Det britiske underhuset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 51°29′57″N 00°07′29″W

Det britiske underhuset held saman med overhuset til i Palace of Westminster.

Det britiske underhuset, engelsk House of Commons, er det lågare av dei to kammera i Det britiske parlamentet. Her sit medlemmer som blir valde direkte frå 650 einmannskrinsar over heile Storbritannia.

Underhuset var tradisjonelt det svakaste kammeret i parlamentet, men har sidan Reform Act i 1832 og Parliament Act i 1911 blitt kammeret med størst politisk makt. Underhuset dannar regjering og står bak dei fleste lovane i landet.

Stad[endre | endre wikiteksten]

Commons Chamber i 2013.
Skildring av det britiske underhuset frå 1804.

Det britiske underhuset kjem saman i Commons Chamber i Palace of Westminster. Rommet måler 23 × 5 meter, og er sparsomt dekorert i grønt. Det noverande rommet blei bygd i 1950 av Giles Gilbert Scott etter at det tidlegare, Chapel of St Stephen's, var blitt skadd under andre verdskrigen. Dei grunnleggjande trekka blei tekne vare på ved gjenoppbygginga.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eit engelsk underhus utvikla seg i løpet av 1300-talet, og blei til det britiske underhuset etter unionen med Skottland i 1707, då forsamlinga voks med 45 skotske representantar. Ved unionen med Irland i 1800 blei underhuset slått saman det irske parlamentet med 100 nye medlemmer. Sidan opprettinga av Den irske fristaten i 1922 har kammeret berre hatt representantar frå Nord-Irland.

Val[endre | endre wikiteksten]

Val til underhuset føregår ved fleirtalsval i einmannskrinsar i éin valomgang i løpet av ein dag. Alle røysteføre personar som kan få støtte frå ti medlemmer i ein valkrins og betaler eit depositum på 500 pund kan stilla til val, anten for eit politisk parti eller som sjølvstendig. Medlemmer av overhuset, fangar og personar som er erklært galne kan ikkje stilla til val. Ein person som er vald til underhuset blir gjerne omtalt som Member of Parliament, med forkortinga MP etter namnet sitt. Om ein MP døyr eller pensjonerer seg, blir det halde tilleggsval.

Alle britiske statsborgarar og borgarar frå britiske oversjøiske territorium, det britiske samveldet eller Republikken Irland som er busette i Storbritannia og er over 18 år har stemmerett. Britiske statsborgarar i utlandet kan stemma i 15 år etter at dei har utvandra.

Underhusperioden er i opptil fem år. Tradisjonelt har den britiske statsministeren kunna bestemme kva tid det skal skrivast ut nyval (innanfor femårsperioden), men Fixed-term Parliaments Act 2011 fastset eit tidsskjema for parlamentsval som byrjer i 2015. Etter dette skjemaet skal val haldast den første torsdagen i mai kvart femte år.

Roller i underhuset[endre | endre wikiteksten]

Den britiske regjeringa (Her/His Majesty's Government) blir danna av det største partiet i underhuset, eller ein koalisjon. Medlemmene i regjeringa fortset å vera medlemmer av det kammeret dei høyrer til, og sit øvst på den første benkeraden i underhussalen. Overfor dei sit leiarane for opposisjonen (Her Majesty's Opposition) som tradisjonelt dannar eit skuggekabinett.

Underhuset har ein ordstyrar (speaker) som er henta frå parlamentsmedlemmene, men som skal vera upartisk.

Tiltrudde medlemmer av kvart parti (whips) instruerer parlamentsmedlemma korleis dei skal stemma. Meinige medlemmer sit på bakre benkar og blir derfor ofte kalla back-benchers.

Prosedyrar[endre | endre wikiteksten]

Underhuset kan halda møte når det er minst 40 medlemmer til stades. Under viktige debattar kan alle medlemmene koma til underhuset. Mange må då stå langs veggane eller i publikumsgalleriet.

Ordstyraren sit på eit forhøgd podium og gjev medlemmer ordet, medan parlamentsmedlemmene talar direkte frå benkane.

Røysting føregår ved at parlamentsmedlemmer går ut av salen gjennom ei av to dører. Dei som støtter eit forslag går ut gjennom den høgre døra, medan dei som er imot går ut gjennom den venstre.

Etter gammal tradisjon kjem den britiske monarken ikkje inn i kammeret; den siste som gjorde det var Karl I under opprørstidene i 1642.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Det britiske underhuset