Det franske austindiske kompaniet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Franske og andre europeiske busetnader i India.
Fransk India på sitt mest utstrekte i 1741-1754

Det franske austindiske kompaniet (fransk La Compagnie française des Indes orientales eller Compagnie française pour le commerce des Indes orientales) var eit handelsselskap grunnlagd i 1664 for å konkurrere mot Dei britiske og nederlanske austindiske kompania.

Det vart planlagt av Jean Baptiste Colbert og oppretta med løyve frå kong Ludvig XIV for å gjere handel på den austlege halvkula. Kompaniet oppstod med samanslåinga av tre tidlegare selskap, Compagnie de Chine frå 1660, Compagnie d'Orient og Compagnie de Madagascar. Den første generaldirektøren The first Director General for the Company was François Caron, who had spent 30 years working for the Dutch East India Company, including more than 20 years in Japan.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første statsfinansierte fransek reisa til Austindia skjedde i 1603 med Paulmier de Gonneville frå Honfleur som kaptein. Den franske kongen Henrik IV gav løyve til det første Compagnie des Indes Orientales, og gav selskapet monopol i 15 år på indisk handel.[2] Denne forgjengaren til Compagnie des Indes Orientales, var ikkje eit aksjeføretak og vart finansiert av staten. Kongen gav òg selskapet evig konsesjon for øya Madagaskar, samt andre område som dei klarte å erobre.

Selskapet klarte ikkje å grunnleggje ein vedvarande koloni på Madagaskar, men opprette hamner på dei nærliggande øyane Bourbon og Île-de-France (i dag Réunion og Mauritius). I 1719 hadde selskapet etablert seg i India, men var då nesten konkurs. Same året vart Compagnie des Indes Orientales av John Law slått saman med andre franske handelsselskap til Compagnie Perpétuelle des Indes).

Mogulriket vart svekka valde franskmennene å blande seg inn i indisk politikk for å verne interessene sine, hovudsakleg ved at dei danna alliansar med lokale herskarar sør i India. Frå 1741 følgde franskmennene under Joseph François Dupleix ein aggressiv politikk ovanfor både indarane og engelskmennene til dei omsider vart slått av Robert Clive.

Selskapet klarte ikkje lenger å oppretthalde seg sjølv finansielt og det vart nedlagt i 1769, om lag 20 år før den franske revolusjonen. Kong Ludvig XVI gav i 1770 ut eit edikt som gjorde at selskapet måtte overføre alle eigedommane sine til staten. Kongen sa seg då villig til å betale gjelda og obligasjonane til selskapet, men aksjeeigarane fekk berre om lag 15 % av pålydande verdi av investeringane sine då selskapet vart avvikla i 1790.[2]

Fleire indiske handelsplassar, som Pondicherry og Chandernagore, vart verande under fransk kontroll til 1949.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Caron lived in Japan from 1619 to 1641. A Collector's Guide to Books on Japan in English By Jozef Rogala, p.31 [1]
  2. 2,0 2,1 Shakespeare, Howard. The Compagnie des Indes. Vitja 1. januar 2009.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]