Det første Cevallos-toktet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det første Cevallos-toktet
Del av sjuårskrigen

Kart over Colonia del Sacramento frå 1762.
Dato 1. til 20. oktober 1762
Stad Colonia del Sacramento, dagens Uruguay
Resultat Spansk siger
Partar
 Portugal
Det britiske austindiske kompaniet
 Spania
Kommandantar
Vicente da Silva da Fonseca Pedro Antonio de Cevallos
Styrkar
1 fregatt,
1 handelsskip,
3 kurerbåtar,
12 kanonbåtar,
15 transportskip,
700 infanteristar,
200 dragonar,
1800 militssoldatar,
1200 indianarar[1]
Tap
ukjend tal skadde eller drepne,
2355 fangar,
87 kanonar tapt,
26 fartøy tapt[2]
12 drepne & 200 skadde[2]
Den spansk-portugisiske krigen 1761-1763
Portugal (1762)Colonia del Sacramento (1762)Río Grande de San Pedro (1763)

Det første Cevallos-toktet var eit spansk militært tokt mellom september 1762 og april 1763 leia av Pedro Antonio de Cevallos mot portugisarane i Sør-Amerika, som ein del av sjuårskrigen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I januar 1762 slo Spania seg saman med Frankrike mot Storbritannia i sjuårskrigen, som følgje av den tredje Pacte de Famille. Planen var å angripe Portugal, som hadde vore nøytrale opp til då, men som var ein viktig økonomisk alliert med Storbritannia. Den 9. mai invaderte Spania Portugal og gjekk så til åtak på Portugal i Sør-Amerika, særleg for å ta Colonia del Sacramento som dei lenge hadde kjempa om.

Toktet i 1762[endre | endre wikiteksten]

Dei første dagane av januar 1762 segla fregatten Victoria kommandert av Carlos José de Sarriá, frå Cadiz til Buenos Aires med ordre for guvernøren i Buenos Aires, Pedro Antonio de Cevallos, om å angripe og ta Sacramento.

Han starta førebuingar og i september 1762 hadde han samla nok menn og skip til å utføre åtaket. Flåten segla over Rio de la Plata og gjekk i land den 14. september. Armeen fekk støtte av 1200 indianarar frå 1. oktober av. Omleiringa av byen starta den 5. oktober.

Forholdet mellom Cevallos, som kommanderte armeen og Sarria, som kommanderte flåten, var særs dårleg. Etter at armeen gjekk i land, og utan løyve frå Cevallos, segla Sarria flåten sin på 16 skip attende til Buenos Aires.

Heldigvis for spanjolane var portugisarane dårleg førebudd og 31. oktober 1762 kapitulerte Silva Fonseca, guvernøren i byen.

Senkinga av Lord Clive[endre | endre wikiteksten]

Storbritannia, som no offisielt var i krig med Spania, deltok ikkje i desse slaga, men det austindiske kompaniet hadde planar om å erobre dei spanske områda i Sør-Amerika og kjøpte to gamle krigsskip frå marinen. Det største skipet var HMS «Kingston», som fekk namnet «Lord Clive» (60 kanonar). Den andre skipet var «Ambuscade» (40 kanonar).

Den vesle skvadronen, kommandert av Robert McNamara forlet Lisboa den 30. august og slo seg i Rio de Janeiro saman med to portugisiske krigsskip (fregatten «Glória» (38 kanonar)) og transporterte 500 fotsoldatar og fem lagerskip. Den 2. november segla skvadronen frå Rio de Janeiro mot munningen av Río de la Plata for å angripe Buenos Aires og Montevideo, men gav raskt opp då dei møtte sterk motstand frå spanjolane.

Den 6. januar 1763 valde skvadronen å angripe og ta attende Colonia de Sacramento. DEn spanske skvadronen under Sarria flykta så snart dei såg fienden. Sarria øydela til og med flaggskipet sitt slik at fienden ikkje skulle ta det, etter at slaget alt var over. Han vart tiltalt for feigskap, men frikjend. Utan flåten sin klarte spanjolane likevel å forsvare seg godt. «Lord Clive» vart sett i brann og sokk. 272 av mannskapet ombord mista livet, mellom anna kommandanten kaptein Robert McNamara. Resten av den allierte flåten segla attende til Rio de Janeiro.

Toktet i 1763[endre | endre wikiteksten]

Cevallos hadde framleis kontroll over Sacramento og marsjerte med armeen sin våren 1763 austover og 19. april tok han festninga Santa Teresa, nær dagens Chuy på grensa mellom Uruguay og Brasil. Eit par dagar seinare tok han Santa Tecla og San Miguel. Den 24. april nådde han Río Grande de San Pedro men då var fredsavtale signert og krigen var over.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Sacramento og alle områda som vart erobra under det første Cevallos-toktet, vart gjeven attende til Portugal i Paris-traktaten i 1763. Dette var ein del av av avtalen for at Spania skulle få Cuba attende etter det britiske toktet mot Cuba. Dette var langt viktigare for spanjolane enn desse fjerntliggande områda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Marley s. 295
  2. 2,0 2,1 Marley s. 296