Det britiske toktet mot Dominica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det britiske toktet mot Dominica
Del av sjuårskrigen
LocationDominica.png
Plasseringa til Dominica
Dato 12. oktober 1758
Stad Roseau på Dominica
Resultat Avgjerande britisk siger
Partar
Pavillon royal de France.svg Frankrike Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Kommandantar
Louis Robert de la Touche de Longpré Lord Rollo
Sir James Douglas
Styrkar
4 linjeskip
2 fregattar
Tap
8 drepne eller skadde[1]

Det britiske toktet mot Dominica var eit sjøslag i juni 1761 og ein del av sjuårskrigen.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Mot slutten av1760 var erobringa av Canada fullført og mange britiske soldatar var ledige i Nord-Amerika.

Så tidleg som januar 1761 hadde William Pitt informert Jeffrey Amherst at han trong nokre av soldatane hans på hausten for å erobre Dominica, Saint Lucia og Martinique. Amherst sendte 2000 mann til Guadeloupe, som alt var på britiske hender etter det britiske toktet mot Guadeloupe i 1759. Amherst hadde i tillegg sendt 6000 mann seinare på året for å ta Martinique.

Toktet[endre | endre wikiteksten]

Dei første dagane av juni 1761 kom transportskipa frå Amerika enkeltvis til Guadeloupe då flåten hadde vorte spreidd under ein storm. 3. juni kom fire skip fram, i lag med Lord Rollo, som Amherst hadde gjeve kommandoen til.

Den 4. juni sette desse britiske skipa, i lag med eitt skip til, ut frå Guadeloupe, eskortert av skvadronen til sir James Douglas, admiralen på Leewardøyane. Styrken bestod av :

  • ei avdeling frå garnisonen i Guadeloupe (300 mann)
  • Høglendarar (400 mann)
  • 22. fotregiment
  • 94. fotregiment

Den 6. juni ved middagstider hadde britane kome fram til Roseau, der innbyggjarane vart samla for å overgje seg. Franskmennene svarte med å bemanne batteria sine og andre forsvarsverk, som omfatta fire linjer med skyttargraver ovanfor kvarandre. Rollo sette mennene sine i land og gjekk inn i byen. Han frykta at franskmennene kom til å verte forsterka i løpet av natta, og sjølv om det var seint, valte han å storme skyttargravene med ein gong. Han gjekk til åtak og dreiv ut franskmennene og tapte berre få menn sjølv. Den franske kommandanten og hans nestkommanderande vart begge tekne til fange. Etter dette stoppa motstanden.

Den 7. juni svor Dominica truskap til kong Georg.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

I motsetnad til Guadeloupe og Martinique, vart ikkje øya gjeven tilbake til Frankrike etter Paris-traktaten i 1763. Øya vart okkupert av Frankrike under den amerikanske sjølvstendekrigen mellom 1778 og 1783, og etter dette vart øya verande britisk fram til dei fekk sjølvstende i 1978.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Marley, s. 288