Det første slaget ved Marne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Første verdskrigen
75 mm battaglia della Marna.jpg
Dato 5. september-9. september 1914
Stad Marne, aust for Paris i Frankrike
Resultat Strategisk fransk-britisk siger
Partar
Flag of Germany.svg Tyskland Tyskland Flag of France.svg Frankrike
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Kommandantar
Helmuth von Moltke d.y. Joseph Joffre
Tap
ca. 263 000 ca. 250 000
Kart over slaget.

Det første slaget ved Marne var eit slag som fann stad 5.-9. september 1914 ved den franske elva Marne. Det var eit av dei tidlege slaga i den første verdskrigen, og det første utkjempa mellom tyske styrkar på den eine sida og franskmenn og britar på den andre. Slaget stansa den tyske offensiven mot Paris. Etterpå blei krigen på vestfronten hovudsakeleg ein stillingskrig.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter krigserklæringa den 3. august følgde Tyskland den tidlegare utarbeidde Schlieffenplanen ved å gå til åtak gjennom Belgia og Nord-Frankrike. Etter slaget om grensene og slaget om Liège kunne dei sigrande tyske styrkane flytta sine første, andre og tredje arméar inn i nordre Frankrike. Mot dei stod den belgiske hæren, som trekte seg tilbake til Antwerpen, det britiske ekspedisjonskorpset og den franske 5. armén. Franskmennene og britane blei overvunne i slaga ved Sambrai og Mons 21.-24. august, og tvinga til å gjera retrett.

I mellomtida hadde den franske offensiven aust i Elsass-Lothringen mislukkast. Den franske øverstkommanderende, general Joseph Joffre, hadde innsett faren i nord og prøvde å dra ut forband i strid i aust for å transportera dei vestover for å stoppa den tyske frammarsjen. Den raske tyske fremmarsjen gjorde at han heile tida måtte trekka forsvarslinja bakover. Samtidig samla militærguvernøren i Paris, general Joseph Gallieni, saman forband for forsvar av byen.

I slaget ved St. Quentin 29. august lukkast den franske 5. arméen i å stoppa offensiven til den tyske 2. arméen. Arméen trengde ein dag til å kvila og organisera seg. No såg øvstkommanderende til den tyske 1. arméen, general von Kluck, eit høve til å angripa den 5. arméen i flanken. Det hadde også oppstått ei luke til den 2. arméen som berre var dekt av kavaleri. Kursendringa innebar at idéen frå Schlieffenplanen om å gå vest for Paris blei gjeven opp.

Deltakande arméar[endre | endre wikiteksten]

Kvilande franske soldatar under slaget ved Marne.

Frå vest til aust

Tyskland
Armé Øvstkommanderande
Flag of the German Empire.svg Keisarriket Tyskland 1. armé Alexander von Kluck
Flag of the German Empire.svg Keisarriket Tyskland 2. armé Karl von Bülow
Flag of the German Empire.svg Keisarriket Tyskland 3. armé Max von Hausen
Ententen
Armé Øvstkommanderende
Flag of France.svg Frankrike 6. armé Michel Maunoury
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia BEF John French
Flag of France.svg Frankrike 5. armé Louis Franchet d'Espérey
Flag of France.svg Frankrike 9. armé Ferdinand Foch
Flag of France.svg Frankrike 4. armé Ferdinand de Langle de Cary

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Tyske soldatar med skipskanon gjort om til feltkanon under slaget ved Marne.

Takka vera flyspaning kjende franskmennene til luka mellom dei tyske 1. og 2. arméane. Joffre gav ordre til den 6. arméen om å angripa den tyske 1. arméen i flanken og pressa han over Ourcq, samtidig som BEF angreip i luka mellom arméane i retning mot Montmiral. Den britiske feltmarskalken John French var rett nok misnøgd med å måtta setje inn troppane sine i kampane ettersom dei var utslitne, men han gjekk med på åtaket.

BEF hadde likevel eit godt stykke att før dei kunne angripa, og i mellomtida blei den franske 6. arméen hardt pressa av den 1. arméen under Kluck. I ein kritisk augneblink blei dei redda av ein artilleridivisjon under kommando av Nivelle og av Paris garnison som var blitt kjørt dit i drosjebilar. No verka det som om Schlieffenplanen fungerte og at Paris skulle falla. Men offensiven til Kluck hade utvida luka mellom 1. og 2. armé, og BEF kunne nesten uforstyrra marsjera mot Marne.

Tysk retrett til Aisne

Tyskarane såg ut til å ha overtaket i kampane då det kom ein ordre om retrett frå hovudkvarteet til den tyske hæren, som hadde vurdert situasjonen som uhaldbar. Tyskarane trekte seg tilbake til Aisne og byrja byggja befestningar. Shlieffenplanen hadde dermed mislukkast, og den tyske øvstkommanderande von Moltke blei erstatta av Erich von Falkenhayn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Det første slaget ved Marne