Det franske nasjonalvåpenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Det franske riksvåpenet)
Det franske nasjonalemblemet

Det franske nasjonalvåpenet vart innført i si noverande form i 1953. Frankrike har ikkje hatt eit offisielt riksvåpen sidan 1870, men nyttar i staden eit nasjonalvåpen med symbol frå revolusjonen; eit sigdforma skjold med monogrammet RF, for République Française (Den franske republikk), og med ein bord, som endar i to løvehovud, som ramme, alt i gull. Bak skjoldet er eit risknippe med gulløks, flankert av ei eikegrein og ei olivengrein, begge i gull.


I 1999 tok regjeringa og departementa i Frankrike i bruk ein eigen logo, som er basert på trikoloren, der det kvite midtfeltet er forma som ein silhuett av kvinnefiguren Marianne, som er symbolet på Frankrike. Under flagget er det eit tekstfelt med devisa Liberté · Égalité · Fraternité (fransk, «Fridom, likskap, brorskap») og det offisielle namnet på staten: République Française.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Frankrike – flagg og våpen» i Store norske leksikon, snl.no.