåpenet ved å redusera det til berre tre liljer, med to over ei, slik kongevåpenet då blei brukt i Frankrike.
Royal Arms of England (1470-1471).svg
1422-1461
1470-1471
Henrik VI framhevde sterkt det franske kongevåpenet ved å dela skjoldet loddrett (kløyvd) med liljene i både det første hovudfeltet og i det første og fjerde feltet av det andre hovudfeltet.
Royal Arms of England (1554-1558).svg
1554-1558 Ved ekteskap kombinerte Mary I sitt våpen med kong Filip sitt kompliserte spanske kongevåpen som har felter mellom anna for Leon, Kastilla og Aragon.
Unionen av 1603 plasserte England, Irland og Skottland under ein felles monark
Våpen Periode Kommentar
Royal Arms of England (1603-1707).svg
1603-1649
1660-1689
1702 - 1707
James VI, skottekonge arva trona til England og Irland i 1603, og kombinerte våpna. Ein skotsk versjon gjev den skotske løva forrang ved plassering i første felt (her i andre felt).
Coat of Arms of the Commonwealth of England.svg
1649-1660 Nytt riksvåpen med den engelske georgskrossen, den skotske andreaskrossen, den irske harpa og våpenet til Oliver Cromwell som hjarteskjold.
Royal Arms of England (1694-1702).svg
1689-1702 Ved ekteskap kombinerer dronning Maria med våpenet til Huset Oranien-Nassau: i eit hjarteskjold ei opprett løve i gull på ein blå botn strødd med rektangulære gull-firkantar.
Royal Arms of Great Britain (1707-1714).svg
1707-1714 Ein versjon med omfordeling av skjoldfelta blei brukt av dronning Anne. Her er den skotske løva rett nok trekt inn i ein halvdel av første og fjerde felt, men den skotske løva er framleis plassert etter dei tre engelske leopardane.
Royal Arms of Great Britain (1714-1801).svg
1714-1801 Ved personalunion med Hannover tok Georg I med felt våpna til Hertugdømet Braunschweig (to leopardar), Lüneburg (ei blå løve på botn strødd med hjarte) og Westfalen (hest) i fjerde felt av hovudskjoldet, og eit hjarteskjold med den tyske keisarkrona.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]