Det estiske riksvåpenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det store riksvåpenet til Estland

Det estiske riksvåpenet er samansett av tre heraldiske blå leopardar med raude tunger på eit gullfarga skjold, omgjevne av eikegreiner. Sentralmotivet er henta frå det danske riksvåpenet, etter dansk overherredømme1300-talet. Parlamentet i den sjølvstendige estiske republikken vedtok riksvåpenet 19. juni 1925. Då Estland igjen vart sjølvstendig i 1990, vart riksvåpenet gjeninnført ved ei lov av 6. april 1993.

Den estiske sosialistiske sovjetrepublikken[endre | endre wikiteksten]

Riksvåpenet til republikken vart bytta ut då Estland var okkupert av Sovjetunionen frå 1940. Det viser ei oppstigande sol, framheva ved solstrålar, dei kommunistiske symbola hammar og sigd og den raude stjerna omgjevne av kornaks og ein kvist frå eit nåletre. Aksa og kvisten er omgjevne av eit band med tre tekstar: «Eesti NSV» for Eesti Nõukogude Sotsialistlik Vabariik, Den estiske sosialistiske sovjetrepublikken; «Пролетарии всех стран, соединяйтесь!» for Proletarar i alle land, samein dykkrussisk; «Kõigi maade proletaarlased, ühinege!», same motto på estisk.