Det ekvatoriale straumsystemet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Havstraumar i verdshava

Det ekvatoriale straumsystemet eller Ekvatorialstraumen er eit straumsystem som består av tre havstraumar langs ekvator, i tillegg til ein understraum. Desse er:

Dei to første er breie og grunne og strøymer vestover, medan motstraumen er smalare og går mot aust mellom dei to første.

Straumsystemet vert drive av passatvindane og har ein styrke på kring 0,5 til 2 knop. Det ekvatoriale straumsystemet er mest utvikla i Stillehavet, men finst òg i Atlanterhavet, og i vinterhalvåret i Indiahavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Det ekvatoriale strømsystem» av Odd Henrik Sælen i Store norske leksikon, snl.no.