Det danske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dannebrog, det danske nasjonalflagget

Danmark sitt flagg, som ofte vert kalla Dannebrog, er det eldste nasjonalflagget i verda som enno er i bruk i si opphavlege form. Vi veit at dette flagget vart nytta allereie i byrjinga av 1200-talet. Krossforma i det danske flagget har gjeve inspirasjon til dei andre nordiske nasjonalflagga.

Soga om det danske flagget seier at det kom dalande ned frå himmelen under eit slag utkjempa av kong Valdemar Siger i Estland. Slaget var i ferd med å gå dårleg, men då flagget viste seg, snudde krigslukka for danskane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.