Det fjerde krosstoget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Det fjerde krosstoget (12021204) hadde opprinneleg som mål å erobra det muslimske Jerusalem ved ein invasjon via Egypt. Istadenfor, i april 1204, invaderte og erobra krossfararar frå Vest-Europa det kristne (austleg-ortodokse) Konstantinopel, hovudstad i det bysantinske riket. Dette har blitt sett på som den siste handlinga i Det store skismaet mellom den austleg-ortodokse kyrkja og den romersk-katolske kyrkja. Det har ofte blitt beskrive som ei av dei mest lønnsame og samtidig som den mest vanærande plyndringa av ein by i historia.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter nederlaget med Det tredje krosstoget (11891192) var det lita interesse i Europa for enda eit krosstog mot muslimane. Jerusalem var no kontrollert av Ayyubide-dynastiet som herska over heile Syria og Egypt, med unntak av nokre få byar langsmed kysten som fortsatt var kontrollerte av krossfararkongedømmet Jerusalem, no sentrert i Akko. Det tredje krosstoget hadde også etablert eit kongedømme på Kypros.

Pave Innocent III overtok pavestolen i 1198, og han tala for eit nytt krosstog, noko som blei målet for hans pontifikat. Hans kall blei stort sett oversett av europeiske monarkar: tyskarane kjempa mot pavemakta, og England og Frankrike var framleis opptatt av krig med kvarandre. Grunna preikene til Foulques av Neuilly blei ein krossfararhær endeleg organisert ved ei turnering halden ved Écry av greve Thibaut III av Champagne i 1199. Thibaut blei vald til leiar, men han døydde i 1200 og blei erstatta av ein italiensk greve, Bonifatius av Monferrato. Bonifatius og andre leiarar sende bod til Venezia, Genoa og andre italienske bystatar for å forhandla fram ein kontrakt for transport til Egypt som var grunnlaget for deira krosstog. Eitt av sendeboda var den framtidige historikaren Geoffroi av Villehardouin. Genoa var uinteressert, men i mars 1201 blei det opna opp for forhandlingar med Venezia som sa seg einige i å frakta 33 500 krossfararar, eit svært ambisiøst tal. Denne semja kravde eit års førebuingar av Venezias innbyggjarar for å byggja mange nok skip og trena sjømannskapet som skulle bemanna dei, noko som begrensa byens kommersielle aktivitet. Ein gjekk ut ifrå at krossfararhæren bestod av 4 500 riddarar (forutan 4 500 hestar), 9 000 væpnarar og 20 000 fotsoldatar.

Den største delen av hæren seglte ut frå Venezia i oktober 1202 og kom hovudsakleg frå Frankrike. Den omfatta menn frå Blois, Champagne, Amiens, Saint-Pol, Île-de-France og Bourgogne. Fleire andre område i Europa bidrog også med betydelege kontingentar, som Flandern og Montferrat. Andre viktige grupper kom frå Det heilage romerske riket, blant anna menn under biskop Martin av Pairis og biskop Konrad av Halberstadt, saman med ein allianse med soldatar og sjømenn frå Venezia leidd av doge Enrico Dandolo. Krosstoget hadde til hensikt å dra direkte til sentrum for den muslimske verda, Kairo, og var klar til å segla den 24. juni 1202. Denne semja blei ratifisert av pave Innocent med eit høgtideleg forbod mot å gå til åtak på kristne rike.[1]

Angrepet på Zadar[endre | endre wikiteksten]

Ettersom det var inga bindande semje blant krossfararane om at dei skulle segla frå Venezia, valde mange å segla frå andre hamnar, spesielt Flandern, Marseille, og Genoa. Ved 1201 var hovudmengda av krossfararar samla ved Venezia, sjølv om det var langt færre troppar enn ein hadde trudd; 12 000 i staden for 33 500. Venezia hadde oppfylt sin del av avtala; det låg krigsgalleiar, store transportskip for menn og hestar – meir enn nok for tre gongar den eksisterande hæren. Venezia, med sin aldrande og blinde doge, ville ikkje la krossfararane segla utan at det fulle beløpet som var avtalt var blitt betalt; opprinneleg 85 000 sølvmerke. Krossfararane var derimot berre i stand til å betala rundt 51 000 sølvmerke, og det berre ved å redusera seg sjølve til ytste fattigdom. Dette var ulukksalig for Venezia, som hadde utsett sin kommersielle handel i lang tid for å førebu ekspedisjonen. I tillegg til dei 20 000, kanskje 30 000 som trengtest for handtera flåten, og Venezia sitt folketal var totalt 60 000, kom Venezias økonomi under stort press.[2]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «History of the Church», Innocent III & the Latin East, side 370, Philips Hughes, Sheed & Ward, 1948.
  2. Phillips, J.: The Fourth Crusade and the Sack of Constantinople, side 57