Jakobittopprøra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kong Jakob II

Jakobittopprøra var ein serie opprør og krigar på Dei britiske øyane mellom 1688 og 1746. Målet for jakobittane var å gjeninnsette Jakob VII av Skottland og II av England på trona, etter at han vart avsett av Det engelske parlamentet under den ærerike revolusjonen. Etter Jakob II døydde prøvde ein å setje ein av dei dei jakobittiske arvingane på trona.

Striden var først og fremst dynastisk, men hadde òg religiøse sider sidan dei jakobittiske arvingane var katolikkar. Mange katolikkar hadde forhåpningar om at det å få ein katolsk monark ville føre til store endringar i britisk religionspolitikk.

Dei største opprøra fann stad i 1715 og 1745. Dei er kjent som respektive første jakobittopprør og andre jakobittopprør, men vart òg kalla for The Fifteen («Femten») og The Forty-Five («Førtifem») etter åra dei braut ut i. Det var òg fleire mindre opprør.

Kvart av opprøra har unike trekk, men dei kan knytast saman i ein serie forsøk på å gjeninnsette huset Stuart på trona til Skottland og England, og etter 1707 på trona til Storbritannia. Det siste opprøret enda då Charles Edward Stuart, «Bonnie Prince Charlie», leid eit knusande nederlag i slaget ved Culloden i 1746.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]